Gå til innhold
  • Bli medlem

Snorkelføre på Skorta (1711moh) i Eresfjord (9.april)..


Anbefalte innlegg

Skrevet

Det hadde ramla 40cm med pudder om natta, turen vart lang og tung. 2 timar til Kanndalssetra og 5 timar derifrå til topps. (Normalt går ein vel på ca 4 timar). Vi var 6 stk som brøyta på skift.
Ned igjen hadde vi ca 1000 høgdemeter med perfekt "Snorkelføre"!!
Heilt fantastisk, i tillegg skein sola frå skyfri himmel!
skjorta1.jpg
Skjorta frå første garden over vassverket i Eresfjord (vegen mot kanndalssetra)

skjorta3.jpg
Første verkelege stigninga, utsikt mot kanndalssetra
DSCN3390.JPG
Toppen i sikte, men det er tungt i all snøen....Foto: Kjetil Melheim
DSCN3420.JPG
Snorkelføre! Foto: Kjetil Melheim
DSCN3422.JPG
Underteikna i god driv Foto: Kjetil Melheim

Vis rapporten i Turkartet

Annonse
Skrevet

Retur same veg ?

Veit nokon korleis det står til nede i Kvidalen etter at flaumen herja for eit par år sidan ?

Skjorta-Kvidalen (1500 m) er mellom favorittnedkøyringane mine.

Skrevet
Retur same veg ?

Veit nokon korleis det står til nede i Kvidalen etter at flaumen herja for eit par år sidan ?

Skjorta-Kvidalen (1500 m) er mellom favorittnedkøyringane mine.

Retur ned i Kvidalen.. Er jo kongeskogskøyring der!! Problemet var berre at det var ca 1 meter med våt gjennomslagssnø som var umogeleg å styre i samt at skia grov seg ned til du stod med snø opp på låret. Framlengs kråkestup som einaste løysing på elendet.

Ellers er det ei fin elv som lyt traverserast. Dette baud på få problem. Men brua som skulle vere der (etter kartet) var berre nokre forvridde stålstumpar. Uansett er du jo komt ned når du skal over elva så det gjer jo ikkje noko om ein blir litt blaut på føtene.

Var på skjorta i 5. mars eller noko slikt. Då hadde vi 40cm laust fluffy pudder i skogen (glasert ovanfor).. Er den feitaste skogskøyringa eg har opplevd i Noreg i allefall.

bertil

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.