Eg er nybyrjar på tørking, og lurar på å lage mitt eige ostepulver av ein eller annan kvit ost. Har hatt med parmesanpulver før og har vore nøgd med det. Men det blir jo ganske dyrt, då!
Har nokon erfaringar å dele? Eg har ikkje dehydrator, så eg tenkjer å tørke osten i steikeomn med varmluft. Kva er lurast, tru? Tørke ost i skivar eller terningar? Eller rive osten fyrst?
Tips om ostesortar, temperaturar og tider?
Flott med innspel, så slepp eg å gjere dei same tabbane som andre har gjort! Mat er trass alt ikkje leiketøy …