Hei
Er i sluttforhandlingar med meg sjølv anngåande kjøp av nytt telt, men trenger noko innputt for å komme heilt i mål.
Eg har akkuratt kvitta meg med eit tresesongstelt frå helsport, grunnen til dette er at i sterk vind vert det kraftig gjennomtrekk i teltet, også innerteltet.
Eg ønskjer no eit telt til bruk så vel sommar som vinter, så eg går for eit såkalt firesesongerstelt. Tykkjer og at tunneltelt er svært praktisk, og etter ein del lesing på nettet står eg i praksis igjen med to alternativ. Fjellheimen Xstrem 3 frå Helsport og Nammatj GT 3 frå Hilleberg. Begge desse ser ut til å tilfredstillle mine krav til plass for bagasje matlaging og diverse.
Slik eg ser det har nammatj GT ein fordel anngåande vekt, medan fjellheimen har stommatter noko eg ser på som ein fordel. Har og lese ein god del innlegg på denne sida anngåande lekasje i hilleberg telt, samt mykje støy frå blaffrande duk, mens eg har sett lite om fjellheimen xstrem
Er det nokon som har erfaring med desse to telta, og kan anbefale det eine framnfor det andre.