Hei!
Eg er ei jente i midten av 20- åra som har lyst å gå ein rundtur i Jotunheimen eller Hardangervidda i begynnelsen av august. Eg er vandt til å gå dagsturar i fjellet, men er uerfaren når det kjem til lengre etappar, navigering ol. Eg skal ha med meg hunden min, men blir ellers aleine. Eg har bil, og tenker å sette av 3-5 dagar. Tanken er å bu på turisthytter, for å ikkje gjere det for komplisert. Det er viktig at løypa er tydeleg merka, og at eg kan starte og avslutte turen på samme plass. Eg er også open for å kun vere på ei turisthytte, og ha den som utgangspunkt for dagsturar. Eg har søkt litt rundt på nettet, men har ikkje klart å lande på noko. Eg syntes egentlig at Hardangervidda blir litt for flatt, mens i Jotunheimen blir dagsetappane ofte lange og ein ender gjerne opp ein annan plass enn startpunktet. Hadde blitt veldig glad for tips, ettersom eg har gått meg litt vill i jungelen av råd og artiklar på nettet 🙂