Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Søk og du skal finne: http://www.fjellforum.no/topic/7519-tysklands-høyeste-kommersialisert-til-tusen/?hl=zugspitze http://www.fjellforum.no/topic/11166-kollektiv-reise-til-togtinden/?hl=zugspitze http://www.fjellforum.no/topic/11994-zugspitze-med-togbane/?hl=zugspitze http://peakbook.org/peakbook-element/4153/Zugspitze.html
  2. Om gruppe to var så stor at den kan reknast som ei hovudgruppe i generalisering så burde ulykkesstatestikken for turfolk gå gjennom taket. Skal du fyrst generalisere trur eg det er betre å generalisere på kunnskapsnivået innafor det nivået ein friluftslivutøvar praktiserar. Sidan du dreg fram motorsykkelrisikoen som eit problem så kan eg tilføye at ulykkesrisikoen for mc har gått drastisk ned til tross for at media gje motsatt inntrykk. Det er også få grupper i samfunnet som brukar så mykje penger frivillig på sikkerheitsutstyr som mc folk. Med andre ord: For meg framstår avgjerelsen om å kutte ut mc i frykt for skade noko hysterisk. Og det er kjernen, kunnskapsnivået (og ferdighetsnivået) er avgjerande for om ein aktivitet er hasardiøs eller ikkje og det går på tvers av alle grader med friluftslivaktivitetar.
  3. Nokon som har vært på Sognefjellet, Strynefjellet eller Valdresflya i dag og har noko informasjon om korleis det var der?
  4. Berre hyggeleg. Årsaken til at eg posta den er at eg oppfatter BigFoot temaet som så søkt at eg drog likhetstrekk mellom deg og Johanne. Etter å ha sett konsekvensane av postinga delar eg Jan Arne's reaksjon. Er litt usikker på kven som egentleg er trollet her...
  5. No er vi vel litt inne på noko som vart diskutert i ein tidlegare tråd: kva er friluftsliv? Men ja, enig med deg...
  6. I want to believe...
  7. Interessa låg nok latent (tok blant anna jegerprøve som valgfag på videregåande som 16 åring) men det var eit år i Oppklaring (aktiv og prioritert avdeling) som fekk sparka meg igang.
  8. Undrast på om trådstarter kjenner Johanne? http://www.fjellforum.no/topic/17482-drept-av-ukjent-rovdyr/
  9. Medias omtale er eit symptom på problemstillinga. Det kan da ikkje være så vanleg med ulv da observasjoner medførar oppslag i rikspresse. Likevel oppfatter mange det som "nå er ulven overalt, vi har den da heilt inn på dørhella". Eg er frå Vinstraområdet og eg skal seie statusoppdateringsfelta på facebook gjekk varme igår...
  10. Hadde det enda berre vert prat om lokalavisa, men også dagbladet og vg kastar seg på kvar gong nokon ser gråbein. http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10102600 http://www.vgtv.no/embed/?id=27492&track=article
  11. Det kan være svært vanskeleg å beregne været i fjellet. Intervjuobjektet i denne artikkelen: http://www.gd.no/nyheter/article6612060.ece har nok meire turerfaring enn dei fleste på forumet her, likevel holdt det på å gå galt. Er også enig med Ruggen. Dei problema/tabbane/forholda som forårsaker situasjoner som denne er noko dei som ferdast i fjellet bør være klar over og eg tvilar på at diskusjoner med spekulasjoner om kva som har gått galt kvar gong hjelper noko mot framtidige hendingar. Når eg ikkje subber rundt i fjellheimen hendar det eg køyrar litt mc. For mcfolk er www.bike.no kva fjellforum.net er for turfolk. Kvar gong media skriv om ei mculykke (somregel dødsulykker) er det ein konkurranse om å være den fyrste til å poste link på forumet. Alle veit det er ein risiko å køyre mc, på samme måte som det er ein risiko å reise til fjells. Vi veit om risikoen, tek våre forhandsregler, krysser fingrane og håper på det beste. Om det mot formodning skulle gå galt så er gevinsten ved dei x-antall vellukka turane verdt den risikoen med påfølgande konsekvensar. Kan forstå behovet for diskusjon når nye moment slår inn og forårsakar ulykker men kva effekt har stadig repetering av dei samme problemstillingane? Når det er sagt er eg enig i at diskusjonen har gått i god tone men angåande Thoreau sin kommentar så vil eg poengtere at også norske folk dør i fjellet. Og av 2000 (tilfeldigt tall) sør/mellom-europeere som vitjar norske vinterfjell er det dei som kjem ut for uhell du vil høyre om. Edit: tyrkleif
  12. Har ein følelse av at det sitt eit par moderatorar å klør seg i hovudet over kva dei skal gjere med denne tråden no...
  13. Beklager å strø salt i såra, men til tross for litt vind var det MEGET fine forhold for tur innpå flya laurdagen og vegen opna att litt utpå dagen.
  14. Største reven som nokon gong er sett i Norge isåfall. Det var to spor, i snorrett linje over fleire hundre meter. Skia på bilete er 210 lang. Den påfølgande sumaren skaut dei to ulver ti til femten kilometer lenger nord (Kvamsfjellet).
  15. Husker ikkje heilt sikkert men åtte til ni timer inn med tung sekk (sovepose, telt, kokeutstyr og liknande). Med den dagslengda som er no bør det ikkje være noko problem å klare Surtningssui på ein dagstur om ein er litt vant med å gå i fjellet. Det er køyrt skiløype frå Heimsand og inn til Russvatnet.
  16. Støttar siste taler. I området her var det stor aktivitet med ulovleg skuterkøyring for nokre år sidan. Politiet mobiliserte med skutere og helikopter. Fleire måtte donere tildels store ekstrabeløp til statskassa noko som virka svært avskrekkande på resten av miljøet. Den prevantive effekta med helikopter var ekstemt effektiv, flesteparten fant seg nye interesser og rekrutteringa var minimal.
  17. Har ikkje noko peiling på treningsrutiner men skyter frå hofta: Sett ned farten opp bakkane så du klarer å gå lengre enn 20 til 30 meter mellom kvar pause. I utgangspunktet kan ikkje eg fordra tekniske duppeditter som pulsmålere og liknande men i ditt tilfelle (kols/astma) kan det være ein ide?
  18. Molby gjekk frå Bessheim, over Russvatn, opp etter Blåtjønnåe, over Surtningssuoksle og opp på ryggen nord for toppen til Surtningssue. Hardt men greit skiføre.
  19. http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=35&t=45376&hilit=kifaru
  20. http://www.fjellforum.no/topic/6376-skifte-lim-pa-feller-hvordan/page__hl__fellelim
  21. For dei som byrjar med friluftsliv no så er det den type utstyr du får kjøpt. I tillegg køyrar media reklame og/eller skremselskampanjer over alt utstyr du MÅ ha for å være trygg på tur så mange med meire lyst enn forstand overfyller utstyrsboden. Det viktigaste er å få folk på tur. Mange i dette toppturtrendsegmentet vil raskt falle av og finne andre interessar men nokon vil kanskje klamre seg fast og etterkvart vil dei lære meire om kva som er nødvendig og ikkje. Og som hobbyfotograf likar eg godt trenden men skarpe farger på klær og utstyr, det gjer seg litt betre på bileta. Ein einsam svale gjer ingen vår, men eg kjennar til fleire som har langt feitare, større og dyrare utstyrsbod enn meg men ikkje er langt nær så ofte på tur. Og no vil ikkje eg påstå at eg er av dei mest aktive heller, sjølv om enkelte vil meine eg er litt meire aktiv enn gjennomsnittet...
  22. Har jakta mykje med pumphagle sjølv og likar det godt. Den er driftssikker, lett og robust. Har satt inn trangaste choken noko eg synes funker greit. Må berre la være å sikte midt i brystet på nært hald...
  23. Trur ikkje vegen inn til Spiterstulen opnar før litt utpå vinteren. Frå Gudbrandsdalssida kjem du inn til Gjendesheim via Rv 51 og til Leirdalsmunningen via Rv 55. Meiner det er brøyta inn til Raudbergsstulen og eit lite stykke inn Visdalen. Kjenner ikkje til status til vegen inn til Glitterheim, men du kjem ikkje langt frå Randsverksida så du må eventuelt prøve frå Brimi fjellstugu og innover. Gjendesheim er eit godt utgangspunkt da to mil over isen er kjapt unnagjort og plasserar ein på Gjendebu med fleire turalternativ rundtomkring. Eventuelt rusle inn på Valdresflya og leggje campen der. Andre får svare for tilgangen frå vestsida.
  24. Isfalla mellom Sjoa og Otta er i Bjørndalsbekken og Mæhlumsåa. http://www.fjellforum.no/topic/11786-isklatring-i-sjoa/ Andre kjente stader i området er Jukulkula ved Lalm og Isumsbekken på Sør Fron (Hundorp).
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.