-
Innlegg
1071 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
No er det langt mellom kvar gong nokon skuldar meg for å være ein feinschmecker men syns Lagavulin og Laphroaig smakar relativt likt. Angåande båtpuss, har ei flaske Ledaig (Isle of Mull) ståande som reklamerar med: Sweet briny smokiness with a distinctly island character that hints at mild antiseptic, creosote, wax polish, mint chocolate and floral seaside aromas. Utruleg nok er ikkje denne noko spesielt god...
-
Har hatt relativt mange fisketurar med betydelege misforståingar. Svært fornøyelege misforståingar; ser fram til fleir av dei. Elles er Islaywhisky ofte å finne i sekken på turar. Lagavulin har små 20 centiliters turflaskar. Passar perfekt til ein liten klunk på toppen. På polet finn ein også Talisker i same format, den er heller ikkje å forakte.
-
Definer bruk før du vel ski. Skal du på Vestlandsturar med rett opp og rett ned eller Austlandsturar med lang innmarsj, litt opp, litt ned og så lang utmarsj? Køyre pudder eller skavlar? Brattkøyring, skogskøyring, lange feite svingar i høg fart eller tett sikk sakk mønster? Rando eller Telemark? Er det viktigast med bra køyring ned eller er det viktigare med lite vekt opp? Har du mykje stål i beina får du meir ut av dei lettaste skia på veg ned. Har du mindre stål treng du litt tyngre ski for nedkøyringa men det vil samstundes suge meir kreftar på oppoverturen. Skal skia brukast mest i bakke og litt på topptur eller er det reine toppturski? Kor mange kilo kroner vil du leggje i skipakka? Litt info her: http://www.fjellforum.no/search/?&q=toppturskinybegynner&type=forums_topic http://www.fjellforum.no/search/?type=forums_topic&q=toppturski
-
Du kan bruke fjellski på dei fleste toppturar. Forsøk dei fyrst før du vurderer om du vil gå opp i vekt på ski for å få ei betre nedkøyring.
-
Støtter dei som meiner feller luggar nedover. Mi erfaring er at feller i nedoverbakke er svært ustabilt og fort kan ende i tryn,
-
Båe jobbane kan jo kombinerast. :)
-
Jubileumstopp. Storheia-566 moh. Trondheim
Gal Krokfot svarte på Dag G - Evje sitt emne i Turrapporter
Gratulerer med både dagen og toppen. Om du drøyar kommunetoppjakta noko slepp du ein del lettare unna da kommunesamanslåinga tek knekken på ein del av dei.- 6 svar
-
- 1
-
-
Har same lykt. Min blinkar når batteriet byrjar å tære på kreftane. Noko den gjer ofte da lykta ikkje kan oppbevarast i ei lomme, ein sekk eller nokon andre liknande stader utan å slå seg sjølv på og ladast ut. §£#$&% drittlykt!!!
- 12 svar
-
- 1
-
-
Vil poengtere at DNT ikkje har "opphavsretten" på mange av desse rutene. I Rondane og mange andre stader er merkinga lagt etter gamle ferdaveger for folk og dyr. Det er ikkje utan grunn ein ofte må ta ein liten sving rundt reinsgraver når ein fylgjar DNT råk i Rondane.
-
Litt vanskeleg å seie sikkert men kan sjå ut som fjellvåk. I så fall svært markant "knokkelform" under vingane. Har opplevd fjellvåk svært nærgåande, ned til eit par meters avstand. Vedlagt foto av fjellvåk frå Rondane 2014.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Kundeservice, enkelheitshensyn, reklame effekt, forretningsavtalar, et cetera, et cetera. Andre private hytter gje også rabatt til DNT medlemmar.
-
Spiterstulen er privateigd og DNT har ingen påverknad på drivarane.
-
Er det nokon som har padla Grimsa / Atna og har detaljert informasjon om kor det lønnar seg å gå i land for bæreetappar og sette ut att kano? Tips om fine leirplasser og sjåverdigheitar nedover langs elveløpet er også velkomne.
-
Falketind og/eller Hjelledalstind for en uerfaren toppbestiger?
Gal Krokfot svarte på kjetilkl sitt emne i Fjellvandring
Svaret på fyrste spørsmål, ja. Forutsett at du er litt fjellvant og tolar litt luft. Sørsida av breen er vurdert som relativt trygg. Men det er bre, du får ingen garantiar. Elles går det an å gå på morenemassane ved sidan av breen men dei er svært lause. Vestryggen til topps er også eit luftig alternativ. Kan føye til at fonna ved 1291 vatnet var smelta nesten heilt bort da vi gjekk utatt den vegen i september 2011. Brukar du søkefunksjonen finn du vel nokre turrapportar frå både Falketind og Hjelledalstind her på forumet, om ikkje: http://peakbook.org/peakbook-element/354/Falketind.html http://peakbook.org/peakbook-element/582/Hjelledalstinden.html -
Eg skal på tur.
- 13 svar
-
- 8
-
-
Falketind og/eller Hjelledalstind for en uerfaren toppbestiger?
Gal Krokfot svarte på kjetilkl sitt emne i Fjellvandring
Hjelledalstind: Det er ikkje sikkert vi fant enklaste ruta opp men da vårt lag var oppe der i 2013 valde dei fleste å sikre opp. Nokon snudde også. Dette var rett nedunder toppen. Eg oppfatta det punktet som langt meir utsett enn Falketind. Falketind: Pionerruta går opp frå Snøggeken mens det er normalruta som går opp frå Andrevatnet. Normalruta er lengre men enklare. Dog to problempunkt der også. Det fyrste er ei fon du må over ved fyrstevatn (1291). Er den isa bør du ha steggjern og isøks elles kan du få ein lang aketur med påfølgande bad. Det andre er opp frå Andrevatnet over nokre sva. Forholdsvis enkelt om du finn rett rute men kan følast luftig/utsett. Kanskje mindre moro med regn på svaet... Husk, det viktigaste du tek med på tur er sunn fornuft! -
Vart det nokon tur rundt Otta?
-
Det vart ikkje nemnt om sikteskiva skulle være påkledd eller ikkje... Her Formokampen, Sel i Gudbrandsdalen.
- 27 svar
-
- 3
-
-
Ved nordaust enden av Selsvatnet ligg det ein gapahuk. Med den som leirplass vil eg tru snøen er smelta så det er greie forhold for fottur opp til Steinkyrkja. http://peakbook.org/peakbook-element/54396/Steinkyrkja.html I Øldalen (nordvest for Vinstra) finn ein fleire leirplassmoglegheitar inn langs vegen. Den lokale trimgruppa har trakka sti opp til Teigsætra. Kanskje er snøen smelta nok til at det går an å fortsette til Bjørnsonsprofilen. http://peakbook.org/peakbook-element/51392/Bj%C3%B8rnsonsprofilen.html Mange fjellvegar har gode leirplassmoglegheitar (men begrensa fotturalternativ no, litt tidleg på sesongen enda). Eksempelvis Eftasåe på Dovre, Horgesætrin i Sel, Høvringen i Sel, Busætrin i Sel, Gravdalen i Nord Fron. Ved Busætrin kan turmål være Pillarguri og Tokampen. Tokampen har to bonusar i form av Sameti (hytta til Marcello Haugen - bruk Google) og ei bygdeborg. Forutsett sjølvsagt at snøen er smelta nok til at ein kjem seg fram til fots. Vil tru at også vegen opp frå Hjellum er brøyta men har ikkje køyrt den i vinter. http://peakbook.org/peakbook-element/54730/Sameti.html
- 10 svar
-
- 3
-
-
Nokon som veit kor langt inn ein kan køyre Brøstdalen no?
-
Skal dykk gå fotturar eller berre ligge i leir? Kor langt frå Otta kan leiren ligge?
-
Vi var eit følgje på tre, to gutar og ei jente. Eg er lett kjenbar med ein skihjelm som friflyt sossen i sin tid kåra til tidenes styggaste... Er delvis einig i at det nok var eit mindre farleg ras. Men jenta i følgje vart med raset heile vegen nedover og ho satt godt fastskrudd til over knea da det stogga. Om ho hadde velta og enda med hovudet under i staden hadde det nok ikkje vært lett å kome seg laus åleine... Eventuelt om nokon hadde blitt treft av raset og velta med same konsekvensar. Siste alternativ var faktisk reelt da to skiløyparar på veg opp så vidt unngjekk raset. Lite reaksjonsevne også på dei to. Jenta ropte opp til oss at ho satt fast, dei gjorde ingen mine til å snu å hjelpe ho laus, da eg køyrte ned og forbi dei stod dei å filma rundt seg. Etter min oppfordring om å forlate området da eg passerte luska dei svært bedageleg vidare opp bakken. At det var eit ufarleg ras var heller ikkje i mine tankar da eg såg snøen krakelerte opp imellom oss. Panikken og hjelpeslausheita råda og ufatteleg mange "worst case" senario om korleis det skulle gå med ho spant rundt mellom øyrane mine...
- 16 svar
-
- 1
-
-
Hvem har forslag til rute med spektakulært utsikt?
Gal Krokfot svarte på Lindap sitt emne i Fjellvandring
Kalvehøgdmassivet ved Valdresflya med dalturer vidare innover Gjendealpane må vel tilfredsstille "spektakulær" kravet? Rondane har også mykje bra å bjo på.- 28 svar
-
- 1
-