Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Nokon som veit korleis isforholda er på Bygdin og Gjende nå?
  2. Loftet og Store Smørstabbtind er to fine turer som eg har gått, men som ligg litt lengre unna Leirvassbu. Store Smørstabbtind er også best å ta frå Sognefjellsida. Storebjørn er ein påske klassiker. Og Leirvassbu er generelt kjent for å være eit av dei bedre stedene for å sanke mange 2000 meteringer. Sjekk www.etojm.com
  3. Får "bumpe" oppatt denne boktråden litt... Er det nokon som har lest Rolv Ødegaards Skispor i Fjellet? Og er den isåfall bra?
  4. Alaskaboka til Lars Monsen heiter "Til fots gjennom Alaska" Slenger meg på spørsmålet til Anderfo lenger oppe her, er det nokon som veit kor eg kan skaffe meg Barske glæder? Har søkt etter den boka i eit par års tid nå uten resultat. Blant råe maxhardcoreekspedisjonsbøker på lista her kan eg også anbefale Jerome Klapka Jerome's Tre menn i ein båt for ikkje å snakke om hunden. Ein litt mindre og ikkje fullt så prangande ekspedisjon på elva Thames, men likevel meget fornøyeleg lesing. Boka kom ut nokre år etter Tre i Norge ved to av dem og kan virke svært inspirert av den på stil og tone. For dei av dere som har problem med å finne bøker som har gått ut av salg så er http://www.antikvariat.net/ eit godt tips.
  5. Det ser ut til at eg får ein to til tre ukers tid å slå ihjel i Alaska og/eller nedover vestkysten av Canada i slutten av Mai. Er det nokon som har noko informasjon om snø og værforhold på den tida og tips til fine toppturer på ski i det området?
  6. Eg er vant med navnet Muinn om Heidalsmuen (eventuelt Mukampen som Dalegudbrand seier, kjært barn har mange navn). Seier du Muen til meg så tenkjer eg automatisk Heidalsmuen, dette er geografisk betinga i og med at eg bur nærmest Heidalsmuen. Er Ringebusmuen omtalt så er det poengtert at det Ringebusmuen for å understreke at det er ein anna enn den rette Muinn. Det samme gjelder vel andre vegen for dei som bor i Ringebu og omegn? Panda: Stoppforbudet gjelder ikkje heile vegen over Venabygdsfjellet. Dei største hyttefelta er utenfor strekninga med stoppforbud.
  7. Og gjett kva lokalbefolkninga kaller den??? Utroleg nok forkorter dei det til Muen (Muinn, dialektform). Og det samme er tilfelle med RingebusMuen.
  8. Jaha? Kva med Heidalsmuen?
  9. Tror Surtningshui skal være ein grei topp, går sjølv å grunner på denne som ein tur i vinter. Har ikkje nokon erfaring med truger men eg vil tro at den er enklere og raskere og ta med ski.
  10. Det er mange Muer å velge mellom. Berre i mitt lokalområde har eg to, Ringbusmuen og Heidalsmuen.
  11. Gjekk sjølv Trollsteinseggi som Nils anbefaler i sommer. Drog litt langt ut på eit punkt og måtte ta hendene fatt for å komme meg oppatt ca 100/150 meter før toppen. Nedoveratt fulgte eg ryggen og fant det heilt unødvendigt å bruke hendene på det punktet. Måtte riktignok litt ned/ut frå ryggen rett før ei renne rett etterpå men den også er enkel. Alt i alt ein veldig fin tur.
  12. Ja, for Kniven Søre er eit veldig mykje betre alternativ. Vi har jo ikkje nokon bitopper frå før som berre kallest Søre, Nordre, Vestre eller Østre..... Essem: Så lenge det ikkje er eit navn på kartet så vil det heller ikkje kunne benyttes under ein redningsaksjon. Men så fort det blir eit offisielt vedtatt navn så er det også aktuelt å bruke det under redningsaksjoner. Kva er alternativet i dag ved ein slik situasjon? Uansett om vi kaller den Sauen, Kniven Søre eller noko anna så bør ein fast navnbruk etablerast og den må starte ein stad.
  13. Min erfaring med Madshus Glittertind er at dei er fine turski men har begrensa bruksområde på toppturer og nedoverkøyring. Ved råtten eller løs snø bryt dei gjennom momentant og ved køyring med tung sekk blir dei fort ustabile.
  14. Da har eg nedverdiga meg sjølv til å kjøpe Dagbladet i dag og til min store fortvilelse så kjem ikkje artikkelen før NESTE Søndag Så da må eg vel til pers at neste Søndag....
  15. Korleis får du sjekka reinposisjonen? Sjølv reinstelefonen under jakta er i bestefall usikker siden reinsdyra beveger seg over store områder. Er forøvrigt ein gryande kiter sjølv og har tenkt å utnytte det til turer i høgfjellet, men da utenom utsatte villreinområder.
  16. At ein risikerer horder med utemma tømmerhoggere og ei formidabel metangassforgiftning ved overnatting i sovesal må ein berre leve med. Om ein ikkje tåler det så får man leie enerom eller finne anna overnatting. Men pottesur og lite serviceinnstilt betjening er ikkje akseptabelt. Det er fullt lov for dei å meine at kunden er ein idiot men dei skal ikkje gje uttrykk for det. Som kunde forventer eg at alle mine "dumme" spørsmål blir besvart på ein høfleg og korrekt måte. Og den hyttebetjeninga som ikkje oppfyller dei krava fortjener fullt ut å bli hengt ut her. Istedenfor å gå i skyttergrava og syte over at kundene klager over ubetydelege ting som andre turister i fjellheimen, snorking&fjerting på sovesal o.l bør dei lese gjennom tråden, sjå kva som er konstruktiv kritikk og prøve å lære litt av den.
  17. Nokon som vet kor dyra står i Vulufjell og Sel & Nordre Kolloen?
  18. Ringte til Spiterstulen før Galdhøpiggrennet i vår for å bestille overnatting. Fekk inntrykk av at resepsjonistdama syntes eg var dum da eg ikkje forstod at det var fullboka pga skirennet og fordi eg stilte spørsmål om snøforhold. Eg hadde ikkje sagt noko om at eg skulle være med på rennet og for dei fleste som står utenfor Telemarkmiljøet så er nok Galdhøpiggrennet eit ukjent fenomen. Telefonsamtala slutta med at kjerringa slengte på røret uten å si hade eller noko anna før eg hadde fått prata ferdigt. Opplevde også å stå i køa ved resepsjonen da det kom ein mann og spurte resepsjonisten om det var muleg å bruke badstua. Svaret var da "Du må jo forstå at vi ikkje har folk nok til å holde oppe dei fasilitetane nå" i ein svært brysk tone før hun snudde seg bort og fortsatte med ein anna kunde. Mannen vart svært forfjamsa men fekk stamma ut av seg at han syntes det var ein svært uhøfleg måte å behandle kunder på. Resepsjonisten reagerte med å trekke på skuldrene og late som om hun ikkje forstod. Mange andre i køa reagerte også på denne kundebehandlingen.
  19. It's worth it! You could do alot worse!
  20. Free youre heel, free youre soul!
  21. PS: Ikkje forvent å bli nokon førstegongsbestiger på Ringbusmuen som Nils nevner tidlegare her. Etter å ha slitt meg opp mot toppen der forsto eg korleis Carl Hall måtte ha følt det da han besteg Romsdalshornet og fant ein varde på toppen...
  22. Nåja, kan køyre rimeleg aktivt på Telemark også: Men rett skal være rett, mange, som blant annet Davo Karnicar køyrer randonne og eg skal være litt forsiktig med å kalle han "chicken" Har du to stykker som køyrer ned ei fjellside, ein på randonne og ein på Telemark så får garantert feite Telemarksvinger all oppmerksomheta. Det er eit praktfullt syn å sjå gode telemarkskøyrere i fri utfoldelse. For å låne eit sitat av P.W Zapffe, så står randonne til Telemark som bokøl står til champagne Desverre må mange gamle Telemarkshelter gå over til randonne for å minske kneslitasjen.
  23. Kjøp eit kart over området og studer det. Store Ramshøgda er ein populær topp. Du kan også gå inn Vuludalen og ta ein av toppane deromkring, Blåkollen, Hornflågan eller Bågåskardshøgdin (litt lengre tur). Opp gjennom Vuludalen er det masse gamle reinsgraver og gravhauger som er verdt ein stopp også. Utsikta blir betre til lengre nord du trekker i området.
  24. Smaken er som baken, delt. Eg meiner Telemark er best, men litt vanskelegare å lære og tyngre å praktisere. Randonne er "chicken" utveg...
  25. Ok, takk for svar! Da hadde eg ikkje "mista" ein topp...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.