-
Innlegg
1071 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
Sorry mac, når unntaka er mange nok er vi ikkje unntak lengre. Forstår godt at scootertilhengere vil framstille dette som ein debatt mellom by og land for så å stemple alle motstandere som byidioter som aldri har vært nord for Sinsenkrysset men faktumet er at vi er mange motstandere på bygda og. Nyttekøyring er bra (Røde Kors, næringsøyemed og liknande) men mykje av det som definerast som næringsøyemed i dag er latskap og fornøyelseskøyring.
-
Ifølge dei som jobber i vatn og avløpsetaten i Oslo så er rotteproblemet overdrevet.
-
Bruk auga litt neste gong du beveger deg oppover Østlandet... Kan bekrefte Agno sin påstand om viltpåkøyrsler. E6'en oppover Gudbrandsdalen har til tider vært eit gedigent slaktebord i vinter. Om Beech kan begrunne kvifor vi bør kvitte oss med halvparten av matprodusentane i landet på ein overbevisande måte skal eg vurdere å støtte hans sak. Men kommentaren var vel berre eit trollforsøk eller utløp for ei kunnskapslaus overbevisning?
-
Bre- og skredforhold i Jotunheimen
Gal Krokfot svarte på 500fjell sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Kjenner meg ikkje heilt att i dette. Har daffa litt rundt i heimen både før og iløpet av påska og skaren bar bra. Einaste unntaket var skogsområdet opp frå Memurubu. -
Desse kan nok gje svar: Lesja Fjellstyre Tlf.: 61217982 Åpningstid kontoret: onsd. torsd. fred. 9.00-15.00
-
Bre- og skredforhold i Jotunheimen
Gal Krokfot svarte på 500fjell sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Var på Spiterstulen forrige veke (reiste nedatt onsdag). Kan bekrefte det med lite snø og stor skredfare men det kan ha forandra seg mykje siden da. Det snødde lett da vi dro men eg trur uansett ikkje Visdalområdet er rette staden å teste ut nytt og dyrt utstyr no.... -
Transport rundt Fairbanks (Haster!)
Gal Krokfot svarte på Espen K sitt emne i Ekspedisjoner og utenlandsturer
Det er bilutleige på flyplassen, men det er kanskje kollektivtrafikk du tenkjer på? -
Nokon som kjenner til bra klatrefelt i Dovreområdet?
-
Min dom er at det var altfor mange folk til den traseen. Gjekk i kø heile vegen, freistar ikkje til gjentakelse. Speakeren på Rena skraut fælt av at dei no var større enn Vasaloppet men det hjelper ikkje når det ikkje er nokon kvalitet over det. Kvalitet teller meire enn kvantitet for meg. Neste år bør dei satse på fleire spor eller færre deltakere. Tida mi vart så som så...
-
Glitterheim - Memurubu (om vinteren).
Gal Krokfot svarte på thopet sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Ruta over Østre Styggehøbreen mellom Memurubu og Glitterheim er ikkje kvista i år på grunn av lite snö (sprekker i breen). -
Toppturer på ski med utgangspunkt i Memurubu
Gal Krokfot svarte på Tertitten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Jepp, eg gidd. Vart bomtur for oss. Dårleg vär og dårleg form (småforkjöla) hindra oss i å nå toppen. Det er hardt og skavlate der vinden har fått tak og djup sukkersnö der Even Beinlaus ikkje har rasa (til döme skogen opp frå Memurubu). Moderat rasfare. Utan at eg har for mykje peil på det vil eg seie mellom to og tre på fareskalaen. Det drönna godt i snöen fleire stader og eg klarte også å lage mindre flakutglidninger fleire stader. Generelt er det veldig lite snö no. Over Gjende går du på ei blanding av tjukk stålis og snöskavler hist og pist. God tur, det er ein knallfin topp! -
Toppturer på ski med utgangspunkt i Memurubu
Gal Krokfot svarte på Tertitten sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Har tenkt meg dit i helga. Trur Surtningshui i seg sjølv bør gå greit men er spent på snøforholda. I verstefall så vert det vassing i ein meter med sukker opp frå Memurubu. -
Nokon fotoeksperter som kan forklare ei fotoamøbe korleis ein stiller inn EOS 450D kamera for fotografering med bakre gardin? Det vil seie lange rom der ein bruker lukkeropningen til å fange avstanden og blitzen på nærområdet?
-
Eit par andre årsaker og. Adler er så vidt innom det med at du sitt relativt utsett til på ein mc. Helsinga er ikkje berre for å varsle om politi men også for andre faremoment. Eksempel bonde med traktor, sau, olje i vegen. Med ein del mckilometer på baken så må eg diverre konstatere at dei fleste begrenser seg til å advare om politikontroll (har dog spart meg for store ekstrabidrag til statskassa nokre gonger...) og ikkje reelle farer. Blant oss mcfolk sjølve er det forøvrig ein god del misforståelser om korleis helsinga skal praktiserast... http://www.bike.no/forum/thread.php?t=1671
-
Eg bruker siliconspray med godt resultat.
-
Det er ikkje Dørålsæter.
-
Turforslag en uke med muligheter for rypejakt
Gal Krokfot svarte på Herr D sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Stått opp med feil fot i dag? Utifrå dette sitatet i starten av tråden tolka eg det som om rypejakt var ei forutsettning for turen. Fjellbukken anbefalte forøvrigt turer utan fokus på jakt men du skulle absolutt trene bikkja. Om du vil ha vanlege turtips er det berre å søke på forumet her, du vil finne mange bra forslag. Siden du "har jobbet flere år i miljøforvaltningen under DN og Statens naturoppsyn i tett samarbeid med biologer og annet fagpersonell" kjenner du sjølvsagt til dette: http://www.ssb.no/emner/10/04/10/srjakt/ Og skal ei tolke avisartikler landet over vil resultata bli enda dårlegare i år. Rev, korp og måke er harde mot rypebestanden så å jakte dei er god rypeforvaltning. -
Turforslag en uke med muligheter for rypejakt
Gal Krokfot svarte på Herr D sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Sorry mac. Siden eg meiner det er feil å jakte rype når bestanden er så dårleg anser eg det som god jaktetikk å opplyse andre om det. Ei rype tatt ut i bunnår vil ha mykje større konsekvenser for bestanden enn ti tatt ut i eit toppår. Eg vil gjerne ha ein bra bestand å jakte på om ti år istede for ei i år, difor vifter eg gjerne med peikefingeren. Hadde det enda vært så vel. Men realiteten er at fjellstyrer og grunneigare ofte er såpass grådige at dei ikkje tenker lengre enn penger i pungen der og da. Foreksempel utvida Ringebu fjellstyre jakttidane men oppfordra jegerane til moderasjon på grunn av dårleg bestand... Angåande hundepoenget ditt så er det lite vits i å trene bikkja til rypejakt i år om det fører til at det ikkje er noko rype å jakte på neste år Det er irrelevant kven som har ansvaret for årets låge bestadstall. Poenget er at du ikkje skal ha dårleg samvittighet neste år for enda dårlegare bestandstall. Om du vil jakte, jakt rev, korp og måke. -
Turforslag en uke med muligheter for rypejakt
Gal Krokfot svarte på Herr D sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Eg får ta på meg jobben som festbrems og oppfordre deg til å la det lille som er att av rype være i fred. -
Tja... http://www.antonsport.no/s/c.aspx?cid=599&pcid=107
-
Skal du fyrst syte over dyr mat i Norge bør du sjå på totalen. Svært få land i verda har ein så høgt levestandard som Norge. Om du rekner på det utifrå lønn vil du sjå at nordmenn har att fleire kroner i lommeboka etter nødvendige utgifter som mat, straum, hus og bil enn dei fleste andre landa vi liker å samanlikne oss med. Dyre matvarer er (som du kommenterer) dei store kjedanes ansvar og ikkje bøndene. Det er ikkje uten grunn at to av Norges rikaste menn er kjøpmenn og ikkje gardbrukere... Norge er ikkje konkurransedyktige på matvarer men det er likevel viktig at vi har ei viss grad av sjølvforsyning. Ved ei eventuell krise kan vi ikkje være sikre på at USA og andre vil være på plass å hjelpe oss. Industri, media og dei fleste andre bransjer er også subsidiert i forskjellige former. Vil du kutte ut dei og? Subsidiering er heller ingen unik norsk politikk. Dei fleste land subsidierer næringslivet på ein eller anna måte.
-
Tydlegvis ikkje enkelt å finne ut av denne: http://www.gd.no/nyheter/article4876308.ece
-
Eg gjekk no lengre strekninger enn 3,5 kilometer åleine som elleveåring og da var mobiltelefoner kasser på 25 kilo, ergo lite aktuelt... Om det var uansvarleg i denne saken kjem an på kor vant gutten var med friluftsliv og så lenge eg ikkje veit noko om det foretrekk eg å la være å meine noko.
-
Lure triks for å unngå svihull i presenning ved bålfyring?
Gal Krokfot svarte på DoktorGjørelite sitt emne i Alt annet utstyr
@Nikki: Husker ikkje mengdefordeling men eg har hatt skogfag tidlegare og da lærte vi at bjørk var mest vanleg. Men det er godt mogleg det er eit definisjonsspørsmål. At gran er den viktigaste tresorten er rett. Bjørk brukes stort sett til ved og litt møbler og kjem ikkje opp i samme produksjonsvolum som gran. Ein ikkje ubetydleg del av bjørkeveden er i tillegg skattefri.... Også furu har langt meire kubikkmasse av tømmer enn bjørk. -
Kodiak anbefales. Sjansane for å sjå bjørn er brukbare da Kodiak har ei av dei tettaste bjørnestammane i verda. Men om dykk vil være heilt sikre på å få sjå bjørn bør dykk dra på bjørnesafarie med guide. Eit av alternativa er da sjøfly inn til Katmai kor dykk kan lande og studere bjørn på nært hald. Vi var på cirka 25 til 30 meter men guiden fortalte at dei ikkje var uvanleg at dei rusla forbi på 5 til 10 meter.... Banken i Kodiak er også verdt eit besøk. Der er det utstilt ein utstoppa Kodiakbamse, ein av dei største som er skutt. Andre aktiviteter på Kodiak er blant anna sjøfiske (leige fiskebåt), eit lite ølbryggeri og ein del festningsverk frå andre verdskrig som kan besøkes. http://kodiak.org/