Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Steggjern og øks hadde truleg vært nok for oss men forholda vil variere. Hadde også lest rapporter som beskreiv turen som svært enkel med stort sett avblåst, bart fjell. Så da vi kom opp og fant eit 30 centimeter tjukt pudderlag oppå hard skare var vi ikkje heilt forberedt for det. I tillegg så hadde det drønna jamnt og trutt i snøen heile vegen inn så vi var ikkje klare til å ta for store sjanser. Dette var i februar 2010.
  2. Forsøkte ruta frå Bessheim over Bessvatne i fjor men måtte gje oss midt oppe i eggen på grunn av utglidningsfare. Ta med litt sikringsutstyr so er den delen plankekøyring. Turen opp frå Memurubu er nok ein smal sak.
  3. Det var planen min også. Den vart redusert til ei runde rundt Åmotdalshytta, men det var av andre årsaker. Du unngår jo verste delen (Larsuri og Larstelet) når du går frå Skiferen. Skal ikkje uttale meg so mykje om forholda videre innover men Lesjasida bruker å ha noko meire snø enn Dovre, sjølv om det kanskje ikkje såg så bra ut. Vil anta at toppane der inne kan være svært avblåste og isete no. Veit du om vegen opp ved Sætra er brøyta heilt opp? Skal sjølv ta turen oppatt, men venter på meire snø eller sumar.
  4. Samtidig kan ein del av synsinga gjere uerfarne folk oppmerksomme på ein del faremoment ved friluftsliv. Eg meiner det er viktig å diskutere denne type saker og synsing er ein del av denne diskusjonen men ein bør være forsiktig med å trekke bombastiske konklusjoner før ein har all fakta på bordet. PS: No uttaler redningsmannskaper seg også om denne saken: http://www.dagbladet.no/2011/02/18/nyheter/skiulykke/innenriks/sirdal/15491883/
  5. Vert sikkert kjempedebatt om dette med påfølgande beskuldningar om inhuman jakt. Men forutsatt at ein stiller ein del selvfølgelege krav til bogejegerane (jaktprøve, maks skyteavstand og liknande) er ikkje dette mindre humant enn jakt med gevær. Har ingen interesse av å prøve det sjølv men ser ingen årsak til å nekte andre det.
  6. Om du ikkje har vært inne og sjekka sjølv enda so kjem det ein kjapp sitrap her: Skal ikkje skryte altfor mykje av skiforholda, stort sett lite eller ingen snø. Går greit inn til Reinheim (stikka løype frå Kongsvoll) men over Leirpullskaret er det litt baukete. Salig blanding av stein og kjøva is med eit tynt lag fjærlett puddersnø på toppen som dekka akkurat nok til at du ikkje ser om det er snø, is eller stein framfor deg. Spesielt ned Åmotdalen var steggjern betre egna enn ski på ein del felt. I iskjøvinga stakk det ofte opp stein som du ikkje såg (på grunn av snølaget) før skia satt fast på den med påfølgande tryn. At eg ikkje fekk beundra beinpipane mine etter den turen er fortsatt eit mysterium... Vær oppmerksom på mykje rein i området. Åmotdalen var heilt nedtråkka av reinsspor. Støkte sjølv opp ein flokk (150 par reinsauger ser diverre betre enn eit par Krokfotauger) som drog avgarde fleire kilometer nedover Stroplsjødalen. Oppsummering: Dette er ikkje turen du tek om du har nye ski som du er svært stolt av...
  7. Slingsby var fyrste REGISTRERTE bestiger av 160 fjell. Enkelte av dei toppane hadde nok hatt uregistrerte besøk tidlegare, men inntil det motsatte er bevist får Slingsby behalde æra for dei. Jens Esmark var på Snøhetta i 1798, Falketind og Romsdalshornet vart besøkt på 1820-tallet, Glittertind og Galdhøpiggren henholdsvis 1841 og 1850. Folk gjekk på toppane før Slingsbys tid men dei var ikkje i den grad toppfiksert som Slingsby og hans samtid.
  8. Vurderer å ta ein tur inn dit komande helg med Grønbakken som utgangspunkt. Trur det er raskaste veg inn no, men det er elendige snøforhold på Dovrefjell for tida. Gjøra og vegen inn mot Fjellgardan kan også være eit alternativ.
  9. Ok, takk for tips. Er ekstra stas om den kan tas som ein skitur, så da spørs det om eg skal satse på det istaden.
  10. Køyrte Riksveg 255 gjennom Espedalen i dag og fant ut eg hadde nok til til å svinge innom Helvete ein tur. Helvete er ei samling jettegryter danna under siste istid for omlag 10.000 år sidan. Før siste istid rant elva nordover mot Skåbu og Vinstra. Dette endra seg under siste istid og enorme ismasser la ekstra press på vatnet på tur sørover. "Sentrifugestrømmer" (får sikkert kjeft for denne formuleringa av geologer...) plukka med seg stein og skura opp gryter i berget. Sidan braut elva gjennom morenemassane ved Skåbu og vatnstraumen tok oppatt det tidlegare løpet ned mot Vinstra. Jettegrytane i Helvete er dei største i Nord Europa, opptil 50 meter djupe og 25 meter breie. Navnet Helvete kjem truleg av at området var trasigt å passere med hest og slede i tidlegare tider. Helvete er skilta frå Riksvegen og området er tilrettelagt med stor parkeringsplass og ein kiosk som er ope sumarstid. Råket ned til grytane er skilta og til tross for snø er det fleire som har vært dernede tidlegare så eg slapp å tråkke løype. Ned til grytane er det satt opp rekkverk så det er enkelt å gå heilt ned i dei og denne vinteren har gjort dei ekstra spektakulære med kjøving og istapper. Helvete hadde dog ein liten overraskelse til meg i form av eit mindre infarkt eg pådro meg da snøen ga frå seg eit solid drønn da eg var på tur ut til eine utsiktsplattforma... Og for dei som liker musikk til naturopplevelsane er det nokre sømmelege alternativ her: http://www.youtube.com/watch?v=ZrCw8po7JKo Lyset var dårleg i dag men eg legg ved nokre bilete.
  11. Ingen hjelp å få på denne?
  12. Folk har forskjellige begrunnelser for å velge anonymitet. Synes det er greit at dei som ønskjer det har den moglegheten sjølv om enkelte utnytter den friheta maksimalt. Får heller behandle dei tilfella der folk misbruker friheta ad hoc. I eiga tilfelle skal du leite lenge blant mine innlegg før du finn noko eg ikkje kan stå for ansikt til ansikt.
  13. Ser ikkje ut til at nokon klarer Dag G sin så eg supplerer med ei enklare ei.
  14. Temperaturen kan variere mellom +10 og -40 men vanlegvis vil den ligge ein stad mellom 0 og -15. Dette er imidlertid noko sjølv ikkje høgt utdanna fagidioter innen metrologi klarer å spå om så ikkje forvent fasitsvar på dette. Rondane er samanlikna med Jotunheimen eit relativt værstabilt og nedbørsfattig området, men det er fortsatt eit høgfjellsområde så ingen garantier kan gis. Du bør ha noko erfaring med vinterfjellet før du sett ut på denne turen. Bortsett frå det er det ein fin tur som eg godt kan anbefale.
  15. Ikkje så bra bilete, men det beste eg har.
  16. Start på Sør Fron og følg skoggrensa på austsida av dalen nordover. Da står du fritt til å halde litt opp i høgda og gå på fjellet eller trekke litt lengre ned og gå i skogen.
  17. Er vel greit å ha med klatreutstyret når ein skal ut på Bruri frå SS Svånåtind og?
  18. Og før det var Noah på kombinert båt og topptur og Adam og Eva var på utflukt i epleskogen.
  19. Bakdelen med kun linker er at om sida det linkes til vert lagt død utvikler Fjellforum.net seg til eit forum fullt av døde linker. At dykk blogger og linker til dei er irrelevant for meg men når eg klikker inn på turrapportsida vil eg helst lese rapporten der og slippe å klikke videre gjennom x-antall sider. Om Fjellforum.net's oppgåve kun var å generere lesere videre til forskjellige bloggere på tur så har vi allereie google.com til det. Her er eit utdrag frå netiketta til fjellforum.net: Om det linkes bør minimum det som er ønskja i utdraget over her stå på fjellforum.net's side.
  20. Nokon som har vært på Sjøboltinden og veit korleis det er å ta seg opp dit sumarstid? Er enklaste ruta frå Myklebustsætra over Kyrfonndalsvatnet og Bjørnevatnet eller går det an å ta seg direkte opp ryggen frå hytta i vestenden av Sjøbolet? Er det klatring på nokon av desse rutane?
  21. Eventuell betaling for løypane kan få uheldige ringvirkninger for stat og lokale næringsdrivande. Når eg går langrenn stopper eg somregel på lokale fjellstover og liknande og kjøper ein eplemost og kvikklunsj eller noko anna godt. Med betaling i løypane vil eg heller spenne på meg fjellskia og trakke mine eigne spor. No vil kanskje ikkje den jamne skiløper følge mitt eksempel og trakke eigne spor men mange vil nok velge å heller halde seg heime. Resultatet er mindre penger i kassa for serveringsstader som Kikut og Lillosæter og fedmeepidemien som vi er midt oppe i vert iallefall ikkje mindre.
  22. Er sikkert ein del som føler dei ikkje har språket nok i sin makt til å skrive turrapporter her da kvaliteten på mange av rapportane er svært høg. Og fokuset på dei høgaste og hardaste turane kan nok også føre til at mange føler at vanlege sundagsturer ikkje held mål. Eit anna poeng er at dei fleste vanlege turer allereie er beskrevet i tidlegare rapporter om ein bruker søkfunksjonen. Er ellers enig med Kjell Gunnar, leser ikkje rapporter som ein må klikke videre inn på andre sider for å lese.
  23. Langtfrå den største, men staseleg likevel: Digerronden. Varden på Store Dyrhaugstind vart reist i 1916 av den dåverande drivaren på Turtagrø. Litt av eit prosjekt... Og til dei som liker varderiving så er det ikkje berre i Børgefjell vardane kan ha historisk verdi. Vardebygginga er ein fleire hundre år gamal tradisjon så ein risikerer å øydelegge historiske og kulturelle verdier om ein riv "feil" varde.
  24. Sorry, skumma litt for kjapt gjennom innlegget så eg fekk ikkje med meg at klatretopper var ekskludert. Boka Fotturar på Sunnmøre har ein artikkel om seks eller sju topper som kan forsøkast på like mange dager. Slogen og Hornindalsrokken var med på lista, husker ikkje resten. Digresjon siden klatring var utelukka men er det nokon som har prøvd alle 2K toppane på Dovrefjell på eit døgn?
  25. Rondanes ti 2000 topper på 24 timer eller Dag G's prøve med dei ti høgaste 2K toppane på x-antall dager. Ellers så er det berre å finne fram kart og studere seg fram til ei passande oppgåve.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.