-
Innlegg
1071 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
8
Alt skrevet av Gal Krokfot
-
Knut Stabell har nok over gjennomsnitt mykje muskler i ankler. Så mange høgdemeter (nedovermeter) med joggesko for vanlege dødlege kan nok verta litt i overkant. Eg ville nok satsa på joggesko og fjellstøvler.
-
Sorry for linkfeilen. Forsøker ein gong til: http://www.fjellforu...h&fromMainBar=1 Om det ikkje funker gå til forsida og søk på "Rondane maraton" i to ord. God tur, skriv gjerne ein rapport. Edit: Ser samme feilen gjentok seg. Linkadressa vert redigert når eg trykker på svar. Folk med meire datapeiling enn meg får forklare kvifor, men informasjonen finn du som sagt ved å søke på Rondane og maraton på framsida.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Mykje info her men etter å ha lest gjennom heller eg nok fortsatt mot speilrefleks. Mitt amatørsyn er at det er større forskjell på speilrefleks og speillaust enn Canon og Nikon. Sidan eg allereie har Canon speilrefleks ligg Canon eit hestehovud framfor. Men pris og bildekvalitet er eit viktigare argument enn vekt så om det kjem eit knalltilbod på noko anna... Takk for info hittil.
-
TordFuglstad: Meinte speillaust systemkamera ja. Kan legge opp mot 8000 i det. Phaser: Vil sjølvsagt ikkje ha ubegrensa med ekstra vekt men er villig til å bære ein del tyngre for å få brukbare bilete. Eit kombiobjektiv som dekkar både litt vidvinkel og tele er ønskje. Har Sigma 18-250/3,5-6,3 DC OS HSM no og ønskjer noko liknande. Fuglebilete er ikkje prioritert, mine motiv er somregel fjell, fjell og atter fjell.... Bærer kamera i brystveske så det er kjapt tilgjengeleg ved behov.
-
http://www.fjellforum.no/index.php?app=core&module=search&do=search&fromMainBar=1
-
I desse dager renner både feriepenger og skattepenger inn på kontoen i uanstendige mengder. Desse kronane brenner sjølvsagt i lomma og eg har kasta blikket mitt på nytt kamera. Har ikkje unngått å få med meg Canon's lansering av sitt nye EOS 650D men skuler også litt til systemkamera. Bruksområdet er stort sett naturbilete så eg treng eit kamera med eit brukbart teleobjektiv og litt vidvinkelmogleghet. Kva erfaringer har forumsmedlemmane med systemkamera kontra speilrefleks og kva kan anbefalast?
-
http://peakbook.org/tour/1026/Rondane+2K-maraton.html Trur ruta i denne turrapporten er betre enn Trolltind, Storsmeden og Veslesmedenvarianten. Kan være litt mykje snø for denne runda enno.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Nokon som veit kor langt ein kan køyre anleggsvegen inn Sandgrovbotn ved Bjorli/Verma no?
-
Ny liste på Peakbook! Klassiske topper i Nord-Norge
Gal Krokfot svarte på Molby sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Som sagt: ha tolmod! Det du ikkje finn i dag kan være der i morgon. Barske Glæder som du refererer til måtte eg vente på i fleire år (no er den ute i ny utgave). Kva pris angår så er fjell litteratur populært, ergo høg pris. Kapitalisme i praksis. Men du kan ha flaks og gjere gode kjøp på antikvariat.net også. Finn.no og andre liknande sider kan også brukast: http://www.finn.no/finn/torget/tilsalgs/resultat?sort=5&keyword=fjellsport+litteratur&sort=5 Om du ikkje vil betale noko: http://www.deichmanske-bibliotek.oslo.kommune.no/ -
Har spist real som har vært fleire år forbi siste forbruksdato utan problem men så har eg også vært skulda for å ha jervemage... Tillegg til REs Murphys lov: Alt som kan gå galt går galt (og fortrinnsvis på det verst tenkjelege tidspunkt) og om det likevel ikkje går galt vil det i tidas lange løp vise seg at det hadde vært best om det hadde gått galt likevel. Murphy var forøvrig ein optimist.
-
Ny liste på Peakbook! Klassiske topper i Nord-Norge
Gal Krokfot svarte på Molby sitt emne i Ski og vinteraktiviteter
Prøv denne: http://www.antikvariat.net/ og smør med ei solid dose tolmod så finn du det meste. Eventuelt denne: http://www.bokmarkedet.no/ Dårlegare utvalg og noko upålitleg når det gjeld sluttoppgjer men kan finnast gull her også. -
Nokon som veit om ein kan køyre heilt inn til Leirvassbu no eller er det parkering ved Geitsætra?
-
Om du må leggje skaftet i vatn for å få det til å ese vil det "sprenge" treverket og verta dårlegare og dårlegare. Ond sirkel med andre ord. Sørg heller for å ha eit godt tørka evne i utgangspunktet. Om det er forseint for det er nok Cornix's råd om kokt linolje eit betre alternativ enn vatn. Har fått råd om frostvæske også men har ikkje forsøkt det sjølv.
-
Bruk bjørk. Skal ikkje uttale meg om alle treslaga som er anbefalt her men dropp iallefall rogn og hickory. Dei er for harde. Rogn er ypperleg til sleggeskaft. Årringane skal være ståande i emnet. Sørg for å ha eit godt tørka emne. Tilpassinga er ei kunst i seg sjølv da skaftet skal treffe riktig i forhold til økseeggen
-
hva ville du betalt for vårt tilbud?
Gal Krokfot svarte på mosvikoutdooradventure sitt emne i Generelt om friluftsliv
Siden du har stor gjennomtrekk i bedriften burde du kanskje tenkje litt alternativt på kva du bør gjere for å få ned trekken og sjukefråværet? Om Lavvohelg ikkje utgjer mirakler gjer det iallefall ikkje situasjonen dårlegare. Kven som har misforstått kan sikkert diskuterast. For å bli verande på ein arbeidsplass så er trivsel viktig. Sosialisering mellom arbeidstakarar er viktig for mange. Etter å ha lest innlegget ditt føler eg du svarer sjølv på kvifor bedrifta di har stor gjennomtrekk og høgt sjukefråvær. Edit: tyrkleif -
Frå Gudbrandsdalssida kjem du inn til Gjendesheim og Spiterstulen. Er ikkje sikker på nøyaktig kor dei har stengt riksveg 55 over Sognefjellet men du kjem nok iallefall inn til Heimsetren eller Bøverkinnshalsen. Frå alle desse utgangspunkta kan du greit nå nokre 2000 topper.
-
Skal ikkje uttale meg om Yukonterritoriet men eg har køyrt litt i Alaska og sett elgbestand der som er langt høgare enn kva du finn nokon stad her heime. Så det er nok litt geografiske variasjoner over dammen også. Det kan også være andre faktorer enn ulven som held nede hjortedyrstammen i Canada/USA.
-
Trollsteinrundhøe kan minne om eit bryst på litt avstand.
-
Hund på turisthytter, hva sier man til folk som ikke bryr seg om reglene?
Gal Krokfot svarte på snilen sitt emne i Hunder
Det er nok fleire årsaker til at allergi får mykje fokus. Tidlegare ville nok ofte allergi verta registrert i form av helseproblem men kanskje ikkje verta satt i ein årsakssamanheng. Folk er kanskje dårlegare no, tett inneklima, ymse e-stoffer i mat, eksos/forureining, aktiv/passiv røyking pluss mange andre moment som kan gje innverkning her. Folk vert i mindre grad kontaminert for "bikkjeproblemet" i ung alder og opparbeider seg ikkje antistoffer. At allergi er eit aukande problem er iallefall eit faktum. Og siden bikkjeeigaren er den som utsett andre for eit problem er det opptil bikkjeeigar å ta hensyn. Samme prinsipp som at røykere skal ta hensyn til ikkjerøykere. Når ein seier allergikere skal respekterast men i samme setning konkluderer med at det er hysteri er vel sluttkonklusjonen at ein ikkje treng ta hensyn til dei... -
Hund på turisthytter, hva sier man til folk som ikke bryr seg om reglene?
Gal Krokfot svarte på snilen sitt emne i Hunder
Du kan dra ein kvit løgn å påstå du er allergiker. -
Det kjem an på deg og din turform. Har vært ein del snø i vinter og om den ikkje har blåst bort kan du finne noko av den i skredfarleg terreng. Den turen du skisserer kan enkelt leggast utanom det meste av rasfarleg terreng. Det kvistes moglegens til vinterferien men det fokker så raskt atti scooterspora i høgfjellet at du kan ikkje rekne med nokon løype på den turen.
-
Her er også ein type facebook for oss: http://peakbook.org/ også denne er utan farmville.
-
Vatn frå Løvenskioldbana er også testa og funnet ufarleg å drekka. Har vel falt ned ein kilo eller to med bly der også opp gjennom åra... Forbodet mot bly er nok i stor grad basert på synsing og følelser.
-
Hva med å bli gammel? Mor og far bilr gamle?
Gal Krokfot svarte på SuperTed sitt emne i Generelt om friluftsliv
Du kjenner dine foreldre best, kva trur du dei ville likt best? For rundturer i verda har blant anna Kilroy opplegg der ein kan svinge innom alle dei store turistfellane. Innalands har vel Phaser allereie utgreia litt for. -
Mogleg eg har stått opp på feil fot i dag men eg har store problem med å sjå fornufta i dette her: http://www.gd.no/nyheter/article5873825.ece Vanlege folk får pes for å plukke med seg ein liten steinbit mens kunstnere kan dra med seg steinblokker på fleire tonn og attpåtil med helikopter frå nasjonalparken. Sjølvsagt er det eit poeng at mange folk som plukker litt har større konsekvenser enn nokre få som plukker mykje men om kunstnere skal være unntatt lovverket skurrer det litt for meg. Argumentasjonen for steinuttaket minner mest om keisarens nye klær. Einaste poenget eg ser er at opplegget sikkert får mykje publisitet og mediedekning. Men skal ein tøye lova kvar gong ein kan få litt reklame? Kan nokon overbevise meg om kvifor dette er ein god ide???