Gå til innhold

Gal Krokfot

Aktiv medlem
  • Innlegg

    1071
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    8

Alt skrevet av Gal Krokfot

  1. Har dei samme valgvanskane med nyttårshelga. Har gått litt i lågare fjellstrøk rundt midt Gudbrandsdalen. Bra med snø i skogen men fort avblåst innover mot toppane. Diverre er det jamt over spådd noko tvilsomt vær nyttårshelga og eg innbiller meg da at Jotunheimen frå Randsverksida eller Rondane er av dei områda som ein har størst sjans for å få ein solgløtt i. Brattkøyring utgår da rasfare er relativt stor no. Snøen visar relativt stor vilje til å flytte på seg no...
  2. Kjøp enkle Montanafeller. Dei kan gå ut til stålkanten men ikkje inn på stålkanten. Om du ikkje går bratt kan du kjøpe smalaste og billigaste modellen.
  3. Supert, takker & bukker!
  4. Forsøk med labber i forskjelling tjukkelse til du finn noko som funker. Eventuelt kan du teipe med sportsteip før du dreg på tur. Teip gjerne dagen i forvegen så teipen får tid til å sette seg. Edit: Tillegg på grunn av Mindviruz kommentar.
  5. Har lest fyrstegongsbestigninga av Snøhettatraversen vinterstid tidlegare (gjennomført av samme mann som vart teke av ras i renna på Larstind meinar eg å huske) men finn ikkje att noko om den no. Er det nokon som har den artikkelen og er villig til å dele?
  6. No har nok XXL litt større innkjøp enn L.Johansen og kan presse leverandørane litt meire på priser. Ein del store kjeder har også lokkeprodukt dei ikkje tjener så mykje på (i visse tilfeller kan dei også selge med tap) men kompenserer ved å snyte kunden på andre produkt. I dette tilfelle har L.Johansen i tillegg lagt seg i øvre prissjikttet for Real Turmat.
  7. Litt ekstra protein er jo berre sunt.
  8. Dette er blåkopi av denne tråden: http://www.fjellforum.no/topic/25129-ga-pa-tur-pa-om-kveldennatten-grunn-til-bekymring/#entry238704 berre med litt anna tema. Synes Stormåsen oppsummerar det greit i den tråden men han kunne kutta ut "i ferd med å bli".... Og kven har skulda for denne situasjonen? Media, utvilsomt. Spissing og krisemaksimering i alle oppslag skremmer folk. Krav om "handling" etter alle oppslag som fører til lite gjennomtenkte populistiske vedtak basert på uvanlege enkeltsaker. Manglande evne, interesse eller vilje til å sjå lange linjer og konsekvensane av tidlegare nevnte populistiske vedtak. Konstant jakt på "syndebukk" i alle saker fører til tunge uoversiktlege byråkratiske system der einaste formål er ansvarspulverisering. Ps: Om 20-åringen var ein kjenning av politiet kan det hende han fekk spesialbehandling...
  9. Det er truleg rett at det er ei skrøne men eg er ikkje like enig i at den er grundig fagleg torpedert. At store havørner (fugler opp mot sju kilo) ikkje klarer å løfte meire enn to til tre kilo tvilar eg på. Har sjølv sett rauskjor (vekt under 100 gram) lett løfte ei kakuskive (pluss/minus 35 gram) i motbakke, over eit gjerde og inn i skogen. Ørn er nok meire "konstruert" for løft enn ei lita rauskjor. Forsøk med tamme ørner meinar eg har store begrensninger. Det er også forskjell på å slå ned på og fly videre med byttet og ta av med eit bytte. Med forbehold om fleire forsøk, filming av tamme ørners løfteevne som eg har sett var bakkestart. Om ørn har evne til å løfte meire enn si eiga kroppsvekt derimot, det er ein anna sak. Vekta på jenta vart etter moderering satt til ti til tolv kilo. Største argumentet mot sannhetsgehalten i historia er mangel på sår. Vil tru at når ei ørn sett klørne i eit bytte så vil det synast som litt meire enn nokre rift i ein genser. Men om jenta hadde tre gensere på seg stillar det seg kanskje litt annerleis?
  10. Kjenner ikkje til andre leverandører av 75 mm så eg ville nok truleg endt opp med Voile i dag også i mangel av noko betre. BC bindinger kan vurderast. Veit det er mange som bruker BC bindinger på harde turer no, så usikkerheit vedrørande konstruksjonsstyrke er ikkje det store argumentet mot BC lengre.
  11. Som foreksempel at forsenkninga på bøyla for å trykke den ned med skistavane er så liten/grunn at det er enklare å bøye seg ned å trykke den ned for hand. I tillegg er alle ledda veldig trange (dette kan jo sjølvsagt være spesielt berre med binninga mi) og det eksisterar betre konstruksjonsløysinger på hælbinninga enn den Voile har valgt. Det er eit par småting til også men det er nokre månder sidan sist skia har vært spent på så eg har fått moglegheita til å irritere meg over det og mitt manns minne er noko begrensa...
  12. Det kjem an på bruksområdet. Skal du gå lange turer på flat mark eller toppturer med lang innmarsj bør du ha 3 pin med moglegheit til å klipse av hælbindinga. Er det meire rett opp og rett ned kjem Chill'en meire til sin rett. Har Voile 3 pin på mine Ingstad fjellski, men er begrensa fornøgd med dei. Er noko amatørmessigt småplukk på dei som Voile burde ha klart å luka vekk under testinga.
  13. Er det nokon som har lest The Northern Playground og kan svare på om det er samme boka som Til Fjells i Norge eller om det er ei utvida utgåve med masse ekstra snadder?
  14. Ikkje for å øydeleggje dagen din men TO av TRE bitt er giftige.
  15. 1965 styrta det eit Sabre jagerfly ved Gråhøa http://peakbook.org/peakbook-element/2349/Gr%C3%A5h%C3%B8a.html i Nord Fron kommune. Piloten omkom. Litt av flyet ligg att men mesteparten vart dratt over til Lystjønna og senka der.
  16. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Slik-blir-broen-over-Voringsfossen-7032415.html Med fare for å være ein surmaga representant for janteloven, men kva er det med folk og arkitektar som gjer at dei absolutt må skjemme ut alle naturperler med stygge, dumme, meiningslause og unødvendige mennskelege instalasjoner? PS: Er fullstendig klar over at det er både rekkverk, plattform og andre instalasjoner rundt Vøringsfossen frå før, men dette er like mykje eit generelt spørsmål på liknande saker. Eksempel: http://www.gd.no/nyheter/article6316106.ece http://www.gd.no/kultur/article6251531.ece
  17. Har ikkje lese dagbøkane til Amundsen og hans menn men ifølge Ragnar Kvam Jr i "Den tredje mann" vart alle deltakarane på Amundsens ekspedisjon kalt enkeltvis inn på Amundsens lugar etter det katastrofale fyrsteforsøket mot polpunktet. Der måtte dei velge om dei ville støtte Amundsen eller Johansen. Sjølv mannen Johansen redda på isen vart pressa til å velge Amundsen. Om denne versjonen stemmer så kan godt dagbokforfattarane ha tilpassa dagbøkane sine for å ungå det faktum at dei ikkje stod opp mot Amundsen når dei burde. Ei stund siden eg las den boka, men meiner det stod noko om at Amundsen også hadde rettigheter/tilgang til alle dagbøkane også? For oss som ikkje har lest dagbøkane, korleis er historien framstilt der?
  18. Avsendaren av "så fort jeg har tatt jegerprøven og fått tak i en AK-47" kommentaren er vel berre ute etter ein straffesak frå politiet så han kan sole seg for meinigheta i martyrdommen sin. Eventuelt også å kunne påstå at ytringsfriheta ikkje gjeld for muslimer sidan han vert forfølgt for sine ytringar.
  19. Har opplevd det samme som Tormod78 og det gjeld ikkje berre XXL og sportsbutikkbransja. Ein gong vart eg oppfordra av selger i elektrobutikk til å handle vara på nettsida deira istaden da det var vesentleg billigare.
  20. Mogleg denne historia står i boka (det bør den gjera). Historia er som følger: Mannen hadde teke med kjerringa i fangsbua over vinteren. Kveldane var lange og mørketida mørk så paret fordreiv tida med det mann og kvinne ofte gjer når dei kjeder seg. Så skjedde det som ofte skjer når mann og kvinne fordriv tida saman og mannen måtte til Longyearbyen for å hente jordmor. Dette var ikkje av dei mest sentralt plasserte fangsthyttane så da mannen ankom Longyearbyen og traff kammerater vart det eit hjarteleg gjensyn. Hjartelege gjensyn er betre med ein dram i handa og ein dram vert ofte to drammer, mens to drammer ofte vert fleire drammer. Summa summarum da mannen returnerte med jordmora var ungen ein månad gamal... Nokre ytterst få gonger kan eg forstå at kvinnfolka kan ha litt rett i å være irriterte på oss mannfolk.
  21. Ser det er fleire som har Lillsportsekker i behald. Eg fekk min til konfirmasjonen. Den har vært med på reinsjakt, mc turer, interrail, x-antall flyturer, vanleg jakt, toppturer, langturer og alt mogleg anna gjennom femten år. Rettnok synes det på den at den har vært brukt no, men er fortsatt fullt brukbar. Makan til kvalitet! Generelt forsøker eg å "bruke opp" utstyret mitt før eg kasserer det. Noko som fører til at eg har ein god del utstyr andre nok ikkje ville blitt sett levande med... Lillsportsekken er ikkje noko unntak.
  22. I den grad noko kan kallast humant så er det vel humant å ta i bruk dei hjelpemidla ein kan for å minimere risikoen for skadeskoting. Jaktar sjølv men har ikkje noko interesse for elgjakt. Forstår likevel at elgjakta er viktig for å halde stammen nede. Om det ikkje var elgjakt ville elgen formert seg fritt, noko som ville ført til auka antall viltulykker, eksplosiv auking i beiteskader på skog og avlinger og tilslutt massiv elgdød på grunn av svolt og sjukdom. Synes dykk bør forsøke å tenkje på kva konsekvensane av ingen jakt vil bli også. Kan byrje med å lese dykk opp på korleis reinsstammen på Dovrefjell vart forvalta utover femti og sekstitallet. Ja, kanskje. Er ikkje sikker på at det var meire skadeskoting i tidlegare tider. Kuler og krutt var dyrt og eit bomskot kunne føre til "sveltihjel". Meire slepphendte haldningar til avlivninga kom nok kanskje med betre tider? Jakta før i tida var også fordelt meire utover året, ikkje slik som no når foreksempel reinsdyrjakt er konsentrert til tre til fire veker med svært intensivt jaktpress. Kor inhumant dyregraver var er det ingen som veit men eg vil anta at også den type jakt var avhengig rask og effektiv avlivning for å sikre kjøttet. Ikkje dermed sagt at eg vil gjeninnføre den type jakt i dag men vi skal ikkje undervurdere tidlegare generasjoner. Dei hadde evner og kunnskaper på mange plan langt utover det vi har i dag. Og korleis skal elgjegeren avlive elgen for å vise din type respekt? Dei elgkvotane som er lagt ut for jakt er beregna utifrå kor mykje elg det er i terrenget og kor mange av dei som må tas ut for å halde stamma sunn. Med andre ord ligg det også ein "jobb" i kvotane som må utførast. Kvifor er det galt å utføre den på den enklaste måten?
  23. Frå Nørdre Soleibotntind forrige helg. Snøen byrja på omlag 1300 meter. 15 til 20 centimeter snø med svært begrensa skiføre. Toppen av renna kan skimtast på bilete nummer to.
  24. Dette er ikkje eit svar på spørsmålet (andre får ta seg av det utover dagen ) men ein skal ikkje gløyme kor mykje ekstra "tid" folk får frå betre helse som følge av friluftsliv. Trafikken kan nok ikkje vise til nokon tilsvarande statestikk...
  25. Forstår ikkje kvifor folk absolutt må ut å skyte nokre fugler før dei forstår att tilstanden er dårleg? Det er omlag fem år sidan eg var ute ei langhelg med kun ein rypeobservasjon (som eg ikkje skaut på). Etter det har hagla mi vært parkert i påvente av betre år. Har ikkje vært så mykje rundtom i fjella i sumar så mine sluttninger er frå eit begrensa geografisk område men rovfugl er eit vanleg syn og korp er eit dagleg syn. Mange seine kveldstimer langs E6'en tydar på ein meget stor revbestand og røyskatt som eg sjeldan har sett tidlegare hadde eg mange observasjoner av i 2010 og 2011 (ingen i 2012). Som 7homas poengterar vil rovdyrbestanden svinge i takt men med ein "ettersleng". Etter lemenår vil det gå hardare utover anna vilt da det etter kollapsen vil stå att ei kraftig predatorstamme som plutseleg må finne anna mat.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.