Med ETA påske for barnebarn nummer tre, og dei to andre framleis så små at dei må ha barnevakt når mor og far dreg på føden, vart det dagsturar og korte overnattingsturar i påska. Alt som innebar god dekning og kjapp utrykning, saman med @Sig Manog @graham.
Det vart likevel både fjellski og randoski, tur med og utan bikkjer, slake turar og bratte turar, både til fots men også med isøksa framme. Eit lite biletedryss fylgjer.
Floke nyt hytteliv og barflekk i Trøndelag.
Ettermiddagstur på Sognefjellet, mot Skogadalsbøen. Slapp oss ikkje ned dit dog.
Tur frå vinterparkeringa i Leirdalen og inn til Leirvassbu. Vaffel og kake til bursdagsbarn. Tur vidare inn i Gravdalen.
Topptur til Rundhøe i Leirdalen, med påfylgjande telt og bål.
Finfin dag på Leirbrean og Sokse. Bere føter i Bjørneskaret i strålande sol.
Fottur for variasjon. Snøggtur "Tronoberget rundt" frå Tronoddbrue til Grjotheim.
Skitur på Skaihøe. Ikkje nok snø til å ta strake råsa, men framleis mogleg å gå på ski nesten heile vegen frå Liasætre. Ein topp som ikkje gir spektakulær utsikt, men desto viare utsikt. Ein ser Rondane avd. nord og sør. Dovrefjellplatået med Snøhetta, Larstind og Storstygge. Jotunheimen avdeling aust og vest, Breheimen og Reinheimen "sør". Godkjent pluss.