Gå til innhold
  • Bli medlem

Tur til Gjegnabu 26-28.oktober 2007


Ragnar

Anbefalte innlegg

I fleire år hadde vi igrunnen tenkt på å ta ein tur til Gjegnabu og Gjegnen, etter ein tur der vi måtte snu mot samme mål. Fredag ettermiddag satte vi oss i bilen frå Bergen. Vêrmeldingen var ikkje så god, då det var varsla kuling og mykje nedbør. Det var temmeleg mørkt då vi kom fram til Hope i Hyen (Gloppen Kommune). I halv åtte-tida tok vi på oss hovudlyktene og rusla oppover den lange stigninga opp mot Lavesteinen. Vi hadde valgt denne ruta sidan den er ein del enklare samanlikna med Skorsteinsbotn, særleg i mørket. Oppover var det mykje bjørkeskog og vi såg i ettertid at vi nok skulle ha lett litt meir etter eit tråkk som går opp gjennom skogen. Ved Lavesteinen på drøyt 700 meters høgde var det tid for ein liten pause. Været vart etter kvart ganske surt med regn og til dels kraftig vind, over 1000 meter var det i tillegg snø. Det gjorde turen noko glatt til tider, då det er mange svaberg. I lyset frå lyktene våre såg vi ikkje så veldig mykje, då det også etter kvart kom tåke. Med GPS var det likevel ikkje så alt for vanskeleg å ta seg innover, men vi hadde ingen rute å følge og det tok difor ganske lang tid. Vi tok på skrå oppover det store snøfeltet (markert på kartet), men her var det litt hardt i tillegg til at det såg bratt ut, så isøksene måtte fram. Det hadde nok vore betre å gå på oversida heile vegen. Klokka passerte midtnatt før vi gjennomvåte og litt slitne skimta den etterlengta Gjegnabu. Etter ein tur på taket for å ta lokket av pipa, vart det fort varmt inne i den vesle hytta. Gjegnabu er ei skikkeleg koseleg hytte som igrunnen bare består av eit stort rom i tillegg til inngangspartiet. Hytta ligg også glemt saman på ein smal kam med bratte sider på begge sider. Det vart ein sein kveld med historier og god mat før vi la oss.

I løpet av natta blåste det godt og det kom 10-15 cm tung nysnø. Målet vårt for lørdagen var å ta oss opp på Gjegnen (Blånipa), 1670 moh. På morgonkvisten tok vinden gode tak i hytta og det såg ikkje ut til å lette med det første, så vi tok heller ein roleg formiddag. I tolvtida kom det veldig overraskande ein person gåande mot hytta. Kven kunne no dette vera som var ute i slikt vèr!? Det viste seg å vera hytteoppsyn Martin M. som skulle opp å klargjera hytta for vinteren. Han kunne beretta om ein særdeles glatt og våt tur opp frå Skorsteinsbotn, det vil sei "gamleruta". Etter fleire artige historiar om hytta og området, tok han avgårde igjen. Vi tok også ut og skulle gjera eit lite forsøk på Gjegnen. Det vanskelegaste punktet er igrunnen ikkje så lagt frå hytta. Her var det nokre bratte sva med som også var delvis snødekte, men med isøkser fekk vi lirka oss over. Inn mot Gjegnalundsbreen var det enkelt å finne vegen, men det var vått og sleipt. Innimellom fekk vi littegrann sikt, men stort sett var det tett tåke. Til høgare vi kom auka også vinden på, så vi fann fort ut at det ikkje var aktuelt å gå på toppen. Vi snudde eit lite stykke før breen og prøve oss på ei alternativ rute tilbake. Den viste seg å vera noko bratt og glatt, så vi måtte fram med tauet for ein liten rapell.

Utpå lørdagskvelden var det verkeleg store nedbørsmengder og eg vart klissvått bare av ein kjapp liten tur utanfor. På hytta var stemningen upåklageleg og det vart ein verkeleg avslappane kveld. Gjegnabu må utan tvil vera Norges koselegaste turisthytte. Naturen i området er også formidabel. I ein liten periode såg vi den storslåtte utsikten ned mot X- og Y-vatnet frå hyttevinduet og eg kan bare tenka meg korleis det ser ut under blå himmel.

Søndag stabla vi inn masse ved til besøkande i vinter og returnerte samme veg vi kom opp. Mykje av snøen hadde smelta, så det var enklare å ta seg nedover. Alt i alt ein veldig fin tur sjølv i det noko "barske" vêret.

post-5-133474503914_thumb.jpg

post-5-133474503923_thumb.jpg

post-5-133474503935_thumb.jpg

post-5-133474503947_thumb.png

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg var på Gjegnen i juni i en godværsluke. Kan berette om kortbukseføre, blå himmel og høy faktor. Legger ut noen bilder så du kan se hvordan det "kunne ha vøri" :wink:

Dere hadde nok tenkt å gå breen opp til toppen. Jeg gikk alene, og måtte derfor gå "hylla" nedenfor breen. Her var det bratt, snødekt, hardt og langt ned. Jeg hadde heller ikke isøksa med meg, og var derfor uvanlig omhyggelig med fotfestene jeg sparket inn i fonna.

Tross alt likevel en fin tur, på en lite besøkt topp...og for så vidt også hytte.

post-97-133474504378_thumb.jpg

post-97-133474504385_thumb.jpg

post-97-133474504393_thumb.jpg

post-97-133474504402_thumb.jpg

post-97-13347450441_thumb.jpg

post-97-133474504417_thumb.jpg

post-97-133474504424_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Gjegnen er et fjell med mye hardt vær og nedbør, om det er blå himmel i Indre Nordfjord er det stadig skyer lengre ute har jeg erfart. Spinoza eller andre, kan man se det åpne havet fra toppen, da jeg var der så vi bare tåkehavet som lå over fjorden. Gode bilder, dere var uheldige med været Ragnar. Lurer på om noen har bilder fra Gjegnen en finværsdag mot vest :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

500fjell: Bra at du henter fram igjen denne perletråden litegrann, på en knapp side sier den forunderlig mye om dette området. Tror Ragnar på at de hadde en fin tur, møkkaværturer "holder seg" ofte lenger enn solskinnsturer? Og tror Spinoza på at passasjen på den snødekte hylla var sidebratt og nifs et stykke, har sjøl gått den på ski litt seint på våren (av samme grunn som Sp. anfører), jeg tok breen tilbake igjen istedenfor, uten å stusse.

Vet ikke om disse bildene lukter av salt? De er noenlunde vestlig.

post-4080-133474548988_thumb.jpg

post-4080-133474548998_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det luktet veldig vest for Gjegnen og sør for Stadt, jammen godt å se utsikt fra vest på en slik glimrende dag steinur. Nordfjord i penvær svikter aldri :D Husker at jeg og onkel var skeptisk til den renna ( https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=11070 ) da vi skulle gå Gjegnen. Men da vi kom fram var den ikke så ille vi fryktet, bare vi ikke skled ned i ura nedenfor. Følte at det gikk nogenlunde kontrollert :) Neste gang jeg skal på Gjegnen må jeg prøve ruta om Skordalsbotnen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.