Gå til innhold
  • Bli medlem

Inspeksjonstur til Nålene på Knutseggen 8.september


Sigbjørn

Anbefalte innlegg

Etter å ha avspasert fredagen med ein lang spasertur til Besshø, var det duka for å prøve oss på Knutseggen lørdagen. Pakka saman teltet ved Vargbakken og rakk akkurat båten innover. Nokså vått så lenge vi sat inne i båten, men det slutta heldigvis stort sett før vi kom til Gjendebu.

Knutseggen låg godt inne i skyene når vi var ved Gjendebu. Regn og/eller snø og/eller islagte steiner og sva er ikkje draumeføre for ein tur over nålene og spesielt ikkje for Søre Nål, men etter rask rådslaging stempla vi lykke til på ferden og prøvde oss likefullt. Om ikkje anna ville vi alle opp og sjå korleis det såg ut der.

På T-stien opp til Svartdalen var det fleire folk og sjå, men etter at vi kryssa elva og svingte av mot Knutseggen var det slutt på folkelivet. Kun oss sjølve, eit og anna lemen, og masse stein å prate med... Hadde ein teori om at det var best å runde nesten heilt bort til breen og følge egga opp på Knutseggen derfrå, noko som viste seg å vere veldig, veldig feil! Glatte sva og laus stein her fekk konsentrasjonen på topp ganske så fort. Omsider oppe på ryggen var vi skjønt einige om at dette ikkje kunne vere lettaste veg opp, noko vi fekk bekrefta 50 m lenger framme når eg kikka ned første renna i retning vatnet på 1590moh. Klart og tydeleg her vi skulle ha kome opp, så visste vi det iallefall til returen.

Det smalna fort av vidare når pinaklene nærma seg, mykje klyveklatring opp og ned og rundt steiner og hamrer. Kom oss etterkvart over Nordre og Nestnørdre Nål og ned i den grove steinura under Søre Nål. Er som vestlending vant til mykje og stor stein, men denne var det dimensjoner over. Ingen rett fram-rute her nei.... Klyvde opp på Midtre Nål og, før vi sette oss på ein lun plass nede i ura og beundra Søre Nål. Både klokka og føreforholda sa klart i frå om at klatring på Søre måtte utgå denne dagen om vi skulle rekke nedatt til telta før det vart mørkt, men flott topp å sjå på uansett.

Turen nedatt gjekk enklare enn opp, med unntak av nokre ufrivillige forsøk på å surfe på laus stein ned frå Knutseggen mot Svartdalen. Men, alle bein like heile på alle sjølv om pulsen går litt jojo av slikt. Omsider nede til Gjendebu og telta var det på tide med biff og rødvin ved teltet. Kunne sitte ute og nyte både mat og stjerneklar himmel. Livet blir ikkje mykje betre enn det :smile:

PS! Kven du enn var som vi såg på veg ned frå Svartdalspiggen med lykt rundt midnatt, håper du kom deg vel ned.

Sigbjørn

post-1557-133474492729_thumb.jpg

post-1557-133474492767_thumb.jpg

post-1557-133474492807_thumb.jpg

post-1557-133474492847_thumb.jpg

post-1557-133474492882_thumb.jpg

post-1557-133474492918_thumb.jpg

post-1557-133474492959_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Nei Søre Nål så ikke veldig innbydende ut der Sigbjørn. Rim og is gjør at vanskelighetsgraden fort stiger noen hakk. For den gjengse tinderangler med kun litt klatreerfaring, er den jo luftig og utfordrende nok i tørt og pent vær.

Hvilken rute hadde dere tenkt å ta om tid og forhold hadde vært annerledes?

Veldig kjekt å få et nærbilde av Søre foresten, slikt kommer godt med i planleggingen

Turrapport med et detaljbilde fra en av klatrerutene opp:

https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=1498&highlight=n%E5l+s%F8re

Søre Nål fra sørlig vinkel:

https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=5252

Bjarne Lindholdt hadde også tur i nåleområdet, med et bilde av søre Nål:

https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6085&highlight=s%F8re+n%E5l

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ut frå dei vi hadde snakka med på førehand, var vi litt usikre på om det var best å klatre opp frå nordvest eller frå sørsida, men skulle vi prøvd så ville eg ha foretrukke nordvestsida som du ser på bildet mitt. Fekk jo ikkje noko godt inntrykk av kor vrien den siste delen evt er når vi stod nede i steinura, men første delen såg iallefall overkommeleg ut.

Sigbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.