Gå til innhold
  • Bli medlem

To flotte turar frå Leirdalen - Travers over Skagsnebba og Urdadalsryggen


Sigbjørn

Anbefalte innlegg

Litt forseinka turrapport frå 23-24.august dette, og ut frå turrapportane på forumet frå sist veke ser det ut som vi fekk dei siste sommardagane i fjellet denne sesongen.

Sidan sommaren ikkje hadde bydd på fleire godversdagar enn strengt tatt naudsynt, var fjellabstinensen ganske sterk. Når vermeldinga tilsa knallver i fjellet var det berre å sørge for å avspasere torsdag og fredag og kome seg avgårde til fjells. Lempa inn alt vi kunne kome til å trenge i bilen onsdag kveld og sette kursen mot Jotunheimen. Først på Sollihøgda begynte Øyvind og eg å diskutere mulige turmål, så vi hadde ikkje akkurat detaljplanlagt alt... Både Skagsnebba og Urdadalstindane hadde vi sett på fleire ganger før, så når ideen kom opp vart vi raskt einige. Rulla ut soveposane i friluft ved Lemonsjøen for å sove nokre timar, så bar det vidare til Leirdalen neste morgon.

Dag I - Skagsnebba-Veslfjelltind-Loftet
Parkerte ved Geitsetri og fekk spist frukost og smurt nistepakke før vi la avgårde. Planen var å gå opp søraustryggen til Skagsnebb. Over brua og kryssa Hurra uten problemer før vi la i veg inn dalen. Ca 1 km innover begynte vi å runde oppover, følgde nok sånn ca ruta som er skissert i Fjellbibelen til Morten. Fann iallefall ei grei rute oppover steinrøysa og vidare i ei renne som førte oss rett til toppunktet. Grei rute, men mykje laus stein å passe på uansett kor du går her...Slengte like godt på meg hjelm siden eg gjekk bakerst.

Flott utsikt på toppen, men når vi skulle ta ein matbit fann Øyvind ut at nistepakka låg igjen ved bilen ;-) Sikkert ein sau som ville kose seg med den... Snill som eg er ofra eg halve matpakka mi, men eg har normalt halvparten så stor niste som Øyvind trenger så magen hans murra nok litt på slutten.

Vidare mot Bakarste var det småsmalt i perioder, men greit på tørt føre. Omgjekk den raude hammaren før vi kom fram til dei to karakteristiske hamrane som sperrer vegen. Klyving på svahammer opp til foten av desse før vi runda på venstresida, herifrå var det greit til toppen på Bakarste. Glad for at det var tørt føre denne dagen!

Vi fortsette innover platået i retning mot Hurrbreatinden, flatt og fint eit stykke men så var det tilbake til konsentrert gange på smal egg. På eit punkt var det prinsippet om å fordele vekta likt på begge sider av egga, kjekt med lavt tyngdepunkt... Ikkje vanskeleg, men greit å halde konsentrasjonen oppe. Frå Hurrbreatinden gjekk vi vidare mot Veslfjelltinden, fint med breie flater å vandre på no :) Greit til Loftet og, men svapartiet kan sikkert vere småekkelt på vått føre. Ellers er det farlig å vere skråsikker, men Loftet må vel med god margin vere Norges flataste 2000m-topp....

Sikta oss inn på fjellstua, og med god hjelp av snøfonner nedover gjekk det ganske radigt. Tok lenger tid å få haik inn til bilen ved Geitsetri, men tilslutt fekk då Øyvind haik med ein kar som hadde tatt 100 topper til no i år og skulle vere i Leirdalen ei veke.. Nokon her på forumet kanskje?

Dag II - Urdadalstindane
Starta med at Øyvind trippelsjekka at han hadde med seg nistepakka for å unngå fadesen frå dagen før, i tillegg er Urdadalsryggen ein lang dagsmarsj så maten ville kome til nytte. Surra fjellskoa på sekken og gjekk med lette sko frå Leirvassbu i retning Visdalen. Følgte T-stien forbi Kyrkjetjønne og ned første bakken før vi tok av i retning Semelholstjønne. Kryssa greit elva før vi tok ei pause rett før vatnet.

Planla å gå skrått oppover i retning det lavaste punktet på egga, men etter å ha følgt grasbakken oppover ei stund såg eg at det gjekk eit trakk omtrent rett oppover. Frista ikkje å gå lenger enn naudsynt, så eg foretrakk dette medan Øyvind heldt seg meir til planen. Følgte trakket opp til nokre hamrar, der svingte eg til høgre og over nokre sva før ei renne åpanbarte seg som såg ut til å ha rett retning. Litt småklyving her så var eg oppe i vanleg grov steinur, som varte heilt til toppunktet. Topp nr 100 kunne kryssast av, god kjensle :o. Sat to karer ved varden som hadde kome opp ryggen frå Visdalen, hadde ein triveleg prat med dei mens vi spiste nista. Takk for konjakken, karer!

Skifta til skikkelege fjellsko på toppen, såg for meg at god ankelstøtte var viktig vidare - og fekk rett. Vidare til vesle er det mykje ned og opp, så både anklar og kne fekk prøvd seg. Sjølve siste stigninga opp til Midtre er overraskande grei, på avstand ser den uoverkommeleg ut (som så mykje anna). Vel oppe på midtre ser vi litt meir av problema som venter, spesielt partiet bort til S-1.

Vi omgjekk nede i venstresida bort til skaret mellom Midtre og S-1, men dette partiet var og laust og krevde at konsentrasjonen var med. Vel borte i skaret stod vi litt og såg på snørenna som gjekk ned i Urdadalen, frista ikkje med aketur no nei.. Var usikre på vegvalet opp her, men etter å ha sett litt starta Øyvind opp nokre hyller ut mot Semelholet. Tok litt tid men han kom då opp.. No hadde vi med både tau og seler , så når Øyvind anbefalte det tok eg han på ordet. For variasjonen sin del(?) eller av manglande innsikt klatra eg opp renna på venstresida ut mot Urdadalen. Laust opptak og mosegrodde tak lenger oppe tilsa at dette nok ikkje var beste og vanligaste ruteval. Løyste ut ein stein som fekk seg ein aketur ned snørenna, høyrde ikkje at den stoppa.. Men, kom då opp etterkvart eg og uten at eg hadde testa tauet sin evne til å tåle eit fall.

Vidare bort til S-2 var det framleis opp og ned og litt småklyving, men likevel relativt behageleg etter turen mellom Midtre og S-1. Vel borte på S-2 kunne Øyving og feire sin 100. topp, gratulerer!
Ned ryggen frå toppen var det greit og fint, før vi svingte ned mot Semelholstjønne og retur same veg som vi kom. Kunne endeleg slappe av etter mange timars konsentrasjon oppe på ryggen, sikkert derfor eg snubla rett etter at vi kryssa elva og slo kneet ganske kraftig... Veit jo at ulykker skjer på retur, men likevel... Slapp unna med litt hovent kne, og kom meg då tilbake til Leirvassbu for eigen maskin. Håper at kneet er turklart att om ei veke

Var iallefall usigeleg godt å krype ned i soveposen i teltet nede i Leirdalen etter denne turen. Litt rask Real Storfegryte og vips så var det god natt...

Opprinneleg var planen å ta ein roleg tur på lørdagen og, men kneet tilsa at det var lite aktuelt. Øyvind verka vel ikkje veldig lei seg for det med sine gnagsår heller, så då vart det biltur tilbake til Oslo og diskusjonar om ruteval på neste tur.

Den beste turen er alltid ein du ikkje har gått enno...

Sigbjørn

post-1557-133474488956_thumb.jpg

post-1557-133474488993_thumb.jpg

post-1557-13347448903_thumb.jpg

post-1557-133474489067_thumb.jpg

post-1557-133474489101_thumb.jpg

post-1557-133474489135_thumb.jpg

post-1557-13347448917_thumb.jpg

post-1557-133474489205_thumb.jpg

post-1557-133474489242_thumb.jpg

post-1557-133474489277_thumb.jpg

post-1557-133474489312_thumb.jpg

post-1557-133474489346_thumb.jpg

post-1557-13347448938_thumb.jpg

post-1557-133474489414_thumb.jpg

post-1557-133474489448_thumb.jpg

post-1557-133474489485_thumb.jpg

post-1557-133474489523_thumb.jpg

post-1557-133474489558_thumb.jpg

post-1557-133474489593_thumb.jpg

post-1557-133474489629_thumb.jpg

post-1557-133474489664_thumb.jpg

post-1557-133474489701_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Ellers er det farlig å vere skråsikker, men Loftet må vel med god margin vere Norges flataste 2000m-topp....
Vet ikke hvor skråsikker du skal være Sigbjørn :o , men Store Trollsteinhø (2201) moh, gir ihvertfall Loftet hard kamp når det gjelder flatest 2k-topp:

https://www.fjellforum.no/oldLinkConverter.php?oldAttach=3105

Bildet er fra en skitur i mai 2006, og er tatt fra toppen på Store Trollsteinhø.

Tok lenger tid å få haik inn til bilen ved Geitsetri, men tilslutt fekk då Øyvind haik med ein kar som hadde tatt 100 topper til no i år og skulle vere i Leirdalen ei veke.. Nokon her på forumet kanskje?
Det kan jo være Mayhassen…? :)

Ellers var dette en fin turrapport Sigbjørn! Beskrivende og flotte bilder (kanskje noe mer bildetekst, selv om filnavnet røpte mye :wink: ) , fra to morsomme og passe lange rundturer. Passe lange ihvertfall for oss som ”går” i fjellet…! Eller hva sier du Mayhassen? :)

Synd med kneet, men det har jeg også opplevd. Jeg kjørte høyrekneet i en stein på DNT-stien i Svartdalen en gang, på vått og litt sleipt underlag. På stien blir det jo lett til at man langer ut og ikke tenker så mye på hvor man tråkker bestandig, og da lå jeg der plutselig. Var redd kneskålen gikk, men heldigvis, den holdt. Litt ømt kne noen dager etterpå var eneste mén.

Og grattis til begge for passering av rundt tall i samlingen! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan jo være Mayhassen…? :)

Ellers var dette en fin turrapport Sigbjørn! Beskrivende og flotte bilder (kanskje noe mer bildetekst, selv om filnavnet røpte mye :o ) , fra to morsomme og passe lange rundturer. Passe lange ihvertfall for oss som ”går” i fjellet…! Eller hva sier du Mayhassen? :wink:

Haha!

For det første var det jo selvfølgelig jeg som var snill og plukket opp en sliten mann i mørket..

Jeg ble riktignok ikke i ei uke, men det ble en fin dagstur som jeg gikk i samme området + litt til da ( https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=9670&highlight= ) :D

Jeg har forresten rundet 150 topper i år, ville vel kanskje ikke skryte for mye når jeg sa ca 100 :)

Ellers alltid gøy å lese om andres tanker rundt topper og egger som jeg selv har gått. Veldig gøy å se bilder av Urdadalstindane siden jeg hadde bare gråvær der oppe :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.