Gå til innhold
  • Bli medlem

Kort tur frå Haukeliseter - Påske 2007


jarle

Anbefalte innlegg

Mandag heiv eg meg på Haukeliekspressen i retning austover. Målet var Haukeliseter der eg skulle treffe Kjell Erik. Vi hadde eigentleg tenkt å gå Folgefonna på langs, men fann ut at med vermeldingane som kom var det litt tryggare på vidda. I sekken var det telt, soveposar og det som ellers trengtes for min første vintertelttur. Då skyene letta såg alt lovande ut!

Planen var å gå Haukeliseter - Lofthus, men første mål mandag var å finne ein plass å slå opp teltet. Vi forlet Haukeliseter kl 17, og følgde kvistene i retning Hellevassbu. Etter å ha skridd ned på Mannevatn fann me ut at det var på tide å slå den første leiren. Me fann då ut at den beste plassen ville vere i ly bak Mannevasshytta, som tydelegvis hadde vore i bruk som nødbu tidligare i vinter. Teltet var oppe omlag kl 19, og eg tok meg tid til litt fotografering før det bar i soveposen og primusen vart fyrt opp. Grei timing med tanke på snøsmelting og eting, då me var ferdige var det tid for å sove.

Natta vart som netter i telt ofte blir, mindre behagelig enn netter i himmelseng. Vinden tok seg litt opp då me la oss, og det var vanskeleg å sove godt før utpå natta. Då me vakna var det til gjengjeld vindstille og flott! Ein kjapp titt ut viste blå himmel og godver! Halv ti var me igang, og etter berre ein halv kilometer møtte me dei første som hadde gått frå Hellevassbu om morgonen. Føret vart rapportert å vere upåklageleg... Sjølv brukte me litt lenger tid opp dalen, og gnagsåra til Kjell Erik bremsa litt dei og. Men me kom då til Hellevassbu, og fortsette eit stykke vidare etter lunsj i hytteveggen. Neste leir vart sett i nordsida av Bjørnadalen, og målet for neste dag var å passere Litlos og nå til Torehytten.

Onsdagen starta greit, vi hadde ikkje så mykje vind som natta i teltet gav uttrykk for, og vi la i veg mot Litlos. Dessverre viste dagen seg å by på dårligare føre, og etterkvart masse ugrei vind. På Litlos prata vi med hyttevertskapet og blei einige om å korte ned ved å gå til Tyssedal via Tyssevassbu istaden. Men sterk vind rett i ansiktet og dårlege ski som det var umogleg å finne ut av gjorde at me fann ut at me ikkje kom til å klare dei 25km til Tyssevassbu på ein ettermiddag. Me bestemte oss derfor for å snu, og gå tilbake til Hellevassbu og vidare til Haukeliseter dagen etter. No var det jo berre 2 mil i medvind tilbake til Hellevassbu... Eller ikkje...

Etter nokre få raske kilometer sørover tok vinden til å bli sidevind, noko som er ubehageleg i kombinasjon med stor sekk... Føret var som før ikkje spesielt godt... Eg hadde likevel håp om at dei siste 5-10 km til Hellevassbu skulle bli betre, i ly bak toppar. Så feil kan ein ta, og sidan eg ikkje hadde lyst å legge nye fine feller rett på masse klister gjekk eg også det siste stykket utan feller. I motvind som sikkert var stiv kuling! Det er så absolutt ikkje å anbefale... Til tider måtte eg gå fiskebein i nedoverbakkar! Men me kom då fram til slutt.

Torsdag var det mykje det samme veret, første mila gjekk fort i medvind, men så kom sidevinden. Eg vart blåst overende fleire gongar! Men eg kom då trygt ned... Og nasen vart raud...

Det var interessante erfaringar å ta med seg her. Eg har vore på dagsturar i sterk vind før, men aldri opplevd at det har teke så mykje ekstra krefter som denne gongen. Turen Hellevassbu - Haukeliseter var lett og fin på tirsdagen då me gjekk oppover, og føltes frykteleg lang torsdag; på veg ned. Det var i utgangspunktet berre meg, Kjell Erik og ein som gjekk aleine som hadde tenkt seg ut den dagen, og etterkvart var eg vel sikker på at eg hadde venta ein dag om vi hadde hatt tid til det... Det verste var heilt klart der vinden kom frå sida, då gjekk eg og ønska meg motvind. Dette vart jo sjølvsagt berre verre og verre jo nærmare Haukeli me kom, det opnar seg som kjent opp i eit rimeleg flatt viddalandskap nett der... I framtida vil eg nok sjå enno meir på vindmeldingane før eg legg ut på tur...

Bileta er frå mandag og tysdag, så gjekk batteriet tomt...

post-339-133474458599_thumb.jpg

post-339-133474458607_thumb.jpg

post-339-133474458614_thumb.jpg

post-339-133474458622_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.