Jump to content

Bruk av GK og X dyser


Tykjen

Recommended Posts

Har nyleg kjøpt ein XGK og testfyrt litt heime. Fungerer veldig fint med standarddysa på alkylatbensin, ingen tvil om det, så eg starta å teste med parafin (fyrer med Kamin X). Effekten med parafin og GK-dysa er voldsom, kanskje meir enn det ein einsleg fjellvandrar treng. Og særleg om du har ambisjonar om å ete noko anna enn Real turmat. Flammen med parafin er ok, men ikkje like blå og fin som med bensin. Eg stussar over at msr anbefalar same dyse til bensin og parafin og at den andre kun er diesel (og jetfuel).

Så sette eg i X-dysa og testa med alkylat og parafin. Denne er trangare og gir dermed ein del mindre effekt, men flammen på parafin er heilt blå og fin og eigentleg rikeleg varm, ihvertfall om du er berre ein person. Effekten på bensin er som venta litt i minstre laget, men framleis brukbar. Blå og fin. Men i og med at XGK er så dårleg på matlaging så kanskje det er eit bruksområde for komboen X-dyse og alkylatbensin? Diesel gidd eg ikkje teste, det er heilt uaktuelt å bruke.

I eit veldig uvitskapleg oppsett målte eg desse koketidene innandørs:

GK bensin med 6:48

GK med parafin: 5:18

X med parafin: 8:10

X med bensin: 12:15

 

Link to comment
Share on other sites

Annonse

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy