Gå til innhold
  • Bli medlem

Sko for topptur (bre/klyving/klatring), inn- og utmarsj


Gjest Anonymous

Anbefalte innlegg

Gjest Anonymous

Hei folkens!

I mine tidlegare år har eg sverga til vanlege lærstøvlar i fjellet(alfa), men etterkvart som turane har blitt meir krevjande(eg går stort sett berre toppturar) - så er tronga for skobyte blitt stort. Mitt største ankepunkt når det gjeld lærstøvlane mine, er at dei har ein tendens til å gå opp i saumane (utruleg irriterande å måtte byte sko annakvart år!).

Vel, i somar fekk eg låne eit par Las Sportiva Trango på tre lengre toppturar, og var stornøgd med desse. Men eg vil gjerne få tips om andre sko (evt ei anbefaling av dei eg allereie har prøvd). Eg har ein typisk jentefot (smal), så det må takast med i vurderinga.

Det eg er ute etter er ein sko som er stiv nok til stegjernsbruk, men ikkje så stiv at innmars og utmars blir ei pine. Elles ønskjer eg ein såle med god friksjon mot stein, slik at klyvinga blir ein leik;) Og sjølvsagt god støtte og lita vekt...

Eg har i tillegg til Las Sportiva, fått tips om Scarpa sine sko...

Gledar meg til "input" frå fleire! Og på førehand takk...:wink:

Hilde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest Anonymous

For sju år sia kjøpte eg meg eit par med fjellsko som enno er i fin form. Det gjekk med litt tid til prøving og å finne det rette paret med sko. Eit av kriteria mine var nettopp at eg ville ha eit par med sko som ikkje gjekk opp i saumane. Det skulle vise seg å ikkje vere så enkelt… Dei aller fleste sko har av ein eller annan grunn saumar som med stor risiko vil kunne gå opp. Til slutt fann eg eit par med Trezeta Pamir (no New Pamir).

Korleis denne skoen vil vere i stegjern veit eg ikkje, men skoa har fungert kjempefint på alle mine fjellturar i variert vestlandsfjell.

Skoa har fått godt stell, i tillegg til at eg har pussa og stelt har dei vore med skomakar ein gong i året. Vurderte å kjøpe nye sko i sommar, men fekk tak i ein ny innersole og skoa var gode som nye.

Siri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.