Gå til innhold
  • Bli medlem

,,Tagging" i fjellet.


Anders S.

Anbefalte innlegg

Kjem over stadig fleire "tagga" ruter til toppar her på Vestlandet(Hordaland). Kan neva Ottanosi i Fusa komune som er ny-"tagga" med STORE raude malte piler. Bruviknipa på Osterøy. med plastdritt i trea på veg oppover mot toppen. Kvitanosi i Voss komune har og nokon funne fram malingsprayen. På Gråsidetoppen i Voss komune er det visst Voss Utferdslag som har "farga" toppen. Eg synest å merka ein trend att meir og meir terreng må merkast. Er det sånn me vil ha det i fjella våre? Synspunkt?

Mvh. Anders O Skjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

For å ta 2 av toppane de nemner, som både de og eg har vore på, nemleg Gråsida og Kvitanosi på Voss. (Dei andre toppane kjenner eg for dårleg til så langt). Desse 2 toppane ligg i nærleiken av allereie eksistrande merka ruter. Gråsida ligg ved ruta Voss/Hjelle - Sandfjellet - Timaglaset - Torfinnsheimen - Hodnaberg (Hamlagrøvatnet). Eg har høyrt om at det vart merka ei suppleringsrute om Gråsidetoppen for ikkje lenge sidan. Når det gjeld Kvitanosi har eg sett bilete frå merking av bratthenget opp frå Bjørndalskjeften og opp til flyvraket på Kvitanosi. Om merkinga har gått over toppvarden og vidare, veit nok Anders S. meir om enn meg, trur eg. Det har eg ikkje sjekka.

Etter mi meining er begge desse merka rutene unaudsame, og dette kunne godt ha vore ugjort. Toppane er utanfor turleia, men er lette å nå frå ulike kantar. Merking er difor ikkje naudsamt på desse toppane. Å merka nye ruter er ein ting, men det må vera god nok grunn til det. Det er sjeldan gode grunnar for å merka til toppane. På forumet er merking i samband med Knutshøe ved Gjende heftig diskutert her inne, og merking av ruter til Gråsida og Kvitanosi er i same kategori som Knutshøe, og trengs dermed ikkje. Når det gjeld merkinga i bratthenget opp frå Bjørndalskjeften til Kvitanosi, er det ikkje heilt risikofritt med tanke på om uvêret sler til. Misser ein merkinga der i skodda, er det lett å trå feil der i bratthenget med høge berg og stup, og risikoen for å skada seg er til stades.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fyrst : No er det vel neppe naudsamt å merka til nokon topp, eller å merka nokon plass i det heile. Slik sett er vel det ikkje betre med den merka ruta mellom Voss og Torfinnsheim enn mellom Voss og Gråsidetoppen.

Ein del merka ruter er kjekt, spesielt for nybyrjarar i fjellet - at nokon av desse rutene går til ein topp gjer vel ikkje meir eller mindre enn at dei går igjennom skogen.

Men når det merkast kan det godt gjerast på ein estetisk god måte, og der må eg sei at Ottanosi stakk seg ut i negativ retning. Dei svære raude pilene såg ikkje ut. Rett og slett dårleg arbeid. Det som likevel var verst på Ottanosi var alu-stigen dei hadde plassert på eit litt "vanskeleg" punkt.

(Har berre vore på Ottanosi på sommarføre av dei tre nemde)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne artikkelen kom jeg over i Stavanger Aftenblad og er også en form for tagging som ikke er så flott å se på:

Polfareren Liv Arnesen er lei av at det dukker opp stadig nye varder i fjellet. Nå river hun ned alle hun kommer over.

Arnesen oppfordrer folk til å slutte med vardebyggingen. Spesielt rundt Arnesens hytte i Ål i Hallingdal har det gått over stokk og stein, mener hun.

- Hytta vår ligger ikke ved allfarvei, men selv her er det nå blitt to-tre varder på hver haug. Jeg river alle varder jeg ser. De forsøpler naturen, sier Arnesen til Nationen.

Hun får støtte fra Erik S. Winther. Som fjelloppsynsmann på veiene over Ringebufjellet mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen har han fjernet mange varder. Han mener folk tyr til vardebygging så snart de har klart å samle tre steiner.

- Rekorden er 110 nyoppsatte varder på en helg. Høydedragene ser ut som piggsvin. Vi måtte ta en sjau hver uke, og bar stein vekk fra høydedragene for å forebygge nye varder, sier han.

Han mener varder og engangsgriller er de største forsøplingsproblemene her i landet.

- Dette er visuell forsøpling, jeg kaller det fjellets tagging. Jeg har sett folk skrive navnet sitt med sprittusj under steinen. Varder og engangsgriller er de to største forsøplingsproblemene i Norge, mener han.

--------------------------------------------------------------------------------

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne artikkelen kom jeg over i Stavanger Aftenblad og er også en form for tagging som ikke er så flott å se på:

Polfareren Liv Arnesen er lei av at det dukker opp stadig nye varder i fjellet. Nå river hun ned alle hun kommer over.

Dette har vi diskutert før:

https://www.fjellforum.no/index.php?app=forums&module=forums&controller=topic&id=6346

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.