pulknewbie Posted November 12, 2020 Posted November 12, 2020 (edited) Med (u)jevne mellomrom gjør teltprodusentene små endringer/forbedringer på teltene sine. Er det noen som vet nårtid Hilleberg sist gjorde endringer på Keron GT? Vil et ti år gammelt Keron GT være nøyaktig likt det samme Keron GT som som du kjøper nytt i dag? Edited November 12, 2020 by pulknewbie gramatikkfeil Quote
Skal bare... Posted November 13, 2020 Posted November 13, 2020 Hilleberg har vore veldig konservative med tanke på endringar på teltmodellane sine. Keron har ikkje endra seg mykje sidan det vart lansert i 1980. Men nokre endringar har det vore. Nokre små endringar på mål og materialbruk har det vore, og dette lar det seg gjera å spore dersom ein studerer katalogane. Eit telt frå 2010 er heilt sikkert ikkje nøyaktig likt dagens telt, men det er dei små forskjellane som eventuelt finns, er neppe av betydning. Teltduken er den same, teltstengane er dei same. Desse vart endra frå ein litt tunnare duk og 9mm easton stenger ca 2004, det er nok siste signifikante endring på Keron. Eg trur Keron vart levert med andre pluggar, litt tyngre og kraftigare, i 2010 enn nå. Så er det sikkert nokre ubetydlege smådetaljar som ein må studere dei anktuelle telta for å finne. Eit 10 år gamalt telt har derimot ei historie. Det har vore brukt og det har vore lagra. UV-lys bryt ned duken, og eventuell fuktig oppbevaring er heller ikkje bra. Forskjellen mellom ulike 10år gamle telt med forskjellig historie, kan derfor vera større enn forskjellen mellom korleis eit nytt telt var for 10 år sidan og korleis eit nytt telt er i dag. 3 1 Quote
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.