Gå til innhold
  • Bli medlem

Overnattingstur til Kolsåstoppen


Anders P

Anbefalte innlegg

For eit par månader sidan flytta eg får Hammerfest til Oslo. Her i Oslo oppdaga eg plutseleg at eg har ein haug med venner og potensielle turkamerater, men dei spektakulære turmoglegheitene til Hammerfest skorter det ganske mykje på her i Oslo. 

Det er ikkje heile min vennegjeng som er spesielt interessert i teltturer så eg prøvde å lage ein lågterskeltur der så mange som mogleg kunne delta. Valet falt på Kolsåstoppen i Bærum. Dette er såvidt eg veit ein av dei få stadene i Oslo-traktene der du får eit realt stup, og stupet er attpåtil ganske høgt. 

Vennegjengen samla seg på Majorstua klokka fire på fredag ettermiddag. Så tok vi t-banen til Hauger t-banestopp. Derifrå gjekk vi opp til Kolsåstoppen. Eg vil tippe vi brukte omkring ein halvtime. Sola skein og det var omkring 12 grader. 

På toppen starta vi å sanke ved. Eg elsker utstyr så eg hadde kjøpt inn både tursag og øks. Problemet var at det tidlegare hadde regna uavbrutt i mange veker. Veden var difor våt ganske langt inn og vi hadde store problem med å få fyr. Løsningen viste seg å vere å bruke ein gassbrenner som ein slags flammekaster på kvistene. Etter langt om lenge og nesten ein halv gassboks fekk vi endeleg eit bål som brant stort og stabilt. 

Vi var tilsaman seks stykker på turen. Tre av oss skulle overnatte og tre skulle berre ha ein dagstur. Vi gjekk opp dit. Åt vår mat. Titta på utsikten over byen, alle dei små lysene som lyste veldig klart i nattemørket. Vi var der for oss sjølv og høyrte såvidt suset ifrå riksvegen langt der nede. Opplevinga av å vere på Kolsåstoppen er ikke heilt den same som å vandre rundt i Finnmark. På dei fleste stader i Finnmark får du opplevinga av at du berre er ein liten maur i eit stort mektig univers av einsam og brutal natur som når som helst kan endre seg å bli farleg, sluke deg. På Kolsåstoppen får du meir opplevinga av ei trygg havn, av eit stykke koselig Freia-melkesjokolade natur. Du har trær, du har bålplass, du har le for vinden og viss du skulle bli redd for mørket eller irritere deg for mykje over teltlivet kan ein alltids trekke ned til sivilisasjonen ved hjelp av ein halvtimes gåtur og ta ein taxi heim til sin varme seng. Så kort sagt: Eg synes også at Kolsåstoppen har sin sjarm. 

Så gjekk dei tre av mine dagsturvenner heim, og vi tre andre blei igjen og satt og prata rundt bålet. Det var svært koselig. 

Rundt klokka tolv gjekk vi til våre telt. Eg låg i mitt Hilleberg Staika telt. Eit vakkert, elegant, tungt og meget solid telt. Dei andre låg i Hilleberg Nallo telt og i eit Hilleberg Akto telt. Eg var ganske fornøgd med overnattinga i teltet, men innsåg at eg synes det er litt irriterande å gå oppoverbakke i ein halvtime med ein sekk som veg over 25 kilo. Eg starta å drømme om lettvektsutstyr og om korleis det ville ha føltes å gå på tur med ein sekk på berre 10 kilo. 

Vi våkna i ellevetida neste dag. Vi drakk presskannekaffe og åt havregrøt og gjekk så ned igjen til sivilisasjon i regn og tåke. 

Vi var alle einige om at det hadde vore ein fin tur og at vi burde gjere dette igjen snart. Kanskje vi då også skulle utvide det til 2 overnattinger slik at vi i større grad kom i turstemning og slik at roen i enda større grad kunne kome over oss. 

 

 

 

 

  • Liker 8
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.