Gå til innhold
  • Bli medlem

Biltur Hammerfest til Oslo


Anders P

Anbefalte innlegg

Eg har jobba i Hammerfest i Finnmark i 2,5 år, men fann no ut at eg hadde lyst å reise tilbake igjen til Oslo. Som sagt så gjort så fekk eg min far til å hente meg i Hammerfest. Saman skulle vi kjøre ein del av flyttelasset ned til Oslo. Vi skulle bruke god, ikke noko hastverk for å kome fort fram. 

Vi kjørte fra Hammerfest til Alta. Deretter vidare til Kænangen og Birtavarre. Så til Bardufoss og så til Narvik. Sidan det regna og vi skulle vere mange dager i ein full bil tok vi ikke sjansen på å skulle oppbevare eit stort vått telt der over mange dager. Tidlegare har eg også opplevd å få mugg på innerteltet så eg var litt redd for at dette skulle skje igjen. Følgjeleg bestemte vi oss for å sove på hotell. 

Etter dette gjekk turen vidare til Fauske over Saltfjellet og så til Nesna. To mil fra Nesna overnatta vi i telt. Min far blei svært positivt overraska over kor komfortabelt det er å vere to stykker inne i eit stort telt (Hilleberg Keron 4GT). Sidan teltet har to innganger slepp ein å gå oppå kvarandre, og ein kjem ikke borti kvarandre om natta. Vi brukte teltet utan innertelt og resultatet var at teltet var veldig stort og romslig. 

Dagen etter kjørte vi vidare til Sandnessjøen og så spissen av øya Tjøtta. Ferge fra Tjøtta til Forvika. Deretter åt vi middag i Brønnøysund og kjørte ut og såg fjellet Trollhatten. Der eit fjell der det er ei gråtte som gjer at ein kan sjå igjennom fjellet. Ei stund vurderte vi å bestige fjellet, men følte oss slitne og bestemte oss for å kjøre tilbake igjen og på yttersida av Sømna til vi nådde fram til Vennesund. Dette var fergeleiet til båten som skulle over til Holm, men det var kveld så vi bestemte oss for å slå camp der. Vi lurte på om vi skulle prøve å finne eit plass å slå opp telt i naturen, men det viste seg å vere vanskeleg å finne ein stad som ikke var oppdyrka og som låg langt nok unna dei ulike bondegårdene. Vi valte difor å svelge vår stolthet og budde denne natta på ein campingplass. Det var stille og fredfullt og få folk på denne campingplassen og vi hadde fin utsikt utover Bindalsfjorden. 

Etter fire dager i bil byrja vi å bli litt rastlause og hadde lyst å kome fram. Vi bestemte oss difor for å benytte oss av raskare veger inne i landet i staden for dei vakrere, men også mindre effektive vegene langs kysten. Difor satte vi kursen mot Trondheim, men fekk tid til å bade i Levanger på vegen. Etter Trondheim tok vi så turen til Ulsberg langs E6 før vi dreidde av mot Øst til Østerdalen mot Tynset. Her sov vi på eit slags hotell atter ein gong fordi det også denne dagen regna. 

Etter dette for vi rett til Oslo :)

Her er kartet som viser vegen vi tok: 

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7807616.60&lon=770636.12&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7717575.60&lon=688719.12&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7614431.81&lon=582119.80&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=7&lat=7481925.50&lon=480472.69&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=10&lat=7340879.17&lon=415777.36&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=11&lat=7235934.30&lon=362094.15&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

https://www.norgeskart.no/#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=9&lat=6909027.93&lon=284154.53&markerLat=7195811.84375&markerLon=343831.375&panel=searchOptionsPanel&sok=Storfjellet

 

 

 

 

 

Ting eg har lært: 

1) Det kan vere fint og viktig å gjennomføre slike far-sønn aktiviteter. 

2) Stort telt har mykje å seie for trivselen når ein skal bu saman med eit anna menneske over lengre tid. 

3) Det var fint å vere fleksibel rundt dette med telting. Det å absolutt skulle bu i teltet uansett ver kunne ha blitt veldig slitsomt. 

4) Nordre delen av Nordland, Tromsø og Finnmark har mykje vakker, uberørt og spektakulær natur. Det kryr av gode teltplasser der og fine fiskevatn. 

5) Ein slik norgestur gir fine moglegheiter til å sjå kva Noreg har å by på, og kva slags stader ein har lyst å bli betre kjent med. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

IMG_20200601_210812922_HDR.jpg

Forsøl: 15 minutter øst for Hammerfest. Eit siste farvel. 

 

IMG_20200601_224803314_HDR.jpg

Ei strand ved Hammerfest. Einsamt og kaldt. Her bada vi for siste gong i Hammerfest. Sørøya i horisonten.

 

IMG_20200603_184541553.jpg

Hit, men ikke lenger kom vi då vi ønskja å sjå Svartisen, Norges nest største isbre. 

 

IMG_20200604_073143969_HDR.jpg

To mil frå Nesna oppå fjellet. Vi ser oppå Lovlund. 

 

IMG_20200604_074442_01.jpg

Same som over. 

 

IMG_20200604_225737142_HDR.jpg

Ut mot Havet fra Vennesund. Havet heiter Sømna. Dette er i Nordland på grensen til Trøndelag. 

 

IMG_20200605_082808362_HDR.jpg

I Vennesund. 

 

IMG_20200605_082831097_HDR.jpg

I Vennesund. 

 

IMG_20200606_094603026.jpg

Endret av Anders P
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.