Gå til innhold
Mammut94

Tunnel vs. Kuppel

Anbefalte innlegg

Eg er litt overraska over dei som vel kuppeltelt pga takhøgda, for sjølv foretrekk eg tunneltelt pga takhøgda. Dei kuppeltelta eg har vore borti, har ikkje vore høge nok til at eg kan sitje med rett rygg, i alle fall ikkje nær åpningen, og det kan eg i alle tunneltelt eg har vore borti. Eg likar også best formen på tunneltelt, men dette er sjølvagt heilt bare min personlege smak.

Men viktigaste fordel med tunneltelt, er kor enkelt og raskt det er å sette opp, særleg når ein er åleine. Nokre kuppeltelt er veldig vanskelege å setje opp, andre er meir overkomlege, men ingen er så enkle og raske å setje opp som tunneltelt. Hilleberg sine kuppeltelt med krokar, er enkle å setje opp, men det tar lang tid.

Kuppeltelt er tyngre, pga fleire stenger. Men det er enklare å stramme teltduken, så lydnivået er meir behagleg i vind.

Det er også mange telt som kombinerer element frå tunnel og kuppeltelt. Dei fleste av desse har, etter mitt syn, kombinert ulempene frå begge telttypene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Luesveis skrev (2 timer siden):

Det kommer vel an på hvor stort fortelt man har i tunnel- eller kuppelteltet sitt?   Om forteltet er trangt, går det an å klipse vekk innerteltet mens man skifter, om teltet ikke er av amerikansk type der innerteltet settes opp først.

Heilt riktig. Det er mange andre ting som er like viktig som kva slags bærande kontruksjon teltet har. Det er store, tunge telt og små, lette telt. Valget er gjerne om ein vil ha komfort i leir eller medan ein går. Storleiken på teltet er også avgjerande for kor stor teltplass ein må ha.

Tunneltelt er tunneltelt. Det klassiske tunnelteltet har fortelt i begge endar. Det betyr at det er ganske langt. For å spare vekt, er det også tunneltelt med fortelt i bare eine enden, og innertelthøgda går mot null i bakkant, med dei ulempene det gjev. Ein modell som knapt kan kallast tunneltelt, men som likevel er ein fortsettelse av denne forenklinga, er småtelt med ei tunnelteltstang på midten og skrå ned i begge ender, som Hilleberg Akto og Helsport Ringstind.

Kuppeltelt finnst i langt fleire variantar med forskjellig tal stenger på kryss og tvers og i ulik form frå langstrakt til nær sirkelrundt. Dei mest kompliserte, med mange stenger, kan vera temmeleg solide, men ei sann plage å sette opp. Dei aller enklaste er 2 stenger diagonalt hjørnemellom. Det fungerer godt på små telt, men vert lite solid på store telt. Dei fordelene som nevnt for eit kuppeltelt, treng ikkje gjelde for eit anna kuppeltelt. Mi erfaring er at det er dårleg plassutnytting i eit kuppeltelt, men i denne tråden plassutnyttinga nevnt som ein fordel for kuppeltelt. Det er ikkje bare telta som er ulike, men dei som skal bruke telta er også ulike.

Og så er det kombinasjonar av desse konstruksjonane. Det kan vera kuppelkonstruksjon med tunnelfortelt og -inngang, eller tunnelform med kryssande  teltstenger. Kombinasjonane er mange.

Ikkje gløym at det finnst teltkonstruksjonar med rette teltstenger også, som hustelt og spisstelt. Er ein oppteken av låg vekt, er det mykje å spare på desse konstruksjonane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder og sporingslenker

Fjellsport Fjellsport

Milrab Milrab

Skitt Fiske

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.