Gå til innhold
  • Bli medlem

Gullsetedalen, øksahogget mellom Rambera og Fresvikbreen.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Turen innover dette dalføret er ingen teknisk utfordring, men det er noko lengde på turen, ca. 1 mil kvar veg. Derimot byr dalføret på eit sjeldant storslagent og dramatisk fjellandskap rundt dalføret. Det er mao. svært villt fjellandskap i denne elles vakkert grøne stølsdalføret. Det er mange klatreveggar her inne, for dei som er interesserte i det. Nordaust for Rambera er det ein liten og bratt brearm (Steinbotnbreen) som kastar seg villt eit lite stykke nedover mot Gullsetedalen.

Turen startar i Feios, 7-8 km. innover rv. 602 forbi Vangsnes ferjekai, Midtre Sogn. Kjem ein frå Vik, køyrer ein berre forbi Vangsnes ferjekai og vidare innover mot søraust. Kjem ein med ferja, svingar ein til venstre frå kaien, (der "alle" køyrer framover mot høgre i retning Vik/Voss). Passér butikken på kaien i Feios, der vegen krokar seg trongt og kryssar elva. Rett etter bakken opp frå brua tek ein av mot høgre og svingar kraftig inn på vegen oppover. Dermed er det berre å følgja vegen oppover Feiosbygdi til ein kjem lengst inn innanfor Tjønn og Grindedal. Eit lite skilt viser vegen til Gullsete. Køyr nett oppover grusvegen som tek av her innover 1-200 meter, og parkér før første grinda. (Skal ein køyra vidare, får ein ta kontakt med grunneigarane, men turen innover resten av grusvegen er ikkje lenger enn at det ikkje trengs, ca. 2 km.).

Dermed er det berre å ta beina fatt oppover grusvegen. Snart er ein oppe ved den første stølen, som kallast Varpe. Der står det eit sel i vegkanten, 374 m.o.h. Dermed ber det litt oppover skogen, og vel framme ved ei støypt bru tek skogsvegen slutt. Ei gravemaskin var i arbeid der då eg gjekk der, så det kan godt henda at det skal lagast skogsveg lenger innover. Etter brua ber det på god sti innover skogen i dalføret. Oppe til venstre strekkjer Turid-dalen oppover, med Astrid-botnen til høgre for seg. Eg har høyrt om at folk går opp der og over høgda forbi Fresvikbreen og ned Helgedalen og Storedalen til Fresvik, lenger inne i Sogn. Etter ein kort marsj er ein framme ved Haugasete, 460 m.o.h. No ser ein innover Haugasetdalen, med Hestfjellet under Rambertinden/Rambera som blikkfang der inne.

Stien held fram frå Haugasete, og trekkjer innover det skogkledde dalføret innover. Stundom er stien nære elva. Dette er Storelvi i Feios, ei noko så sjeldan som heilt urørt elv utan utbyggjing av noko slag. Det kan henda at enkelte av høgfjellsvatna sør og vest mot Seljedalen i Vik er overført Refsdal Kraftverk i Vik, men breelva frå Fresvikbreen er urørt iallfall, og den renn friskt. Eg hadde ikkje teke sjanse på å kryssa denne utan bru, så stor som den var i haustvarmen den dagen eg var der. Innover Haugasetdalen kryssar stien elva på ei bru, og vel oppe på ei svær steinurd av ein morenerygg ber det over elva på ei bru nok ein gong. Dermed er ein oppe ved Gullsete, 715 m.o.h., der stølen ligg oppå moreneryggen med flott utsyn nedover Haugasetdalen. Gullsete har namnet sitt frå at beitene her var så saftige at kyrne mjølka svært feit mjølk. Det mørkast og kraftigast gule smøret på stølane i Feios kom frå Gullsete, derav namnet.

No skiftar dalføret namn til Gullsetedalen. Rett over stølen mot vest ser ein opp i Steinbotnen til høgre for Hestfjellet og Rambera/Rambertinden, 1623 m.o.h. Rambera kan nok bestigast ved vanleg gange ved å traska opp den lange fjellsida lenger inne i Gullsetedalen mot Svartavatnet, etter at skogen i fjellsida har stoppa opp. (Dei høgste trea når opp i ca. 1200 m.o.h. lenger nede i dalføret, såg det ut til). Det er skikkeleg bratt, men det såg framkomeleg ut. Frå Gullsete held eit solid sauetrakk vidare innover Gullsetedalen. Det ber over ein vierkledd flate, og deretter gjennom eit lite skogholt. Så ber det ut på dei breie lyngheiane. Her er det frodig, svært frodig. Den som likar tyttebær finn mange kilo av dei her inne. Sjeldan ser eg så mykje tyttebær på ein stad som eg såg her. Det som slår ein her inne er den rike og kraftige elvasusen, som vert stadig sjeldnare å høyra i norske fjell. Små flokkar av sauer beita villig her inne, og dei slår følgje med fjellvandrarane her inne i påvente av godsaker.

Snart er ein oppe ved Svartavatnet, 983 m.o.h. No er ein inne i ein dramatisk og vill botn, der fjellsidene stupar nestan loddrett nedover mot vatnet. Store steinurder omkransar vatnet. Den største fossen oppe til venstre kjem direkte frå Fresvikbreen. Ein ser ikkje breen her nede frå, men den ligg nett bak kanten der fossen kjem i frå. Det verkar som at breen har trekt seg så mykje attende, at den ikkje er synleg nedefrå lenger. Sør for vatnet heng det små brearmar med blåis, men ingen av dei har direkte kontakt med Fresvikbreen. Då eg var der var elva for stor, men når ein kan kryssa elva kan ein trekkja oppover fjellsida mot vest, der ein kan gå opp til både Nummestolane (nærast), 1640 m.o.h., og Rambertinden, 1623 m.o.h. Ein kan óg trekkja opp steinurdane innanfor vatnet og trekkja over fjellet mot Feiosdalen og Fresvik-Jordalen.

God tur til eit spanande fjellområde med dramatisk fjell- og bre-landskap. Jfr. FU sine bilete på Vestlandsquisen tidleg i september i år.

Helsing Stuttjukken.

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Frå kvar er kortaste turen til toppen av Fresvikbreen? Er det greiast om sommaren, eller kan den

anbefalast som ein vårskitur??

Enklaste vegen til topps er sommarstid frå bomvegen som går laaangt framover Fresvikjordalen frå fremst i Nærøydalen. Vinterstid vert det ei mil lengre kvar veg. Parkèr ved Leitet rett nordaust for Øvstedalen. Du byrjar då på ca 950 moh og har ei knapp mil til toppen. Følg stien mot Tundalen (Fresvik) og ta av mot breen ved høveleg stad. Me tok av rett før Langafonnvatnet, noko som var heilt greitt.

Nedatt gjekk me meir mot vest, men heller ikkje her var det noko vanskeleg. Fin tur, men breen var langt mindre enn kartet viste. Og det var for fire år sidan. Me var oppover tidleg i oktober og hadde ikkje bruk for sikringsmiddel sidan all snøen var borte (veldig tynt lag med nysnø), men gjekk med stegjern då det kjendest litt tryggare.

Når det gjeld vintertur har Arnt Flatmo teke turen, om enn i ei noko strabasiøs utgåve: http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/fresvikbreen.html

Kan vere mogleg at den gjerast som ein vårskitur frå fremste garden i Fresvikjordalen, men uansett ein del lengre enn fotturen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ørjan si rute til Fresvikbreen er den kortaste frå veg til bre. Sjølv går det eindel folk frå Fresvik (stølen Engi), og innover den storslagne og tronge Tundalen (jfr. tråden om turen i fotefara til Gjest Baardsen), og opp til Vassosen. Derifrå trekkjer dei opp mot Fresvikbreen, og går i taulag nordover mot Huldakyrkja, ein bergtind ovanfor Storedalen på austsida av breen. Ser Agnar på kartet over Gullsetedalen, ser han at det er råd å ta seg opp den bratte fjellsida mot søraust frå Gullsete, og over toppen på 1625 m.o.h. (utan namn), der ein så går ned! på breen. Vinterturar tek ein frå Fossestølen på vikjafjellet eller frå Skard i Fresvik over Langafjellet og Rjupeskard. Bilete, ja. Eg tok mange bilete denne dagen. Eg held på med å læra meg bilethandsaming på datamaskinen no. Når eg kjem langt nok i dette, slik at eg får dette til, kjem eg til å leggja ut bilete frå turen på denne tråden.

Denne turen gjekk eg tysdag for 5 dagar sidan, men torsdag, fredag og laurdag denne veka gjekk eg 2 korte og middels lette turar (Romarheimsmarka/Lindås og Hamlagrø) og 1 kort og blytung tur (vestsida av Steinslandsvatnet, Modalen). Er det interesse for det, kunne eg kanskje ordna til ein tråd med små turperler på midtre Vestlandet. (Lengre turar som denne tråden fortel om kan koma som eigne trådar, som før). Turane er kanskje ikkje i kategorien fjell-SPORT, men kan henda dei er å betrakta som turar for tur-gourmetar, lågt eller høgt. G-arnt har spurt meg om liane på vestsida av Steinslandsvatnet. Den eine ruta er framleis OK, medan den andre er i ferd med å verta så gjengrodd at den er livsfarleg. Eit solid fall i går førte til mistanke om brest i sidebein på høgre sida, men eg er på beina i dag, om enn i ro med smerter i sida i enkelte kroppstillingar. Eg har tru på at dette går over etter ei tid, så eg reknar med å kunna ta fleire turar utover hausten, når tid og vêr tillet det.

Helsing Stuttjukken, småskadd, men optimist likevel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ukjent og for oss utenfra litt utilgjengelig terreng det her, litt for mye krik og krok for å finne fram føler jeg, i tillegg til at det er så langt unna østlandet - dessverre! For det er variert og koselig landskap dette, der nettopp elvene og fossene du nevner preger inntrykket, noe man i dette vårt kraftslukende land ikke lenger er bortskjemt med! :(

Men du må vise oss perlene m/ bilder, Stuttjukken!

Bilder synes jeg er særs viktig for å formidle et landskap. Man kan jo delvis se det for seg v/ å følge turbeskrivelsene på kartet

(heldigvis er du detaljert og god til det), men det blir aldri helt det samme uten bilder...

Regner vel med at du tar bilder på turene?

Og har du ikke hoppet på digital-verdenen ennå, så gjør det nå!

Det er moro, og ikke minst lettvint å dele opplevelser m/ andre på den måten.

Kan vi se fram til dette eller..? :D

Og god bedring da! :? (du kunne jo stikke avgårde og kjøpe deg et dig-kamera imens..? :wink: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takkar Ørjan og Stuttjukken for informative svar. Dersom mildværet held seg kan det bli aktuelt

å ta turen i oktober.

Ser Agnar på kartet over Gullsetedalen, ser han at det er råd å ta seg opp den bratte fjellsida mot søraust frå Gullsete, og over toppen på 1625 m.o.h. (utan namn), der ein så går ned! på breen.

Vert det for bratt/for mykje ur å gå opp frå Svartevatnet til vatnet på 1364 m.o.h.?

Denne turen gjekk eg tysdag for 5 dagar sidan, men torsdag, fredag og laurdag denne veka gjekk eg 2 korte og middels lette turar (Romarheimsmarka/Lindås og Hamlagrø) og 1 kort og blytung tur (vestsida av Steinslandsvatnet, Modalen). Er det interesse for det, kunne eg kanskje ordna til ein tråd med små turperler på midtre Vestlandet. (Lengre turar som denne tråden fortel om kan koma som eigne trådar, som før). Turane er kanskje ikkje i kategorien fjell-SPORT, men kan henda dei er å betrakta som turar for tur-gourmetar, lågt eller høgt.

Skulle gjerne sett meir stoff frå Vestlandet på forumet, det vert mykje Jotunheimen. Sjølv tok eg

turen i sommar frå Romarheimsdalen til Skavlabu. Flott tur i for meg ukjent terreng, og fekk ein

forsmak på Stølsheimen.

Til eaa:

Ikkje mange krinkelkrokar for å finne fram her. Frå Hedmarken er det strake vegen over Sognefjellet, eller Fillefjell til Gudvangen, og då er du der nesten. Men du køyrer jo forbi

mange 2-K toppar på vei vestover......

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Til eaa:

Ikkje mange krinkelkrokar for å finne fram her. Frå Hedmarken er det strake vegen over Sognefjellet, eller Fillefjell til Gudvangen, og då er du der nesten. Men du køyrer jo forbi mange 2-K toppar på vei vestover......

Huff ja! Knalltøffe vilkår det gitt, som virkelig krever sjøldisiplin! :wink: Ja, kanskje litt i meste laget - :?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg såg at det var ei stor steinurd oppover frå Svartavatnet mot vatn 1364, men det verka som at det går an å gå opp der, og vidare sørover mot Fresvik-Jordalen. Det var kun ein liten snøklatt med blåis der no, og den kan ein passera på avstand. Kart for området heiter "Leikanger".

Jau, skal Eaa på tur til fjellområda her vest ved Sognefjorden må han forbi mange 2k, ja. Då trur eg det er ein god erstatning med dei lange og høge fjellsidene og liane her vest, som stundom går rett ned i fjorden. Det skal ikkje mangla på at Ess finn kjensla med å vera ovanpå, der det er temmeleg langt ned i botn. Skålatårnet i Loen er blant Norges beste døme på dette, men i Stølsheimen og vidare austover er det store stup mot Finnafjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden, og mange stader er det utsyn til både Jostedalsbreen og Jotunheimen, men i tillegg vert det utsyn mot Folgefonna og anna høgfjellsområde i Hardanger og Sunnhordland, Stølsheimen, fjellområda rundt Sogn, og vidare mot Sunnfjord og Nordfjord. Eg tenkjer Eaa finn nokre perler her borte.

Ser at Agnar nemnte at han gjekk frå Romarheimsdalen (Dyrkolbotn reknar eg med) til Skavlabu. Det er ein lang og grei dagsmarsj i svært kuppert terreng. Kor gjekk turen vidare, Agnar? Ein annan gong får de ta turen Straume i Modalen - "Seljestigen" til Vardadalsbu - Norddalen - Ortnevik i Sogn, eller vidare Solrenningen (frå Norddalen) - Vatnane (min favoritt) - Åsedalen - Vikjafjellet, eller vidare Selhamar (Raudberget) - Torvedalen - Volahytta/Tvinnestølen - Voss. I juli tok eg turen frå Stussdal i Romarheimsdalen og vestover mot Kalvedalen i Fjonfjella (mot Masfjorden vestover).

Bilete kjem når eg klarar å få til dette med bilete på datamaskinen og nettet. Digitalkamera (Canon speilrefleks) skaffa eg meg tidleg i sommar. For tida er dei lasta ned på fotosida mi hjå Foto Knudsen. Elles nemner eg turen sist laurdag då eg skada meg litt, kjem i ein annan tråd seinare. Fjellområdet denne turen gjekk i er eit bortgøymt paradis, som er tung og krevjande å koma til, men vakrare område skal ein leita lenge etter. Det er lettare å gå frå Turtagrø til Fannaråki, enn opp i desse bortgøymde botnane, sjølv om stigninga oppover er kun rundt det halve. Og går ein heilt opp på toppen, og held fram til neste topp, kan ein sjå til både Fannaråki og Hurrungane, og ifølgje ods siktelinjer skulle Galdhøpiggen vera i sikte óg. Dette er på vestsida av Steinslandsvatnet i Modalen. Så kan Agnar og Eaa berre finna fram eigna kart på nettet og kikka. Kartet heiter "Eksingadalen". Botnane heiter Tverrabotnen og Sæterbotnen, og er mellom Gråsida 1165 og topp 1191 og topp 1211, sistnemnde med utsyn mot Jotunheimen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, skal Eaa på tur til fjellområda her vest ved Sognefjorden må han forbi mange 2k, ja.

...

Det skal ikkje mangla på at Ess finn kjensla med å vera ovanpå, der det er temmeleg langt ned i botn.

Hehe - likte den der der ja! :wink:

Takker ærbødigst for tilliten..! Og er man et ess, så føler man seg vel oftest ovanpå! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Agnar nemnte at han gjekk frå Romarheimsdalen (Dyrkolbotn reknar eg med) til Skavlabu. Det er ein lang og grei dagsmarsj i svært kuppert terreng. Kor gjekk turen vidare, Agnar?

Helsing Stuttjukken.

Det blei berre med Dyrkolbotn - Skavlabu og retur dagen etter, men det freistar absolutt med ein lenger tur austover i Stølsheimen. Og Taket kunne eg òg godt tenkt meg å besøke. Akkurat no tenkjer eg mest på kommunetoppane, så får vi sjå kva det blir til utover hausten. Kanskje eg tek ein på veg heim frå Bergen i helga, Svadfjellet i Gulen er ikkje lange avstikkaren frå Kringla.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svadfjellet i Gulen kan ein like gjerne gå til frå Indre Oppedal. Det er veg langt innover dalføret der, men om den er open for fri ferdsle anar eg ikkje. Går ein så opp til Inngardsstølen, er det ikkje langt innover til Svadfjellet. Sjølv gjekk eg opp frå Asseim og over Synnlikletten til Asseimsstølen (særmerkt samling med stølshus) ein oktoberdag for nokre år sidan. Eg fekk vita at ein kuinne gå vidare over Portevarde mot Sætrestølen, der Svadfjellet er litt lenger inne. Frå Kringla er det ein god del opp og ned trur eg, men det går no eit dalføre innover der óg. De veit sikkert om den merka stien lenger sør, frå Kringla til Stordalen. Ein kan til og med gå frå Stølsvatnet i Ikjefjordfjella (sideveg frå Stordalsstølen), trekkja vestover mot Myrestølen, vidare gjennom dalføret til Årnesstølen, og vidare mot Svadfjellet.

Sånn går det Eaa, når a og s er ved sida av kvarandre på tastaturet. Når det er sagt, var kanskje ikkje denne skriveleifen så hakkande galen likevel, trur eg. Var det nokon som hadde fortent dette (Ess), var det deg, Eaa. Forumet hadde ikkje vore heilt det same utan deg og dine turrapportar, Eaa. Det same kan seiast om fleire på forumet.

Eg trur de får setja av nokre dagar eller veker vestpå neste år, Eaa. Etter mange år i Jotunheimen er det på tide å ta turen til fjellområda som dirra i disen langt der ute, som de såg utover mot og "ned" på frå diverse 2k-ar i Jotunheimen. Elles var eg faktisk austpå i dine heimtrakter i ferien, Eaa. Det vart ikkje fotturar, men eg drog blant anna over frå Ringebu på Friisvegen til Atna (Østerdalen), og vidare over Hanestadkjølen til Øvre Rendalen, og endåtil vidare austover mot Fiskevollen ved Sølensjøen. Vêret, nei det var realt styrtregn det, såpass at Østerdalen vart stengd ei tid då. Eg kom meg vidare sidan eg drog over Unset og Brydalen til Tynset. Høyrest dette kjent ut, Eaa?. Kjekt å sjå anna type fjellandskap óg, med breie flyer og vide reinlavsheiar, og toppar her og der. Kor de skal gå til fjells i vest, får de vita frå forumistane her vest. Mellom Sogn og Nordfjord er Agnar svært aktuell, om de dreg der til. Sør for Sognefjorden finn de fleire. (FU, Jarle, g-arnt, kjellinge, osv.).

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var det nokon som hadde fortent dette...

Hrrmff :) - jeg får nok si som den lett skeptiske småbrukeren i "The julekalender": "Nååh..!"

Elles var eg faktisk austpå i dine heimtrakter i ferien, Eaa. Det vart ikkje fotturar, men eg drog blant anna over frå Ringebu på Friisvegen til Atna (Østerdalen), og vidare over Hanestadkjølen til Øvre Rendalen, og endåtil vidare austover mot Fiskevollen ved Sølensjøen. Vêret, nei det var realt styrtregn det, såpass at Østerdalen vart stengd ei tid då. Eg kom meg vidare sidan eg drog over Unset og Brydalen til Tynset. Høyrest dette kjent ut, Eaa?.

Ja gjett'a! :D

Dette er landskap jeg har fartet på kryss og tvers under jakt, fiske, foto- og fugleturer i alle år, både skau- og fjellturer, sommer som vinter.

Men synd du fikk dårlig vær da! Da har du jammen meg vært uheldig, for det har jamt over vært en praktsommer over innlandet - fra april til dags dato!

Ellers er jeg imponert over dine lokalkunnskaper, ikke minst om landskapsnavn og navnehistorikk!

Slikt er egentlig ganske spennende, da kunnskap om navn og deres betydning fra gammelt av kan gi mengder av info når man leser kartene,

og da info langt utover det kartografien gir (forutsatt at SK ikke har rukket å rasere navnene på kartene da! :? ).

Og skulle håndbrekket ryke en dag, slik at jeg triller av kjølen og videre vestover, ja så kanskje jeg tar kontakt også med andre enn Falken?! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tru ikkje at vêret øydela for turen innover der. Om eg ikkje skulle på fottur, var eg ofte ut av bilen, med både regn og vind i fjeset. Inne ved Fiskevollen fann eg det eg kom for, sjølv om skodda skjulte alt av fjell i Sølen. Eg skulle kikka på Norges største innlands fiskevær, og regnet understreka stemninga der inne i staden for å øydeleggja den. Eg traska mellom dei gamle buene der i mykje av ein time, og var søkk våt då eg var tilbake i bilen. Linsene dogga og måtte turkast på varmeapparatet i bilen. Det var eindel trafikk der inne, men dette regnvêret var så kraftig at det anar meg at jegarane vart skremt attende til bilane og heim. Visst er tek fjellet seg finare ut i sol og finevêr, men regnvêret fekk fram korleis fjellet verkeleg er, sjølv om det er aldri så sjeldan det er slikt regnvêr på desse kantar. Det vart visst sagt at det i somme område på dei kantar ikkje hadde regna så voldsomt på årevis, om eg skal tru på det då. Som vestlandsvêr var dette kun ein tanke over middels styrke på regnet. Det som var annleis med regnet på indre Austlandet denne dagen var at dette varte og varte og varte utan stopp, over 1 døgn utan pause, og det nestan overalt mellom Mjøsa og Trondhjemsfjorden. Var det nokon som fekk hundreårs-regnet den dagen der inne, tru? (Eg trur ikkje det, men dette er sjeldan i dette området).

Eaa nemnte at om handbrekket rauk, trilla han kan henda ned frå Kjølen og vestover. Hjelper det? For meg er Kjølen det same som grensetraktene mot Sverige, eit område eg var innom på turen då eg køyrde innover frå Stjørdal, gjennom Selbu og Tydal (ikkje langt frå Sylane) til Aursunden, Brekken og Rørøs. For meg er Kjølen der inne. Det finns andre langt mindre Kjølar, men etter mine begrep inngår verken Jotunheimen og Langfjella vidare sørover for nokon Kjøl. Vestover frå Kjølen er for meg som frå t.d. Femunden til Rendalen.

Kjem Eaa ein tur til "min" del av Vestlandet, bør han trekkja innover til dei mest storslagne delane av Stølsheimen som er i områda rundt Finnafjorden vest for Vik i Sogn. Ein aktuell tur for Eaa er t.d. Ortnevik - båt til Sylvarnes - over Kleivfjellet til Solrenningen - innover mot Finnabottsgavlen og over Urdeggi til Vatnane - dagstur til utsynet over Finnafjorden/Fagerdalsnipa/utsynet mot Sogne- og Arna-fjorden/utsynet mot Jotunheimen/attende til Vatnane - over Hestfjellet og forbi Raudberget til Selhamar - via Askjellsdalsvatnet/Lonevågdalen/Trolladalen til Fjellanger midt i Eksingedalen. Denne turen går utanfor allfarveg over store strekk, men overnattinga skjer i hytter. Ein annan tur for han i "min" vestlege del av Stølsheimen er Straume i Modalen - "Seljestigen" til Vardadalsbu - dagstur i området nordvest for Vardadalsbu med bortgøymde stader ut mot høge stup mot Årsdalen i Bjordal i Sogn - sørover delvis stilaust vest for Smalavatnet til Skavlabu - ned til Mo i Modalen, med fjordutsyn mot Mofjorden. Dette er óg noko for Agnar, når han er sør for Sognefjorden.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eaa nemnte at om handbrekket rauk, trilla han kan henda ned frå Kjølen og vestover. Hjelper det? For meg er Kjølen det same som grensetraktene mot Sverige, eit område eg var innom på turen då eg køyrde innover frå Stjørdal, gjennom Selbu og Tydal (ikkje langt frå Sylane) til Aursunden, Brekken og Rørøs. For meg er Kjølen der inne. Det finns andre langt mindre Kjølar, men etter mine begrep inngår verken Jotunheimen og Langfjella vidare sørover for nokon Kjøl. Vestover frå Kjølen er for meg som frå t.d. Femunden til Rendalen.

På indre østlandet er Kjølen=Langfjella.

Men uttrykket er også brukt om grensefjella mot Sverige fra Hedmark, om enn i mindre grad.

Ellers blir uttrykket også brukt i generelle vendinger som landskapsbeskrivelse,

som fx "Vi jaktet oppå skaukjølen mot Kansbekksetra.", der ordet da brukes om digre, langstrakte og flate skauåser,

gjerne med myrsystemer liggende langsetter toppryggen av de flate høgdedragene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svadfjellet i Gulen kan ein like gjerne gå til frå Indre Oppedal. Det er veg langt innover dalføret der, men om den er open for fri ferdsle anar eg ikkje. Går ein så opp til Inngardsstølen, er det ikkje langt innover til Svadfjellet. Sjølv gjekk eg opp frå Asseim og over Synnlikletten til Asseimsstølen (særmerkt samling med stølshus) ein oktoberdag for nokre år sidan. Eg fekk vita at ein kuinne gå vidare over Portevarde mot Sætrestølen, der Svadfjellet er litt lenger inne. Frå Kringla er det ein god del opp og ned trur eg, men det går no eit dalføre innover der óg. De veit sikkert om den merka stien lenger sør, frå Kringla til Stordalen. Ein kan til og med gå frå Stølsvatnet i Ikjefjordfjella (sideveg frå Stordalsstølen), trekkja vestover mot Myrestølen, vidare gjennom dalføret til Årnesstølen, og vidare mot Svadfjellet.

Helsing Stuttjukken.

Gjekk turen i dag, starta rett nord for vatnet på Kringla, ved E39. Trur nok dette er kortaste ruta. Gjekk opp dalen med

det "velklingande" namndet Skitdalen. Vidare opp til Blåfjellsvatnet, øst for dette og delvis på varda sti i lettgått

terreng innover mot Svadfjellet. Returen gjekk via Sætrestølen, som ligg flott til i ein nydeleg dal. Vart litt lenger med

denne omvegen, så eg var tilbake ved bilen etter knapt 5 timar. Kameraet er på tur, så det vart ingen bilder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eaa og Agnar har spurt etter bilete frå turen. Dei er ikkje klar i skrivande stund, men no har eg endeleg funne ut ein måte å leggja bileta ut. Eg fekk dette endeleg til i eit anna forum, men dette dreiar seg om eit format på 800x600 eller der omkring. Greitt nok det, men eg ser at dei fleste bilete her er lagt ut som "thumbnails", så tips meg nokon. Eit av bileta eg hadde tenkt å leggja ut er frå Steinbotnbreen, ein bre kan henda kun FU her på forumet har sett utanom meg, den gongen han tusla over Rambera.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Stuttjukken: Du må berre legge bileta ut 800x600-format, dette blir automatisk konvertert til "thumbnails" på desse sidene - det er først når du klikker på "thumbnails" at dei store bileta kjem fram. Når det gjeld Steinbotnbreen må den vere meir tydleg frå Gullsetedalen enn oppe på på Rambera. Eg var i alle fall ikkje klar over at det var ein bre der...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å følgje denne tråden litt opp; Steinbotnbreen såg eg aldri oppe på Rambera, men mellom Rambertinden og Nummestolane finst nokre småbrear som ein her ser. På kartet kan eg ikkje sjå at desse har noko namn.

post-908-133474438115_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette biletet er vel teke frå Rambertinden (1623 m.o.h.) og sørover mot Ytstevarden (Nummestolane, 1640 m.o.h.), ikkje sant, FU?. Det skal vera eindel mindre brefonner bortover denne høgfjellsryggen, så vidt eg veit. Torstein Hønsi i Vik er kjende oppå der iallfall, og har bilete derifrå på si heimeside (Vikjavev.com). Når ein ser på kartet, er Fresvikbreen notert til å vera 1648 m.o.h., kun 8 meter høgare enn Nummestolane. Det er dermed ganske sikkert at Nummestolane er det høgste fjellet mellom Vik og Nærøyfjorden, då ein nedtint Fresvikbre kjem noko under dette, og er truleg allereie kome under 1640 m.o.h. Rett nord for breen er det ein topp på 1625 m.o.h., og fjellet under breen er truleg lågare enn det óg. Fenomenet kan trygt amanliknast med Glittertind (kontra Galdhøpiggen), med fonna over som er i ferd med å minka, slik at andre fjell rundt vert høgare. Steinbotnbreen ligg nede i søkket nordaust for Rambertinden, og heng oppover stølen Gullsete, og blåisen gapar av skrekk. Nokre varme år til, og den ramlar ned og vert borte.

Vossaskavlen var på vikande front då eg tusla over der for 3 år sidan. Er biletet frå det punktet der ruta kryssar det vetle breplatået, har breen trekt seg bort i fleire hundre meters breidde ovanfrå, slik at det kun er skavlkanten som er att. Det kan ein trygt sei er ein dramatisk vekksmelting på nestan null time.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jau, biletet er frå Rambertinden mot Nummestolane. Du har eit poeng med nedsmeltinga av Fresvikbreen som ikkje har slått meg før; Nummestolane er kanskje Fresvikhalvøya sitt høgaste punkt! Eg legg ved eit bilete av Nummestolane frå Svinadalsholtane (1564 moh), med Jostedalsbreen synleg lengst bak, og eit anna som viser Fresvikbreen i sommar, også frå Svinadalsholtane.

post-908-133474438151_thumb.jpg

post-908-133474438158_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Interessante bilete frå FU, dette. Biletet av Nummestolane er teke mot nord-nordaust, og det er Jostedalsbreen som er bak til venstre i biletet. Biletet av Fresvikbreen viser at snølinja eller firnlinja er omtrent borte, og ligg her høgst innpå breen, ser eg. Sommaren var ikkje slutt då FU tok bileta, så det kan henda at snølinja forsvann heilt. Det betyr at absolutt heile Fresvikbreen tiner temmeleg raskt for tida, både i kantane og overalt inne på snøflata. Det er grunn til å tru at breen rett og slett sig ned på høgda med fleire meter i år. Biletet viser at blåisen står der og gapar i vilden sky.

Vel, no har eg endeleg fått lasta ned 14 bilete, og lasta dei opp att, sjølv om det tok evigheiter. Då gjer eg eit forsøk på å få lagt dei ut, med nokre kommentarar til. Bileta er i 800x600 i teorien, men eg anar ikkje korleis dei kjem til å ta seg ut på forumet. Morten og Julia, eller moderatorar får setja skapet på plass etterpå, og får forklara kva eg burde ha gjort, slik at eg kan gjera det rett seinare, i tilfelle dette ber galt av stad. Og no har eg funne 2 bilete av Steinbotnbreen som kanskje ingen på forumet (?) har sett, teke med nokre timars mellomrom. Då gjer eg eit lite forsøk..............

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prøv igjen Stuttjukken, du er sikkert ikkje langt unna når det gjeld å få lasta bileta opp. I mellomtida legg eg ut eit anna bilete av Fresvikbreen frå Svinadalsholtane tatt same dagen som er 2. august, og som viser meir evt. smelting frå breen. Kanskje nokon veit meir om kor mykje breen har trekt seg tilbake her?

post-908-133474438163_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1. På skogsvegen innover frå Feios kjem ein inn til stølen Varpet, 374 m.o.h.

13a1e40b.jpg

2. Sørover ser me mot Turiddalen og Astridbotnen.

eba9d008.jpg

3. Haugasete, 460 m.o.h., mot Hestfjellet og Rambera.

f94a30f0.jpg

4. Haugasetelvi er framleis urørt.

2f39cb78.jpg

5. Haugasetdalen mot Kjerringafjellet.

49d0bc87.jpg

6. Gullsete, 715 m.o.h., ligg trygt under Hestfjellet, Rambera og Steinbotnbreen.

4f9b9c7d.jpg

7. Steinbotnbreen oppe i Rambera.

86ca6141.jpg

8. Steinbotnbreen i motlys med blåtonar.

7f2969bd.jpg

9. Viermyri i Gullsetedalen.

b4b4eabe.jpg

10. Fjellsida i Gullsetedalen si austside dannar "bølgjer".

bec9d2a5.jpg

11. Innover Gullsetedalen mot Nummestolane.

56c95384.jpg

12. Mot nord ser me blånene i Leikangerfjelli nord for Sognefjorden, truleg Skriki.

bf003935.jpg

13. Svartavatnet, 983 m.o.h., nord-vestover mot Hestfjellet og Rambera.

f9e70d57.jpg

14.Svartavatnet mot søraust, der fossen kastar seg utfor frå Fresvikbreen. Breen ligg nett innpå bak fossekanten, men er ikkje synleg nedanfrå.

801459ad.jpg

Vonar at dette gjekk bra. Dette er nok ukjende område og framande synd for dei aller fleste på forumet. Det er mykje fint å sjå i fjella innover Fresvikhalvøya (mellom Vikjafjellet og Nærøyfjorden).

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FU kan sjekka bilete nr. 11. Der finn han same brefonna som var med på biletet han hadde inne på Vestlands-quizen for ikkje så lenge sidan. Den hadde tint eindel sidan han var på Rambera. Der Hestfjellet og Rambera er nemnt saman, betyr det at Hestfjellet er det som trekkjer fram mot Gullsetedalen, medan Rambera er høgste toppen nett bak innpå Hestfjellet, få hundre meter bak Hestfjellet. Det er forsåvidt akkurat same fjellet, for det anar meg at dei sa Rambera i Vik og Hestfjellet i Feios.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.