Gå til innhold
Anders P

Kvaløya på langs

Anbefalte innlegg

Eg bur for tida i Hammerfest så tenkte eg hadde lyst å utforske nærmiljøet. Byen er plassert på vestsida av øya Kvaløya. Eg har allereie gått store deler av denne vestsida som også er den sida der det er veg. Østsida av øya er for det meste ubebodd og har ikkje veg, det er knapt nok nokon stier der. 

Her er eit kart: Skjult lenke - logg inn for å se den

Viss du er sprek og går med liten oppakning er det mogleg å gå heile øya på langs på ein dag. Men eg hadde berre planer om å gå eit større stykke av øya på langs, og eg ville bruke ei veke. 

DAG 1: 

Sidan eg ikkje har bil tok eg buss frå Hammerfest til Kvalsund, noko som er omtrent ein time i buss. Så gjekk eg langs veg i omtrent ein time til eg kom til Storbukt. Storbukt er ein bitteliten bygd på kanskje 20 hus. Dette er slutten på sivilisasjonen på austsida av øya. Så gjekk eg vidare til Gorvatna der eg campet for natta. I løpet av natta blåste det litt, og inne i mitt Hilleberg Akto telt føltes det som om himmelen skulle falle ned i taket på meg. Veggene blafra og eg blei uroleg for om teltet skulle halde. Så midt om natta måtte eg ut og sikre meg at alle teltpluggene var korrekt satt i. Dette var ei kald og litt ubehagelig oppleving.

DAG 2: 

Om morgonen var det litt vind og kanskje rundt tre grader. Eg spiste ein del av mitt godteri og gjekk vidare til Storfjorden der eg telta mellom to morenehauger for å vere trygg på at teltet ikkje skulle blafre. 

DAG 3: 

Dagen etter var planen å gå til Instefjorden. Det regna kontinuerleg, det blåste litt og var rundt 4 grader. Då klokka var rundt seks var det relativt mørkt og eg skulle byrje nedstigninga frå Gråkammen ned til Instefjorden. Eg hadde aldri gått der før og min sekk veidde 26 kilo så eg følte meg ikkje heilt høg i hatten når eg skulle byrje nedstigninga på det som såg ut til å vere eit stup. I tillegg var alt gjennomvått etter at det hadde regna uavbrutt i mange dager. Etter å ha gått ned nokon bratte helninger og følt at ting berre blei brattare og brattare og at eg kunne risikere å bli sittande fast på ei berghylle midt i mørket i ingenmannsland bestemte eg meg for å "gi opp", og klatra opp igjen og la meg på ein trygg plass ved sidan av eit lite vatn. Hadde eg hatt eit sterkare og meir solid telt, som til dømes Hilleberg Staika ville eg nok tatt sjansen på å campe med utsikt ut mot fjorden på ein meir eksponert stad. Men fordi eg "berre" hadde eit Hilleberg Akto telt, og fordi vinden tidvis kan bli ganske sterk på denne øya, og fordi eg var ganske kald og ikkje hadde lyst å stå opp om natta og rette på teltpluggene, så valte eg denne trygge litt keisame staden å campe. Når klokka var ni om kvelden var alt bekmørk. Det var mørkt i utgangspunktet, og det verka som om det var enda mørkere fordi det var tjukk tåke der. I tillegg yrte det små regndråper nonstop noko som gjorde at alt var veldig fuktig, inkludert sekken min og innsida av mitt telt. Eg hugser at eg klokka ni om kvelden satt i innerteltet mitt og stirra på ytterfeltet og på all fuktigheten der, medan eg kjente kulden rundt meg og tenkte kvifor gjer eg dette, kvifor vil eg dette. 

DAG 4: 

Neste dag var det heldigvis litt meir sol. Då gjekk eg to kilomenter til Mannvatnet og bestemte meg for å campe der rett ved sidan av vannkanten. Eg lot teltåpningen vende ut mot vannet, så då tåka kom sigende hadde eg fin utsikt over vannet og tåka, og som ein sakte film såg eg korleis tåka tok over meir og meir av vannet og gjorde alt gråere og mørkere. Underlaget hellet både i lengderetning og på tvers og dette gjorde at eg kontinuerleg fekk ei mild oppleving av å rulle over kanten på liggeunderlaget mitt. Dette irriterte meg også på ein slik måte at eg stort sett ikkje fekk blund på augo den natta. 

DAG 5: 

Eg våkna på nytt til at alt i teltet mitt var fuktig, og til at det var tåke utanfor. Ifølgje yr.no skulle det bli litt kaldere, og risiko for snø. På dette punktet var eg blitt litt lei av telttur, fukt, regn og tåke så eg tenkte at no vil eg heim. Så eg bestemte meg for å droppe å gå heile vegen til Risvåg og så til Hammerfest, og i staden gå rett frå min noverande teltstad  (Mannvannet) og til Hammerfest. Så då pakka eg sekken og gjekk vel dei rundt 16 kilometerne til eg kom til Hammerfest igjen. Då eg kom til Hammerfest igjen og bilvegar brukte eg dei siste prosentene på mobilen og ringte til taxi for å kome og hente meg. Når eg ikkje har bil føler eg at eg kan gjere slik ting med godt samvit.

 

 

KVA HAR EG LÆRT: 

 

1) Tåke, vind og regn kan vere vakkert, men det fordrer gjerne at ein har eit trygg og varm tilhaldsstad. Eit lite einmannstelt der ein ikkje fyrer, er ikkje ein slik trygg og varm tilhaldsstad. For meg er Akto ikkje eit regnværstelt/hausttelt, men eit godværstelt. I løpet av turen fantaserte eg om å kjøpe Nammatj eller Staika, eller kanskje enda betre begge to. 

2) Å gå langt med 25 kilos sekk er veldig slitsamt. Å gå langt med 25 kilos sekk i ulent terreng er ikkje gøy. Sekken må bli lettare. 

3) Bensin varer lenge. Eg hadde tatt med meg ei reservebensinflaske ifrå Biltema med bensin. Berre flaska veg 400 gram. Eg brukte aldri denne bensinen, og eg tenker eg så tunge flasker kan ein ikkje drasse med seg om ein ønskjer å halde vekta nede. 

4) Eg trur det blei litt for mykje "fysisk trening" på meg på denne turen, og litt for lite natur. For meg er nok høgdepunktet det å kome fram til teltstaden, drikke kaffe og sjå på den vakre naturen. Det er då eg føler meg lykkeligst. Å vite at ein har gått ei eller tre mil på ein dag gir meg ikkje så mykje. 

5) Det er noko vakkert og fascinerande å vere så einsam i naturen. I Finnmark er det ofte slik at går du 50 meter bort frå vegen så kan du sitte der 5 timer utan at du får auge på ein annan person. Ikkje berre kan du ikkje sjå ein person, du kan heller ikkje høyre ein person. Dette gjeld ikkje berre vinterstid, det gjeld også mot på dei varmaste sommerdagene. Du får alltid i fred. Kjensla av å vere einsam, å vere fri og aleine er deilig, men når den oppretthaldast over fleire dager så kan ein bli litt overmanna. Korleis folk har klart å vere aleine på tur eit år er for meg ei gåte. 

 

Konklusjon: Det er noko eget og spesielt ved å gå tur. Det er ganske slitsamt, og tidvis noko monotont. Det er kanskje i stor grad innbegrepet av ei voksenglede. Du må yte og du må gjenta den same aktiviteten om igjen og om igjen og til gjengjeld får du sjå vakker natur og leve eit enkelt liv i nokre dager. Du lærer også deg sjølv betre å kjenne og du sett i enda større grad pris på livet i sivilisasjonen. Einsemje i naturen er som meditasjon. Du sliter deg gjennom timer med krevande aktivitet, og som belønning får du ny innsikt og vakre stunder av harmoni og indre stillhet. 

 

 

 

 

 

 

 

Endret av Anders P

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

 

 

 

Dag 4: Mannvatnet. Endeleg sol så då nyter eg varmen og koker kaffe. 

IMG_20190927_145606_01.jpg

 

Dag 4: Nokon timer seinare. Camping ved kanten av vatnet. Alt det grå er altså eit vatn. Det blir lett overfylt med eit lite fortelt. 

IMG_20190927_173259347_HDR.jpg

 

Endret av Anders P

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.