Gå til innhold
bertil

Styggedalsryggen 19-20.august 2006

Anbefalte innlegg

Fredag ettermiddag til Skogadalsbøen frå Turtagrø, grei tur, og godt med ein pils og fjellaure til middag før ein legg seg tidleg.

Starta frå Skogadalsbøen kl 0400 laurdag morgon,

etter laange 8 timar i motbakke med alt for tung sekk fann vi toppen av Gjertvasstind, etter noko eksponert klatring på is siste biten opp til toppen.

Grudde meg litt til å sjå korleis det var nedover mot Gjertvasskaret, men dette gjekk veldig greitt. Nedover sva litt til venstre i sida til vi fann eit rappel-anker nesten ut på kanten mot skaret. 3 rappellar seinare stod vi i skaret. Dette kunne nok vore ordna med ferre rappellar, men bregleppa er stor midt på veggen, så det er greitt å komme seg ned i skaret.

Vidare mix på is og klippe til vi kunne putte stegjerna i sekken og klatre opp på Styggedalstind. Herfrå var det grei klyving til vi kom på vesttoppen og rappellerte ned i grusrenna.

Sliten i kroppen etter ein lang dag var grusrenna lite koseleg med mykje laus stor- og småstein. Vidare bortover eggen var det kos, og til slutt klatringa opp på Centraltind var flott, sjølv om skodda no var komt på besøk.

Vi var slitne og det var byrja å bli seint, så vi beslutta å overnatte i den flotte bivuakken på toppen av centraltind.

2 stykk i ein jerven thermo hunter var trangt, men varmt nok til at vi sov store deler av natta. Vakna kl 06 av at makker hakka tenner så då var det på tide å stå opp og komme seg vidare. No var skodda tjukk og det hadde regna så det var småglatt då vi skulle fortsette ned på ryggen og vidare til Vesle Skagastølstind.

Trist at vi ikkje såg noko på Skagastølsryggen, då denne ryggen er hakket meir eksponert og luftig enn Styggedalsryggen, men det var spennande nok med vått føre.

12 timar seinare var vi klare for middag på Turtagrø høgfjellshotell; Dette kunne nok vore korta ned ein times tid om ikkje knea hadde vore så vonde, og det ikkje hadde vore så psyko glatt i steinura ned frå Nordre Skagastølstind.

I alt ein fin, lang og tung tur. Vil nok om ei stund hugse det som berre kos med eksponert klyving og den flottaste utsikta i Noreg, men nett no er det knea som skrik etter ibux.

sjå bilete på

Skjult lenke - logg inn for å se den

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grudde meg litt til å sjå korleis det var nedover mot Gjertvasskaret, men dette gjekk veldig greitt. Nedover sva litt til venstre i sida til vi fann eit rappel-anker nesten ut på kanten mot skaret. 3 rappellar seinare stod vi i skaret. Dette kunne nok vore ordna med ferre rappellar, men bregleppa er stor midt på veggen, så det er greitt å komme seg ned i skaret.

Kan du angi ca. lengdene på disse rappellene?

Og hvordan var landingsplassene mellom dem?

Kunne du kunne tegne dem inn sånn ca. på bilde nr. 33?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ruta er grovt teikna inn her. Gult er gangbart, evt løpande, raudt er rappel. Enkelt å gå nedover sva/småklyving til ein kjem til øverste rappel-feste.

Då kjem ein som du ser rett ned i skaret og treng ikkje bekymre seg for den enorme bregleppa som blir større dag for dag..

bertil

post-546-13347443347_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Flott bilde av Gjertvasstind med påtegning der bertil! ;)

Det er sånn den ser ut "avkledd". Kan nesten ikke huske å ha sett flanken ned mot Gjertvasskardet så bar. Forsidebildet på boka til Morten og Julia viser Gjertvasstind fra en litt annen side... :)

Gikk det rimelig greit fra skardet og opp til Styggedalstind nå? Du sier mix av is og klippe, men hvor mye gikk dere på isen? Da vi gikk der 3. sept 2004 hadde vi rundt 40 cm nysnø å lage spor i, så det var enkelt å tråkke opp på breen til høyre for ryggen. Husker jeg studerte ryggen/klippene på vei opp, men syntes de så smågufne ut nedlesset med nysnø.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Tom: Ja, det var enkelt. Eller, så enkelt som ein kan forvente i bratt lende, litt småklyving, men ellers ikkje noko utsatt.

Nils: Vi gjekk ca 20 meter på klippe (nederst) og så ut på isen ca 25-30 meter og opp i ei lita renne der vi byrja å klyve opp på ryggen. Opp første delen av isen er det bratt og steinhardt, ville ikkje få utglidning der....hadde god nytte av to isøkser, men ein klarar seg jo med ei også..

Raudt betyr stegjern og isøkser, gult betyr kliving. Kom litt feil ut og laut sikre opp eit lite parti med slope tak og lommer, litt langt fallpotensiale (ned til maradalsbreen) etter min smak.

På veg opp til Gjertvasstind brukte vi også to økser og stegjern for å omgå eit litt ekkelt klippeparti mot toppen. Dette gjorde til at vi måtte over på Styggedalssida, noko som var litt småekkelt då isen ikkje var spesielt god å sikre i, så vi gjekk i fri.

Enden på visa er vel at med så lite snø som det er no, kan ein nok klare seg utan stegjern og isøkser på denne traversen, noko som betyr ganske mange kilo spart.

Men då må ein jo finne ein brukbar veg gjennom klippesystemet opp mot toppen av Gjertvasstind, noko som vi var for slitne/hadde for lite tid til.

post-546-133474433732_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Det er egentlig forbausende lite forandringer i Gjertvasskaret siden 80-tallet hvor disse bildene ble tatt. Særlig tatt i betraktning av hvor mye Jotunheimbreene ellers har minket. Men så er jo dette temmelig høyt til fjells.

post-66-133474433823_thumb.gif

post-66-133474433837_thumb.gif

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.