Gå til innhold
  • Bli medlem

Utstyrserfaringar - Norge på langs 2006


Ragnar

Anbefalte innlegg

Vintaren 2006 gjekk eg Norge på langs, frå Lindesnes til Nordkapp. No i ettertid har eg lagt ut erfaringar og testar av den turutrustning eg hadde med meg. Dette inkluderer både telt, ski, primus, turtøy mm. Dette kan sikkert vera av ein viss interesse, iallefall for dei som planlegg ein liknande tur.

:arrow:Utstyrserfaringane finn du på breogfjellsport.no/npl/

Post gjerne kommentarar eller spørsmål her

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Annonse
Jeg bare bøyer meg i støvet,

Jeg er kjempeimponert, både av turen din, og planlegging/utstyrsliste.

Det er vel ikke mere å si :)

Meget meget bra kan jeg jo legge til, ikke minst flott side der du har fått med det meste om turen din.

Ned å pakke sekken til i morgen men jeg velger da en dagstur. :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

heisann.

Var du fornøyd med videokameraet du hadde med på denne turen, eller annbefales noe annet?

Er sikkert kommet mye annet etter denne tiden også da :wink:

Videokameraet var heilt ok, men eg hadde ingen ambisjonar om å lage noko særleg kvalitetsvideo. Skulle gjerne ha hatt vidvinkel, det gjer ting enklare når ein filmer åleine. Skulle nok også ha tatt med meg eit lett kamerastativ.

Framover har eg mest tru på harddisk-baserte kamerasystem for privatbruk. Har mest tru på Canon og Sony i dette markedet. For tv-kvalitet må ein over på DVCAM/DVCPRO og ein heilt anna prisklasse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg brukte fotposer laga av gore-tex og bever-nylon, dette gjer litt varme, men viktigast at snøen ikkje er i direkte kontakt med skoen. Til dei verkeleg kalde dagane hadde eg også strikka ullovertrekk, nesten som ein raggsokk, bare det er hol til skituppen og hælen. Desse vil definitivt samle snø, så bruker det bare i kombinasjon med fotposer. Skulle tru det er mogleg å bruke ein vanleg raggsokk, men å tilpasse den ved å klippe nødvendige hol.

Fotposane har eg laga sjølv, siden eg brukar vidjebinding (riva) så klemmes bare stoffet inn i bindingen. Har du BC-binding må du ha hol for tuppen. Eit alternativ er Yeti-gamasjar, som har gummitrekk over skoen (Berghaus) og som går inn i alle bindingstyper.

Det beste er nok likevel å ha litt for store sko, slik at det blir plass til eit par tjukke sokkar.

Det er somregel om morgonen skiskoa er kalde. Viss du ligg i telt, så er det då eit godt tips å passe på at skoa ikkje frys til ein isklomp i løpet av natta. Er det fleire personar i teltet, plar vi å legge skiskoa mellom oss, er eg åleine har eg dei mellom soveposen og liggeunderlaget (under knea t.d.). Husk å ha med snøbørste (oppvaskbørste) til å børste av snø frå skisko og tøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Dei som går Norge på langs går turen for opplevinga og erfaringa ein får på ein slik tur. Det å treffe folk, nye fjellområde, mykje vêr og vind, ja så korleis det er i vårt langstrakte land er også ein del av dette. Dette er i alle fall inntrykket av dei eg har snakka med

Det dreiar seg derimot ikkje om nokon konkurranse, "unsupported", reglar eller noko slikt - og ein bryr seg overhovudet ikkje med kva som måtte bli sagt om det eine eller det andre. Namnet indikerer rett og slett kva slags tur dette er, ja nettopp Norge på langs. Det tydar ikkje at ein ikkje kan svinge innom grannelandet i aust, eller sneie innom Finland. Og ja, det er gode grunnar for å stikke innom Sverige på ein slik tur - ta ein kikk på kartet. Ein går innom Sverige fordi ein har lyst til å gå i fjellet - ikkje langs E6 i 14 dagar - som er alternativet. Det er også dei som går innom Sverige (og finland) fordi dette både er interessant og ønskeleg.

No gjekk vel Bjørn Amsrud heller aldri Norge på langs vinterstid med ein slik definisjon du foreslår, Lars Monsen gjekk heller ikkje Alaska på langs etc., men eg trur ikkje dei bryr seg noko særleg om slik synsing.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har gått såpass mye i fjellet i Nord-Nordland og Troms og veit at det er flotte fjell der,

men at det er ei noe meir kronglute rute. Har også gått Kungsleden som fleire

bruker til NPL. Det er ei kjedelig men lettgått rute så det er vel derfor den brukes.

Er det noe som kan samanlignes med E6'en må det være den. Store staker og reflekskryss

for hver 50 meter gir ikke den store villmarksfølelsen

Kall det heller Skandinavia på langs eller noe lignande og la

Bjørn Amsrud ha sin NPL.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Norge på langs er eit samlebegrep på turar som går får sør til nord, eller omvent, somregel frå eit av dei ytterste punkta.

Denne tråden er forøvrig om utstyr, så kanskje ikkje den beste staden å ta opp dette.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kuldemaske forever, har bl.a. den Gator du bruker der.

Det virker som mange undervurderer effekten - dersom det er "småkaldt" uten noen ekstrem vind/ evt. grei temp. kombinert med endel sur vind - og man føler seg litt "uggen" kan man ta på maska og man føler seg umiddelbart varmere i hele kroppen.

Bruker den ofte på fjellet under forhold mange ville ansett som unødvendig.

Min har ikke gått opp i noen sømmer.

Om jeg skulle gitt den noen karakter på en scala måtte det bli full pott!

post-3333-133474525654_thumb.jpg

post-3333-133474525673_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...

Ragnar skriver i utsyrsrapporten:"

Stormbriller

Cebe stormbriller, G-land 1549

Testperiode: Vintaren 2006

Etter å ha brukt alt for mykje pengar på Oakely briller, som viste seg å vera ubrukelege ved låge temperaturar, satsa eg på Cebe alpin/stormbriller på Norge på langs turen. Desse har eit gult glass, så det blir bra kontraster i mørket. På yttersida er det speil og brillene var overraskande gode sjølv i sterkt sollys. Uslåeleg kombinasjon med desse stormbrillene, ansiktsmaska, Lowe alpine lua og Arc'teryx jakka! Merker omtrent ikkje at snøføyka står rett mot ein.

Konklusjon: Stormbrillene fungerte perfekt. Lite dogg, god kontrast og også god solskjerming

Nytteverdi NPL: Ville ikkje ha gått utan gode briller, slik som desse

Totalt 5/5"

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Jeg spør: Fungerer disse brillene bra også når det er skikkelig kaldt? Jeg har nå hatt noen behagelige turer i omlag minus 30. Jeg har vært kledd for slike temperaturer, og da kan en tur når det er så kaldt være behagelig. Jeg dekker da til hele kroppen, hodet dekkes til med lue, ansiktsmaske av neopren og briller. Jeg vil ikke få forfrysninger.

Eneste problemet er at brillene rimer/iser til og jeg ser derfor dårlig. Jeg har blant anna et par Bolle Sharkfinn briller kjøpt av DNT, men de iser. Fungerer Cebe brillene bedre under svært kalde forhold?

Min eneste løsning er å forsøke å ikke stoppe, men ha et jamnt sig framover hele tiden. Når en stopper kommer den fuktige lufta en puster ut opp på brillene og blir til dogg og is. Dersom det blåser er dette antakelig et mindre problem, men når det er så kaldt er det (heldigvis) som regel vindstille.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.