Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Kjekt at du likte den!

For å få ein viss oversikt over kva eg skulle ha med av klede syns eg det var greit å line dei opp så eg ser kva eg har. Då eg først hadde lina kleda så fint, så pakka eg dei like greit systematisk i sekken etter kva eg trengte først og sist. Dette gjer eg som regel ikkje til vanleg, men det var veldig deilig å sleppe å vrenge sekken på fjellet i kuling for å finne vindvottane.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Helt enig med Skjult lenke - logg inn for å se den! Morro og lese om turer av de litt mer ekstreme artene. Ser jo ut som en helt konge tur uten de store nedturene, pun intendent :)
Forestiller meg at det er mange x faktorer når man bruker såpass mye penger og tid, har jo hørt om andre som ikke engang får gjort en skikkelig klatring engang grunnet sykdom eller andre uforutsette hendelser 8)

Endret av Tor-Erik-L-77

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Skjult lenke - logg inn for å se den Ja det er veldig mykje som ligg utanfor kontroll på ein sånn tur, spesielt når eg berre sette av eit døgn for toppstøtet. Eg kunne heilt klart kjenne på den menneskelege faktoren som følger med eit sånt toppforsøk. Risikoviljen går nesten automatisk opp, og det er litt skremmande. Av den grunn var eg veldig glad for å ha med ein guide, og eg nevnte òg for guiden at hans viktigaste jobb trass alt var å få meg trygt ned frå fjellet, ikkje opp.

Eg prøvde så godt eg kunne i forvegen å innstille meg på at dette skulle vere eit forsøk på å nå toppen, men jammen blir ein bra gira når ein er der. Eg hadde nok blitt ganske skuffa om vi måtte ha snudd. Eg tør nesten ikkje å tenkje på kva som foregår oppe i hovuda på folk på veg mot Mount Everest. Der er jo investeringa i tid og pengar enorm, samstundes som risikoen er stor.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for flott rapport. Jebel Toubkal er vel din forrige høyderekord, tenker jeg. Jeg sikler også på Chimborazo, men tenker at det blir når mørten kommer og tar oss her i Norge.  Muligens litt mer vrient med værforhold da enn om sommeren.

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
På 12.8.2017 den 11.54, snilen skrev:

Takk for flott rapport. Jebel Toubkal er vel din forrige høyderekord, tenker jeg. Jeg sikler også på Chimborazo, men tenker at det blir når mørten kommer og tar oss her i Norge.  Muligens litt mer vrient med værforhold da enn om sommeren.

Jebel Toubkal er korrekt! Etter det eg har skjønt er forholda vel så bra i november - januar. Mindre vind, men litt meir fare for nedbør. Så mulig at det trengs litt fleire værdagar. Det kan vere at eg hugsar feil, så ta ei klype salt med dette svaret 😊

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei,

Nyttig og spennende rapport, takk! Vurderer en tur dit neste år, men er helt i startgropa med tanken. Et enkelt spørsmål, hvilke sko/støvler brukte du, og hva anbefaler du eventuelt?

Andre nyttige tips du ikke tok med i artikkelen?

Mvh

Roar

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
På 31.7.2019 den 14.35, Roar skrev:

Hei,

Nyttig og spennende rapport, takk! Vurderer en tur dit neste år, men er helt i startgropa med tanken. Et enkelt spørsmål, hvilke sko/støvler brukte du, og hva anbefaler du eventuelt?

Andre nyttige tips du ikke tok med i artikkelen?

Mvh

Roar

Hei Roar! 

Eg brukte Crispi Besseggen. Eg hadde brukt desse på blåis i Norge nokre gongar før, så eg visste at dei fungerte med stegjern. Guiden min var veldig skeptisk til dei skoa og meinte dei spesielt ville bli for kalde, i tillegg til at dei er i overkant mjuke. Eg hadde brukt dei i - 15 i Norge frå før, så eg visste dei ville vere varme nok.

Ville nok ha anbefalt nokre litt stivare sko, og testa om dei er varme nok for å ha på ein heil dag i 10-15 minusgrader. Eg brukte gamasjane som skallbuksa har innebygd, og det aukar temperaturen litt i skoa. 

Å satse på toppstøt på ein enkelt dag er nok i overkant sjansespel, så om turen hovudsakeleg dreiar seg om chimborazo ville eg ha satt av fleire dagar for topptstøtet enn eg gjorde. Om du har nokre dagar til overs etter toppen vil eg anbefale tur til Puerto Lopez og ta båt til Isla de la plata (poor man's Galapagos). Har du dykkerlappen bør du heilt klart dykke der! 

Montañita rett sør for Puerto Lopez byr på surfing, men eg syns det var ein litt sliten og i overkant hasjdominert plass. 

Akklimatiseringa i Ecuador er også å anbefale sidan du finn bebyggelse heilt opp til 4000m, så det å akklimatisere seg og vere turist samtidig er lett å kombinere! Om høgder er nytt for deg anbefalar eg å gå på ein topp over 4000 meter før du flyr ned, og lese deg opp på høgdesjuke. Skjult lenke - logg inn for å se den denne linken har mykje info på lite lesing. 

Berre spør om du lurer på noko, så kanskje eg har svar! Lurt å bestille flybilletter i god tid så det blir billigast mogeleg å komme seg ned dit. Eg brukte litt for mykje pengar på flyreisa. 

Endret av Curling-generasjonen

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider
På 15.8.2019 den 12.30, Curling-generasjonen skrev:

Takk for godt svar! Mulig det dukker opp flere spørsmål etterhvert, skal begynne å se nærmere på det i løpet av høsten :-)

Jeg har en del erfaring fra høye fjell tidligere, så akklimatisering osv skal gå fint.

Når det gjelder sko/støvler har jeg et par Millet Everest fra noen tidligere turer. Lurer på om de blir litt voldsomme, men tror kanskje jeg går for de på toppstøtet.

Noen fortalte meg at det nå er påbudt med guide på selve toppstøtet, vet du om det stemmer?

Roar

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg meinar å hugse at guiden min hadde nokre sko litt i samme gata som dei skoa du nevner, så det er sikkert fint å gå med. Men som sagt funka jo Besseggen for meg, så det er jo mogeleg å spare ein del plass i sekken. Eg reiste berre med ein 55l sekk pluss handbagasje, så eg hadde mest mogeleg klede som kunne brukast både i låglandet og på toppstøtet. 

Det er påbudt med guide på toppar med bre på i Ecuador, ja. Eg hadde ikkje utstyr eller makker til at eg prøvde å finne eventuelle smutthull i regelverket der.

Har forstått at iliniza sur og norte er fine turar på så vidt 5000m der det ikkje er bre så ein ikkje treng guide. Ein av dei er det klatring på medan den andre har klyving etter det eg har lest. 

Berre kjekt om du tek kontakt framover så kan eg få mimra og gjenopplevd turen min 😊

Del dette innlegget

Lenke til innlegg
Del på andre sider

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.