Gå til innhold
  • Bli medlem

Allemannsretten og ferdsle over hyttetun i utmark


Gaupe

Anbefalte innlegg

Annonse

Vel, då er brev sendt til kommunen, så får me sjå kva slags svar me får frå dei! 🙂 Eg ventar litt med eventuelt å leggje ut brevet her i tråden til eg har fått svar, for viss det vert noko att og fram i denne saka så er det kanskje ikkje så gunstig at korrespondansen ligg open ute på nett (sjølv ikkje i anonymisera form). Eg har i alle høve fått mykje gode innspel og idear frå denne tråden med tanke på utforminga av brevet, mange slags takk for det! 👍

Elles har eg ikkje fått noko svar frå velforeininga enno etter E-posten eg sendte (sjå førre innlegg). Førebels så vel eg å tru at dette enten kjem av at vedkommande ikkje har fått sjekka E-posten sin enno, eller at han har hamna i eitt eller anna søppelpost-filter på vegen (eg har mange slags dårlege erfaringar med E-post på den fronten). Eg får vente litt til, og så eventuelt sjå om eg finn nokon andre måtar å kontakte dei på.

Eg gjev lyd frå meg att når eg har noko nytt å kome med! 😉

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei, folkens!

No var det kanskje nokon som trudde at eg hadde gløymt vekk heile tråden her, men det er absolutt ikkje tilfelle! winking face

Eg har hatt det veldig travelt i sumar og i haust, og det drygde veldig med svar frå kommunen. Eg fekk endeleg somla meg til å purre på dei på E-post i går, og fekk akkurat no i stad svar frå ein av rådgjevarane i kommunen. Det var han som hadde fått saka på bordet, og no vil han gjerne kome for å vere med på ei synfaring i området rundt hytta for å vurdere dei problemstillingane eg har lagt fram i brevet! slightly smiling face

Eg vonar å få gjennomført synfaringa denne veka, og så får me sjå kva som vert resultatet. Eg oppdaterer tråden når eg veit noko meir.

Ha ein strålande haust så lenge!

  • Liker 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med saken @Gaupe håper det ordner seg for dere.

Personlig har jeg det helt dårlig med å trakke rundt på folks hyttetomter når jeg er ute og går, da går jeg heller en liten omveg for å ikke tråkke inn på en familiemiddag eller lignende. Det høres ut som det er noen litt slitsomme folk som ikke skjønner problemstillingen rundt der dere har hytte. Håper dere får fred etter hvert og at dere slipper å sette opp gjerde.   

 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hei igjen!

Synfaringa med kommunen gjekk i grunnen veldig bra! Kommunen sin representant såg veldig fort problemstillinga, og var heilt einig med meg/oss i at dagens situasjon ikkje var haldbar.

Me vart einige med kommunen om at me, i tillegg til den turstien på baksida av hytta som me allereie har rydda, skal rydde og merkje opp ein sti til. Denne stien skal gå i lia litt nedanfor hytta for å ta unna dei som ikkje skal vidare innover i terrenget, men berre vil ut til fossen for å sjå på utsikta (sjå tidlegare innlegg). Då skal der ikkje vere noko som helst "behov" att for å gå gjennom hyttetunet vårt.

Når det gjeld gjerdet me ynskjer å setje opp så var han heilt einig i dette òg. Han såg poenget mitt når eg sa at eg ikkje trudde det var nok berre med nye stiar og merking, for folk har teke seg til rette såpass lenge no at her må det nok ei fysisk hindring til for å oppnå ei varig åtferdsendring.

Det einaste eg kunne tenkt meg for å kunne seie at eg hadde fått 100 % gjennomslag i denne saka var eit litt meir tydeleg svar angåande eit slikt framtidig gjerde. Sjølv om eg fekk grønt ljos til å setje det opp akkurat slik eg hadde tenkt så ville kommunen ikkje formelt "godkjenne" det (det vil seie at han gav uttrykk for at der kanskje måtte gjerast ei ny vurdering viss dei fekk inn mange klager på gjerdet, men at kommunen likevel ville "forsvare" både gjerdet og meg så langt det let seg gjere).

Eg skulle sjølvsagt gjerne hatt eit skriftleg vedtak i handa som eg kunne dele ut kopiar av til dei som eventuelt klaga direkte til meg, men no vonar og trur eg ikkje at det treng å verte stort klager på dette her. Med to nye stiar rundt hytta (som ikkje utgjer nemneverdig omveg) så er det ingen område som vert avstengde for ålmenta (ut over området akkurat rundt hytteveggen vår), så eg ser føre meg at dei einaste som kjem til å klage er dei som alltid skal ha det akkurat nøyaktig slik som dei vil, og gjer ei slags prinsippsak ut av det heile. Eg vonar det ikkje kjem til å vere så mange slike som ferdast i området, men nokon av den typen er det som regel alle plassar, diverre...

Eg kjem til å fylgje sporadisk med i denne tråden frametter, og skulle det skje nokon interessante utviklingar i den eine eller den andre retninga så høyrer de nok frå meg! Då eg ser føre meg at dette kan vere ei sak som er interessant for fleire så skal eg svare på eventuelle spørsmål (her i tråden eller på PM) så godt eg kan - viss det tek litt tid før eg svarar så kjem det ikkje av vond vilje, berre av at det skjer mykje på mange frontar slik at det kan hende eg gløymer å kikke innom her i kortare eller lengre periodar. slightly smiling face

Eg har sagt dette mange gonger før, men enno ein gong tusen takk for all hjelp og støtte som eg har fått i denne tråden - ikkje minst har det vore veldig oppløftande og motiverande for oss at det store fleirtalet som har posta her har hatt stor forståing for vår frustrasjon i høve til den noverande situasjonen. Ein kan av og til begynne å lure på om det er ein sjølv som er urimeleg og/eller ikkje fylgjer med i tida, men eg sit til slutt og rest att med ei kjensle av at me nok ikkje er så vanskelege og urimelege likevel. thumbs up sign

(Som ein tilleggsobservasjon så ser eg det har vore ein del skriveri i media den siste tida om auka belastning mange stadar som fylgje av den sterke auken i turismen (både her i landet og elles rundt om i verda), og at gnissingar mellom innbyggjarar og turistar vert meir og meir vanleg. Eg vonar at dei som styrer og steller både her og der kan begynne å vakne litt meir opp etter kvart slik at lover/reglar vert tilpassa for å ivareta alle partar på ein god måte, og at informasjonsflyten kan verte betre slik at alle veit kva som er greitt og ikkje. Me får sjå korleis ting utviklar seg!)

Då ynskjer eg alle ein fin (sein)haust vidare, og mange gode naturopplevingar i tida frametter! smiling face with open mouth

  • Liker 7
Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 minutter siden, Miamaria skrev:

Men fikk du noe som helst respons hos den velforeningen?

Nei, null og niks respons derifrå. Til deira forsvar så skal det seiast at eg berre har sendt den eine E-posten til han eg trur er formann og ikkje purra noko meir, så der er ei mogelegheit for at det eg sendte har kome bort på vegen. Viss vedkommande har fått det eg sendte og berre ikkje vil svare så lyt eg berre ta det til etterretning med tanke på samarbeidsvilje og generelle haldningar der i garden.

Det eg vurderer å gjere i staden for å gå rett på velforeininga enno ein gong er å i staden gå til dei som står for hytteutbygginga i området. Det er dei som legg til rette for det meste av aktiviteten i området, blant anna dei "offisielle" turstiane der er. Dette er folk som eg kjenner veldig godt og veit at eg får svar frå, så tanken er å spørje dei om dei kan hjelpe til med å kunngjere desse nye turstiane til dei hyttefolka som brukar området. Då lyt eg uansett vente til eg får laga i stand tursti nummer to, og om eg får gjort det i haust eller ikkje før til våren er eg ikkje heilt viss på enno. slightly smiling face

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enig med @Sovjetunionen, beste er å gå rundt for ikke å forstyrre. Kunne ett skilt som forteller "Vi er på hytta nå" vært noe? Da er det ikke "privat" som provoserer noen, men en indirekte beskjed som de fleste vil forstå. Eventuelt med skilt og kart for å vise hvor de nye stiene går.

Om du ønsker å gå etter de som river opp skilt m.m. så hadde jeg vurdert å sette opp "viltkamera".

PS Jeg er svært for allemannsretten, men om den skal bestå og ikke innskrenkes så må begge sider "oppføre" seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

46 minutter siden, PTG skrev:

Kunne ett skilt som forteller "Vi er på hytta nå" vært noe? Da er det ikke "privat" som provoserer noen, men en indirekte beskjed som de fleste vil forstå.

Eg ser absolutt poenget ditt, men eg har personleg ei stor innvending mot eit slikt skilt (eller andre tiltak meint for å markere når me er på hytta og ikkje):

Viss me set opp eit slikt skilt så seier me samstundes (indirekte) at det er heilt greitt å ta seg til rette rundt hytta når me ikkje er der. Det signalet me ynskjer å sende ut er at i området generelt er det sjølvsagt fri ferdsle i høve til allemannsretten, men at me ynskjer å ha ei privat sone i ein radius på nokre få meter frå hytteveggen vår der gjennomgangstrafikk av turgåarar ikkje er greitt - uavhengig av om me er på hytta på det aktuelle tidspunktet eller ikkje.

Dei to nye stiane utanom hyttetunet vil som sagt ovanfor verte skikkeleg merkte i alle høve, både med "proffe" skilt laga av kommunen og med blå merking på tre og steinar (som er standarden i området for merking av turstiar).

Endret av Gaupe
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, PTG skrev:

Om du ønsker å gå etter de som river opp skilt m.m. så hadde jeg vurdert å sette opp "viltkamera".

Viltkamera i syfte att fotografera människor som är identifierbara, är väl olaglig? Kommer i alla fall att bli det under 2018 när dataskyddsförordningen införs.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.