Gå til innhold
  • Bli medlem

Snøhetta igjen! 17. Mai!


jarle

Anbefalte innlegg

etter februars skuffande værpuss på snøhetta har eg gått og sikla etter å vippe skåren over i min favør igjen... og forsåvidt om storskrymten, men det er ei anna sak!

iallfall har det vore bankers rimeleg lenge å slenge seg med på ntnui ski- og fjell' sin tradisjonelle 17. mai-tur til denne toppen som mobba meg så stygt den gongen! vermeldingana hinta om minusgrader, og skyer, men lite vind, så eg hadde mine håp. ein må tross alt vere optimist! difor vart eg bekreftande nøgd då eg vakna grytidlig om morgonen og slengte meg på sykkelen ned mot gløshaugen, sjølvsagt etter to turar opp alle trappene, først for å hente solbriller, så flagg...

så var det den lange kjedelige bilturen, før 'hetta endeleg dukka opp på horisonten! omgidd av ei diger skyfri sirkelflate! dette såg ut til å bli dagen for å gjere opp for nullsikt og storm ved forrige forsøk :D

det er ikkje mykje snø att nede på platået, så vi måtte bere skia over ei og anna ur, men det var det verd... etterkvart gjekk buksa i sekken, og ulltrøya var skifta ut med ull-t-skjorte, herleg!

dermed tok eg fatt på motbakken i stilongs og t-skjorte, og i kjent, dog litt tvilsomt moralsk stil, vart eg liggande først i sporet, saman med ein til... men sånn er livet :) vi er forskjellige!

på toppen var det å plante flagget på varden, og så gjekk me litt bortover ryggen, der eg ikkje hadde teke sjansen på å gå tidligare i vinter. det vart ikkje midt-toppen, men vi var bortpå kanten og kika,,, nedkjøringa til åmotsdalen såg herlig ut, og midt-toppen får vente til traversen! vest-toppen ser jo rett og slett fantastisk ut, hadde det vore opp til meg hadde eg nok gått dit igår, ryggen såg ut til å ha det beste skiføret!

tilbake ved varden var det dukka opp fleire, og vi koste oss på toppen i to timar, med kake, sang, fløytespel, og generelt tant og fjas. planane om stenging av vegen kom sjølvsagt og opp... mitt forslag var å endre avreise frå trondheim til kl 0200, hadde vorte ein bra tur :)

skiføret var strålande, iallfall heilt øverst, så eg drog på nokre telemarksvingar som gjekk overraskande bra, med tanke på at eg mistenker at eine skoen syng på siste såleverset, og begge bindingane tok litt skade av scarpa t4 i påsken ifjor,,, men mine fischer e109 kan eg visst alltid stole på! var utruleg freistande å køyre ned på breen nord for ryggen, der to av jentene på tyngre utstyr kjørte, men det såg frykteleg bratt ut oppanfrå... neste år, med nye bindingar...

vel nede ved bilane byrja det så smått å snø, og snøhetta forsvann i noko kvitt, men kva gjorde vel det? vi hadde jo fått to timar på toppen, stort sett i berre stilongs og t-skjorte... og skillet er på overarmen...

post-339-13347441932_thumb.jpg

post-339-133474419326_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne
Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.