Gå til innhold
  • Bli medlem

Tredagerstur Vestlandet


birkis

Anbefalte innlegg

Hei!

Planlegger en tredagerstur til fjells nå i slutten av mai. Lurer i den forbindelse på om noen har gode turforslag??

Fortrinnsvis overnatting i hytter.

Har utgangspunkt fra Stord, siden det er en ganske kort tur vil jeg gjerne unngå å altfor lenge reise til "turstart".

På forhånd takk for hjelpen!!

:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det er framleis ein god del snø i Stølsheimen, men eg prøver til med eit turforslag vest i Stølsheimen, der fjellet er litt lågare. Området er ca. 1 time nordaust for Bergen i retning Sognefjorden.

Dra innover E 39 forbi Knarvik og Ostereidet. Kort etter Ostereidet (Andåsskiftet 200 meter før Eikefettunnelen) tek de av i retning Masfjordnes. Stopp anten på Kvingo, eller dra innover til Andvikje (Andvikgrend forbi Sandnes/Masfjordnes). Så finn de merka stiar innover i Fjonfjella der de går til Kalvedalshytta (sjølvbetent). Dagen etter går de vidare austover og går via Stusdal til Romarheimsdalen, og går oppover dalføret og inn i Dyrkolbotn (ubetent, ikkje proviant). Siste dagen kan de prøva litt utanfor stiane. Kva med å gå mot Dyrkolbotn Leirskule, og rett sørover mot Nysætret og Svartholet, der de trekkjer austover og inn i Eiterdalen. Gå så inn det tronge søkket rett bak dei fråflytta gardshusa og gå over skardet og ned på Nøttveitsstølen, og rusla ned på god stølsveg ned til Nøttveit på rv. 569 mellom Romarheim og Mo.

Eg tok utgangspunkt i slutten av mai, og denne ruta er i hovudsak lågt og under tregrensa, for det er for mykje snø til å gå til fots høgare oppe og lenger inne i Stølsheimen. (På Vikjafjellet kan ein framleis gå på ski). Uansett må ein pårekna litt vandring over snø, om enn i mindre grad. God tur i det kystnære Stølsheimen og Fjonfjella. (Fjonfjella er vest for Romarheimsdalen, og Stølsheimen held fram frå austsida).

Hugs å studér kartet nøye før turen, især etappe 3 som ikkje går etter merka sti, og stykket mellom Eiterdalen og Nøttveitsstølen er delvis stilaus, og lia ned til Nøttveitsstølen er litt bratt, men ok å gå ned. Har gått der 2 gonger.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Dette turforslaget er nok like bra i august, ja. No har snøtininga kome så langt at ein kan gå til fots i store delar av Stølsheimen, sjølv om ein må pårekna lange og store snøparti i nordre og vestre del av Stølsheimen. Om ikkje det allereie er gjort, vert bruene over elvane i Stølsheimen lagt ut i desse dagar.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.