Gå til innhold
qwer993

Tråd for tapt villmark

Anbefalte innlegg

Hallingskarvet Skjult lenke - logg inn for å se den

Etter at det vart nasjonalpark for få år sidan, har det vorte så vanvittig mykje trafikk, både organisert og uorganisert, i området, at det er i ferd med å fortrenge dyrelivet fra store deler av det som er nasjonalpark. Villreinen er den aller største taparen. Den rådande politikken er at det skal leggast til rette for endå meir aktivitet i nasjonalparkane. I den samanlikninga vert Godfarfossen eit lite inngrep i eit allereie regulert vassdrag.

Eg har ein følelse av at dette ikkje var kva trådstartar hadde sett for seg, men det får han tåle ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Naturinngrepa består av å gjera lite tilgjengeleg natur tilgjengeleg for alle. Nasjonalpark er turistattraksjonen og markedsføringa. Tillrettelegginga består i steinlegging av stigar, i fyrste omgang for å restaurere ein stig som bar preg av slitasje, i neste omgang vart det laga ei rundløype for å få flyt i trafikken. Etablering og utviding av parkeringsplassar for å få inn meir folk. Nye oraniserte aktiviteret som motbakkeløp til tops og skirenn skarvet på langs, der naturparken som attraksjon er hovedmarkedsføringa. Denne aktiviteten er velsigna av polikikarar like til topps, fordi det uttalte målet er større bruk av verneområda.

Det er ingen stad i Hol kommune det er tettare med snøskuterspor i utmark, enn i nasjonalparken, og det er SNO som står for køringa, for å passe på at ingen køyrer skuter der.

Besøkstalla har mangedobla seg i løpet av desse få åra, og er i dag mange titals tusen årleg på enkelte stigar. Det som er alvorleg i dette, er at det skjer i naturvernets navn, og det er dyrelivet som skulle vernast, det går utover. Når trafikken vert for stor på fleire, parallelle stigar på tvers av området, stenger det effektivt for villreintrekket. Dette stengselet er like effektivt villreinstengsel som rv7 over Hardangervidda, og det stoppar villreinen mange gonger kvart einaste år, utan at nokon myndigheiter gjer noko som helst for å begrense skadene. Og når ein veit at dei fagre orda i starten av vernearbeidat var at villreinen skulle vera premissleverandør, må det vera lov å påstå at vernet har vore totalt misslykka.

Det same kan heilt sikkert seiast om mange andre verneområde, men Hallingskarvet er det eg kjenner best. Det er ikkje turområdet mitt, men det er ikkje vanskeleg å sjå konsekvensane.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.