Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

  • 3 uker senere...

Noen som vet hvor dette er? Jeg mener det er i steinskvanndalen og at vi ser Fotasperr, men er svært usikker. Selv om jeg har vært der uttallige ganger. Det er noe med det bilde som gjør det ukjent.

spesial.jpg

EDIT; Bildet skifter seg av seg selv, så glem det som står ovenfor,

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
  • 3 uker senere...

Torskanesglyvrao nord for Fagerdalsipi på austsida av Finnafjorden, Sognefjorden si sørside vest for Vik. Stuttjukken har vore der ute 2 gonger.

Neste gong de er der oppe, FU, kan de gå frå Vatnane og rett over den slakke dalen mot nord og over ryggen nordaust for Vatnavatni. Treff ryggen på litt over 1000 m.o.h., og trekk litt nedover mot Finnafjorden (ikkje mykje). Der er det beste utsynspunktet mot heile Finnafjorden med Finden, Tåa og Finnabotnen. Så kan de tusla nordover mot Fagerdalsnipi. Gå via Ramnaberget som stikk framover mot fjorden, der Finnafjorden går i rett linje mot Finnabotn. Fjellryggen mellom Vatnavatni og Ramnaberget er "laust", og er spådd sin undergang med å ramla ned i Finnafjorden om ca. 6000 år. Store vassfylte "botnlause" sprekkar (Skarglyvrene) oppe på ryggen vert sjekka år om anna, men det har ikkje vore endringar der dei siste 100 åra heiter det seg.

Andre fine turar frå Vatnane.

-Gå nordaustover mot Vardeheii rett ovanfor Nese i Arnafjorden. Det er ein gammal stølsveg over høgda der og utover lia ned til Rosete (ope sel som kan overnattast i). Derifrå er det ein god sti ned den lange lia til Nese. Det går óg an å gå nordover frå Vardeheii, og forbi selet/hytta på Tuftene. Vidare nordover mot nordaust-hjørnet av Fagerdalshalvøya kjem ein til ein varde rett ovanfor Otterskred. Det går sti ned ryggen på hjørnet, og lenger nede svingar stien inn att mot Arnafjorden mot tuftene i Rotteskardet. Rett nedanfor tuftene er det ein svakt synleg stølsveg ned den bratte skogen mot Otterskred, som først går nedover og deretter inn i skogen med nasa vendt innover fjorden. Båtskyss trengs frå Otterskred til Nese eller Eitrestrondi, men det bur folk der, og hytter ein kan overnatta i har dei der. Akkurat Otterskred er det meir tilrådeleg å starta nede og gå opp lia. Stien er ikkje lett å finna der oppefrå, om ikkje det har vorte gjort noko med stien etter 1994 då eg gjekk ned der.

-Gå ned mot vatnet og over elva. Følg sauetrakk som går oppover ryggen mot vest. Stien vert tydelegare lenger oppe, og det ber inn i Svartevassdalen. Stien svingar oppover den breie ryggen mellom snøfonnene, og vert svakare att lenger oppe. Det er nokre vardar vidare som ein kan følgja. Det ber over nordre enden av Urdeggi, vel 1260 m.o.h. og nedover på vestsida og nedover ryggen på sørsida av Tolleknivbotnen. Mot sør ser ein rett inn i Trollabotnen, truleg den villaste staden i heile Stølsheimen, og nedanfor botnen er det nokre brefonner som eg har sett blåis i. Det ber eit lite stykke framover Skrivareggi, men vardane bortover der kan vera grensevardar frå gammal tid. No vert det ein pause frå stiar ei stund. Trekk så ned på sørsida og gå ned lia til eit lite skard aust for Dunevollvatnet, der ein får ei avlang tjørn på nordaustsida. Så kan ein gå ned frå skardet mot tjørna mot nordaust, og passera på søraustsida. Rett forbi tjørna kryssar ein bekken som renn ut av tjørna. Så må ein finna sauetrakket som går over ryggen framfor ein. Ver merksam på at ein er nær kanten av Botnagavlen, det loddrette stupet med rundt 400 meter fritt fall mot Botnadalen som trekkjer ned mot Finnabotnen. Vel over ryggen ser ein at ein nærmar seg kanten. Passér botnen av søkket og trekk litt oppover på nordsida, der terrenget går flatt fram mot kanten av stupet. Der er staden ein kan stå for å betrakta den dramatiske Botnagavlen. OBS. Er det skodde, så gløym denne avstikkaren. Deretter kan ein gå vestover myrane og passera nordvestsida av Gavlavatnet til ein er framme på Dunevollen. Frå Dunevollen passerer ein Vaskevatnet, og elva kan kryssast der det er breie svaer i botnen. Elva kan vera ein utfordring i regnfulle periodar. Dessutan er jo Dunevollen og Trollabotnen ein av kjeldene til elva som renn ned Modalen. Vel over elva kan ein trekkja over eit lite skard skrått mot søraust. Så er det berre å gå ned bakkane sørvestover til Alreksstølen. Ein kan óg gå nedover dalen og passera Budeievatnet på austsida. Derifrå er turen kort til Solrenningen. Ein kan til og med trekkja oppover frå Gavlavatnet mot nord og gå over Orren til Fagerdalen mot nordaust. Derifrå kan ein gå rett ned til Finnabotnen, og stien skal visst ha vorte restaurert ein tanke. Ruta ned til Finnabotnen har eg ikkje gått endå.

-Gå ned mot vatnet og over elva. Trekk oppover ryggen i retning vest mot Urdeggi og Dunevoll. Etter dei første bakkane passerer ein ein stor steinblokk, som ein ser nedefrå der ein går over elva. Då trekkjer ein mot venstre og går langs sørsida av ryggen og inn mot eit lite søkk. Passér bekken og trekk opp ei kort og bratt grasbrekke skrått opp mot venstre. Det er eit svakt sauetrakk oppover der. S¨kan ein trekkja over haugen og gå sørover på nokre flotte myrar. Er vêret svært bra med lang sikt, så hugs å snu dykk. De ser rett på Skagastølstindane i Hurrungane. Trekk innover mot elveosen frå Dagvatnet og kryss elva. Gå så opp den vetle bakken og passér nordenden av Dagvatnet. Trekk heilt inn mot fjellsida framfor ein. (Ein kan óg gå via Heststølen og opp dalføret mot nordausthjørnet av Dagvatnet). Gå bort til bekken som renn ned den bratte fjellsida. På nordsida (venstre) tett ved bekken finn ein eit tydeleg trakk som trekkjer oppover gjennom vierkrattet. Følg stien oppover i fjellveggen. Stien er smal og fjellhyllene er smale, og det er rett utfor på sida. Ta det med ro oppover her. Sjølv har eg gått der 5-6 gonger. Vel oppe frå fjellsida trekkjer det fint over ryggen og ned i eit nytt søkk. Vel forbi neste søkk er ein framme på Hestfjellstølen. Trekk nordover og over den vetle elva bak stølen. Passér dei store steinblokkene og gå opp snøfonna/grusbakken nord for steinblokkene og smett inn i skjeret ovanfor der ein snur seg raskt sørover. Så føljger ein inn i dalsøkket oppå hammaren ovanfor Hestfjellsstølen. Ein kan sjølvsagt gå innover heile dalsøkket og trekkja over Hestfjellet til buførevegen mellom Indrefjorden og Aosdalen/Halsetdalen. Finare er det å gå opp dei bratte brekkene mot aust og over ryggen der. Der ser ein utover det fine Langavatnet med Skjellinganosi rett i front. Vatnet kan passerast i begge endar. Trekk så mot nemnte buføreveg. I sørausthjørnet av Langavatnet er det ei lita steinblokk som balanserar på ein liten haug. Steinen er kalla for Stabburet, og ligg rundt 50 meter aust for buførevegen. Sjå etter den. Derifrå kan ein anten gå sørvestover mot Aosdalen og Halsetdalen, og FU si webside viser at han har gått der nyleg. Ein kan gå austover og ned til Indrefjorden eller svinga sørover mot Rappen og halda fram mot Bjergane, Vikjafjellet eller Selhamar/Raudberget. Ein kan óg gå frå sørenden av Langavatnet og sørover mot Tindafarangen, gjennom skardet mellom Tindafarangen og Jørendalseggi, ned Dyredalen til Geitedalsbotnen og vidare på stien til Selhamar eller Holskardvatnet.

Vatnane ligg rett nok "avsides" i Stølsheimen, men har sine korridorar mot resten av Stølsheimen, berre ein veit kor dei er, for området er utan merka stiar av betydning.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FU kan kikka på fjellet på andre sida av fjorden på biletet hans. Det er Kleivfjellet. Der er det ei flott rute over fjellet på gamle buførevegar frå Sylvarnes/Hanekamb og over fjellet til Hanekambdalen, der ein kan gå nedover forbi Alreksstølen til Solrenningan. Båt frå Ortnevik eller Vik, 3-4 dagar i veka. Overnatting mogleg på Strendene gamle skulehus på Sylvarnes.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Stuttjukken! Takk for fine turbeskrivelsar i området. Nettopp turen frå Vatnane til Dunevollen, og gjerne ned i Finnabotnen står på ønskelista for neste år, så dette sette eg pris på! Området er veldig flott og vel det mest spennande i Stølsheimen. (Elles var svaret sjølvsagt rett... ;) )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Det var jo riktig det RobinM...rask respons!

Dette var min andre tur på Iendafjellet, eit fjell eg har fått litt sansen for. Flott utsikt! Det var litt isete og noko nysnø opp frå Purkagjelet til toppen i går etter nokre dagar med minusgrader, men det gjekk greit. Returen gjekk stien vest om Byrkjefjellet frå Såtedalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

forresten en fin tur å runde heile steinskvanndalen! opp på nipen, til den stygge tv-masta, på venstresida eller over botnanutane, vidare over goddalseggene til fotasperrtjønn, over fotasperrnuten, skolapp, så er du snart på gråurdaskaret, her kan ein jo ta turen oppom fuglen, og så avrunde det heile med iendefjell og byrkjefjell... anbefaler meir mat enn de 4 skivene eg hadde med då eg gjorde det...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.