Gå til innhold
  • Bli medlem

Vestlands-fjellquiz


FU

Anbefalte innlegg

Annonse
  • Svar 781
  • Opprettet
  • Siste svar

Mest aktive i denne tråden

Mest aktive i denne tråden

Postede bilder

I dårlig vær ser man ofte ikke så mye, og svært sjelden så veldig mange meter. En fjelltopp her og der kan ikke på noen måte erstatte kart og kompass.

Ozzi,

dette er sjølvsagt. Ingen har hevda noko anna. Det seier seg sjølv at lett attkjennelege fjelltoppar berre kan fungera korrigerande så lenge sikta er god nok til at ein ser toppen.

E

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ozzi,

dette er sjølvsagt. Ingen har hevda noko anna. Det seier seg sjølv at lett attkjennelege fjelltoppar berre kan fungera korrigerande så lenge sikta er god nok til at ein ser toppen.

E

Jada, bare morsomt å kverulere litt :wink:

Når det er sagt så er det der "hvis jeg ikke vet hvor jeg er så krysspeiler jeg" greine noe stort tull. Orientering i fjellet går jo stort sett ut på å peile seg inn etter sikre holdepunkter. Det er litt dumt å begynne med det når du først har gått deg vekk. Dårlig vær betyr som regel dårlig sikt, og da må man følge bedre med på kartet og kompasset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sett litt på fjell-quizane, og fekk lyst til å prøve med eit Vestlandsfjellparti.

Nokon som kjenner desse toppane?

Ligner på Blæja i Dalsfjorden, men det stemmer ikke med vannet mellom toppene. Tror jeg melder pass :wink:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når Jarle nemner at det andre biletet er frå andre sida i eit område der eg har køyrt buss, reknar eg med at han tenkjer på Hardangerbussen, ruta Bergen - Arna - Trengereid - Samnanger - Kvamskogen - Norheimsund - Øystese - Ålvik - Kvanndal - Granvin - Voss. På andre sida kan liksom vera menge stader langs denne ruta, like gjerne på andre sida av Hardangerfjorden for den del, og han skreiv at det ikkje var på Hardangervidda, men no finn ein Folgefonnhalvøya på andre sida óg, tvers over t.d. Øystese. Så langt kjenner eg ikkje att noko på biletet hans. Dette er noko for Arnt Flatmo, såklart.

Krekling sitt bilete: Agnar spurde om biletet er frå Fjorda-fylket, og han svarte at det ikkje er frå Fjordane (normalt meint med Sunnfjord og Nordfjord). Dalsfjorden er nemnt, men det ligg óg i Sunnfjord. Det var litt for grønt og frodig i fjellet på biletet hans til at eg vil tru at det er ute i dei nakne steinberga i Dalsfjorden, der ein finn Blægjen/Blægja og Kvamshestane. Eg veit ikkje kvar dette er, men eg veit om eit område ikkje langt frå dei fjella der eg går, som har slike former. Den skogkledde lia er typisk for sognaliar innover i dalane frå Sognefjorden. Elles er det store skilnadar på fjellnatur langs Sognefjorden óg, og eg trur me kan halda oss i Fjorda-fylket, men i Sogn og ikkje i Fjordane. Agnar nemnte Gaularfjellet, og i det området finns det mykje av slike fjellformer. Desse fjellformene er vanleg i Midtre Sogn, med Balestrand og Vik kommune, samt Høyanger kommune si nordside, lengst inn frå havet. I Vik kommune på sørsida av Sognefjorden finns det slike fjellformer mellom Vikjafjellet og Fresvikbreen. Sjølv har eg gått turen frå Vikjadalen innst i Jordalen og over Ennebakken til Seljedalen i Vikbygdi. Det er ein sti nede til høgre i biletet, men det liknar ikkje på stien i Ennebakken og fjella mellom Nummestolane og Svinadalsholtane. Det er nok frå ein annan stad i Midtre Sogn, trur eg. (For orden skuld nemner eg at Høyanger kommune vert rekna meir som Ytre Sogn enn som Midtre Sogn). No har eg skrive om kva eg trur, men det kan likevel vera ein annan stad på Vestlandet likevel.

Eg skreiv om eit fjell som ein kan korrigera etter. Skal sei irrgangane til vestlandske uttrykksmåtar i folkedjupet her borte har vorte debattert nord og ned. Det kan henda at eg må halda kjeften...........

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

tenkte på bergsdalsbussen, som du skreiv at du har køyrt ein gong i fortida... saman med hardangerbussen burde det vere litt avgrensing iallfall... tydeleg at ingen har vore nett der før... men har du vore på fotasperr, så var du ikkje langt unna...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I høve Vestlandstoppar:

Her trengst det visst fleire opplysningar for vidare orientering:

Dersom ein starta i Fjordane men no er på veg mot Sogn,

bør ein ta ei radikal korrigering av kursen

for å kome til målet......

Så då skal du til M&R med andre ord. Det kan jo ikkje vere Sunnmørsalpane, men kanskje litt lenger aust,

rundt Geirangerfjorden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så då skal du til M&R med andre ord. Det kan jo ikkje vere Sunnmørsalpane, men kanskje litt lenger aust,

rundt Geirangerfjorden?

Ikkje Sunnmørsalpar og ikkje Geiranger, men Møre og Romsdal er rett.

Kan legge til at dersom du kjem til området frå nabofylket i sør,

er det ikkje denne sida av fjella du vil møte....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje Sunnmørsalpar og ikkje Geiranger, men Møre og Romsdal er rett.

Kan legge til at dersom du kjem til området frå nabofylket i sør,

er det ikkje denne sida av fjella du vil møte....

Nei vel. Det burde no vere ei enkel nøtt for Svein eller gi dette her.

Gjer eit siste forsøk. Kan det vere Emdalstindane med Moldskreddalen i forgrunnen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikkje Sunnmørsalpar og ikkje Geiranger, men Møre og Romsdal er rett.

Kan legge til at dersom du kjem til området frå nabofylket i sør,

er det ikkje denne sida av fjella du vil møte....

I nærheten av Hellesylt? Inni Holedalen kanskje? Men fikk ikke det til å stemme. Kanskje inni Valldal/Stordal området, men der er jeg ikke godt nok kjent. Jeg gir opp :wink:

Emdalstindene hører jo til Sunnmørsalpene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, ikkje i Nordal kommune,

men den høgste toppen på biletet er også kommunetopp.

Med så mange leietrådar gjer eg eit forsøk:

Blæja (t.h.) og Blæjeskardtinden (t.v.) er dei mest dominerande toppane. I mellom ligg Blæjevatnet.

Toppane ligg på grensa mellom Vanylven og Volda, og Blæja er kommunetopp i Vanylven.

Biletet er truleg teke frå fjellryggen mellom Kyrfjellet og Seten i Syvde.

Er visst på tide å ta seg ein tur til Ytre Søre..... :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med så mange leietrådar gjer eg eit forsøk:

Blæja (t.h.) og Blæjeskardtinden (t.v.) er dei mest dominerande toppane. I mellom ligg Blæjevatnet.

Toppane ligg på grensa mellom Vanylven og Volda, og Blæja er kommunetopp i Vanylven.

Biletet er truleg teke frå fjellryggen mellom Kyrfjellet og Seten i Syvde.

Er visst på tide å ta seg ein tur til Ytre Søre..... :P

Ja, det kan anbefalast!

Toppane og vatnet i mellom er rette, :lol:

men fotografen stod på Blåfelden i Syvde

og hadde såleis to dalføre, både Sørdalen og Røfsdalen,

mellom seg og fjellpartiet då biletet vart knipsa i juli i år.

Var litt usikker på ozzi sitt innlegg som han sjølv forkasta;

gjaldt det Dalsfjorden i Volda?

I tilfelle var det nære ved...... :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var litt usikker på ozzi sitt innlegg som han sjølv forkasta;

gjaldt det Dalsfjorden i Volda?

I tilfelle var det nære ved...... ;)

Ja, det var det jeg mente ja :P F... i svarte h..... :D:lol: Det var fra den siden det var tatt ja, jeg så bare fra Dalsfjordsiden. Jeg har riktig nok ikke sett fjellet fra denne siden så ofte, men jeg har jo gått hele den turen vi ser her: Blæjeskardtinden, Sandfjellegga, Blæjevatnet, Litleblæja og Blæja. Vi gikk opp fra Dansen seter. Jeg har til og med vært på Jolhornet som vi ser helt til høyre i bildet.

Hadde jeg ikke forkasta mitt eget forslag så hadde jeg vel fått delvis rett. Dette var bittert :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krekling, regner med du er fra ytre søre...

En bekjent fra Syvde-området har fortalt om en "rysare" av en topp ved Syvde, Høystakken tror jeg han kalte den. Kjenner du til denne? Skal visst være så smalt langs egga til toppen at en må åle seg på skrevs langs egga visst en vil ut til den. Og det skal være loddrette stup på begge sider. Har du et bilde å poste kanskje :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det var det jeg mente ja :P F... i svarte h..... :D:lol:

;)

En bekjent fra Syvde-området har fortalt om en "rysare" av en topp ved Syvde, Høystakken tror jeg han kalte den. Kjenner du til denne? Skal visst være så smalt langs egga til toppen at en må åle seg på skrevs langs egga visst en vil ut til den. Og det skal være loddrette stup på begge sider.

Høres ut som en tur for oss... :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høystakken tror jeg han kalte den. Kjenner du til denne?

Høystakken, kjenner til den, ja,

har aldri vore der og har vel ikkje planar om det heller,

men kvar sin smak....

Har ikkje digitale bilete av det området, men kan kanskje ta eit i morgon???

Elles er Høystakken med på eit bilete på s. 90 i Fotturar på Sunnmøre,

i sola, til venstre for fossen, øverst i høgre biletkant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Biletet til ozzi viser ei lokal tinderekkje som eg har fått sett på og beundra fleire gonger, der tinderekkja ligg langs austsida av ytre halvdel av Syvdsfjorden. Mest dramatisk opplevest tinderekkja frå vegen langs fjorden rett under fjella. Ei juninatt i Syvde med utsyn utover Syvdsfjorden er ei flott naturoppleving.

Eg vert stadig meir sikker på at biletet til Jarle er i frå ein stad eg IKKJE har vore. Likevel vil eg føreslå traktene ved Fuglafjellet, eit fjell eg ikkje har vore nærare enn den gongen eg såg fjellet frå nord, på tur frå Småbrekke i Bergsdalen til Høgabu.

Trykk på desse linkane:

Bilete 1: http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/vaskevatnet-1.htm

Bilete 2: http://www.stoelsheimen.no/galleri/vik/a/pages/hanekambdalen-1.htm

Bileta er frå eit område som i lang tid var lite brukt, med unnatak av nokre lokale interesserte. Sjølv har eg vore i området 4 gonger, på ulike turvariantar der inne.

Her treng de finna fram kartet.

Bilete 1:

A. Kva heiter stølen ved Vaskevatnet?

B. Kva gøymer seg nedanfor skodda der bak i venstre del av biletet (grend/fjord)?

Det går ei umerka "rute" over fjellet oppe i høgre del av biletet (som skydekket ligg ned på). Denne dagen (22/9-95) gjekk eg over fjellet med skydekket nedpå, og kom fram der eg skulle likevel. Kvar gjekk eg i frå, og kvar gjekk eg til, (namnet på 2 turlagshytter/DNT)? (I 1995 gjekk det nestan ikkje folk her inne, men dei siste åra har ein og annan funne denne bortgøymde naturidyllen).

Bilete 2:

A. Kva heiter dette fagre fjellvatnet med den grøne krattkledde holmen?

B. Kva heiter fjellet som rundar av der bak, litt til venstre for midten?

C. Kva heiter fjellet ein går over (det høgaste fjellet på biletet), på ruta nemnt under bilete 1? (Fjellryggen på biletet verkar som ei "hindring som sperrar" for turen austover i Stølsheimen her i frå, og er tilrådeleg fortrinnsvis i godt vêr).

D. Kva kallast fjellmassivet ein går over om ein går inn dalen til venstre i biletet? (Sjå gjerne ein turrapport av meg under "Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjella" på forumet).

E. Kva heiter den spektakulære botnen elva i bakgrunnen kjem i frå? (Botnen er eit eventyrleg og underfundig syn.

F. Kva heiter den bortgøymde og avgrensa botnen på vestsida av fjellet i spørsmål B? (For teltarar som vil gøyma seg bort i fjellet, er denne staden eit funn, med grøne grasmarker og ei lita elv som slyngar seg gjennom den flate og korte botnen).

Det er ein kjend sak at mange på fjellforumet føretrekkjer å gå utanfor allfarveg, og utanfor merka sti. Dette området er i så måte det beste Stølsheimen kan by på av opprinneleg fjell- og støls-landskap, utan merka stiar og særleg med tilretteleggjing. Dessutan er dette den vakraste delen av Stølsheimen, med lite ferdsel, straks dei merka stiane og moltemyrane er passert. Det går fint an å gå på ski om vinteren her inne óg, og frå høgste fjellryggen er det berre å strekkja armane mot Jotunheimen der inne, om det er viktig.

Ein triveleg kar i Vik i Sogn, som eg kjenner litt til, har stølen ved Vaskevatnet som sitt fjellparadis i Stølsheimen. Sjå bilete på hans profesjonelle nettside:

http://www.vikjavev.com , ved Torstein Hønsi på Voll(-bakken) i Vik.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

ja, stuttjukken, nærleiken av fuglafjellet er rett... forøvrig eit fjell å prøve ein gong, vil nesten sei det var finare på sommarstid enn om vinteren og...

biletet er teke nærmare norheimsund, på ein liten knatt som heiter prestafjellet. steinen kan sjåast i horisonten når ein går opp sundvordalen, mot myklavatn...

denne dalen er eit kjekt alternativ til f eks steinskvanndalen om ein skal til fuglafjell eller fotasperrnuten, sjølv om det vert ein lengre tur i terreng utan stiar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

....."rysare" av en topp ved Syvde, Høystakken tror jeg han kalte den. Kjenner du til denne? Skal visst være så smalt langs egga til toppen at en må åle seg på skrevs langs egga visst en vil ut til den. Og det skal være loddrette stup på begge sider. Har du et bilde å poste kanskje

Tok nokre bilete i dag.

Eitt av Fossenipa og Høystakken

og eitt av Høystakken med lett zoom.

Det med loddrette stup stemmer nok,

men det med å åle seg langs egga kjenner eg ikkje til! :D

post-947-133474404968_thumb.jpg

post-947-133474404976_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenkte bidra med noen flere oppgaver her. Disse toppene er alle under 2000 meter og derfor typiske fjæresteiner. Hvor står disse 6 vardene ? Blant bildene er det 4 kommunetopper, 5 av bildene er fra øyer. Dette var dagens tips :D Flott med havutsikt på fjellet. Sunnmøringer trives ikke uten at de ser både fjellet og sjøen har jeg lært.....

post-480-133474404996_thumb.jpg

post-480-133474405016_thumb.jpg

post-480-133474405036_thumb.jpg

post-480-133474405055_thumb.jpg

post-480-133474405075_thumb.jpg

post-480-133474405094_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive

Annonse


×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.