Gå til innhold
  • Bli medlem

Resultat av dagens primustestfyring


afe

Anbefalte innlegg

I mildveret i ettermiddag, hadde eg bestemt meg for primuskaffi i snøhaugen på verandaen.

Eg har brukt alt for mykje peng på ein Primus 96 som eg har prøvd å få i brukande stand. Etter fleire prøvefyringar, bytting av pakningar, smøring av pumpelær osv dei siste vekene, vart dagens konklusjon at primusen er håplaus. Eg greier rett og slett ikkje å få han til å brenne stabilt og reint, og det vert bare verre og verre for kvart forsøk. At det tredje og siste forsøket i dag ikkje enda i katastrofe, kan eg takke snøen for. Eg får bare ta nestenulykke som eit hint og stoppe før det går gale. Primusen ender altså i selskap med Phoebus 625 på lista over sterkt overprisa skrapmetall (men heldigvis langt frå så dyrt som Phoebusen).

Eg hadde allereie bestemt at det skulle bli primuskaffi, så det var bare å finne neste primus. Den langt billigare Radius 21 vart fyra opp og overbeviste som vanleg. Eg vert stadig meir glad i Radiusen for kvar gong eg fyrar han opp. Radius 21 er enkelheita sjølv, med ein effektiv og reintbrennande brennar. Reguleringa er kjempeenkel med lufteskruve i tanklokket for å redusere trykket på tanken. Sleppe ut litt trykk for å redusere effekten, pumpe litt for å auke effekten. Etter ei rask tilvenning, fungerer dette veldig presist. Før kaffivatnet var varmt, kom eg på at eg har tilgode å friskmelde grafittpakningen på Optimus 111. Det var altså bare å ta av kaffikjelen, nyte synet og lyden av Radiusen litt, før eg sløkte han og henta Optimusen.

Før eg fyra opp Optimusen, bytta eg tanklokket med tanklokket frå Primus 96 (med lufteskruve), for den vraka Primusen har ikkje lenger bruk for verken tanklokk eller splitter ny tanklokkpakning. Optimus 111 er ein grei vinterbrennar med tanke på at primusen er ferdig montert, så det bare er å ta han fram og fyre opp. Eg likar at ting er enkelt når ein slår leir og kanskje er både sliten og kald. Det var også det viktigaste kriteriet då eg kjøpte han, etter å ha gjeve opp den dyre men akk så håplause Phoebus 625.

Eg misslikar sterkt heile regulatoren på Optimusen. Etter mitt syn, er det ein alt for skjør detalj på ein ellers solid primus. No såg det riktignok ut til at eg endeleg har fått grafittpakningen tett, får bare håpe at eg ikkje har stramma for mykje så heile grafittgreia går i oppløysing etter ei tid. Ettersom regulatoren ikkje tåler at nykkelen står i, må ein fikle med denne for å entre den vesle tappen på brennaren kvar gong ein skal justere flammen litt. Dette er både irriterande og tar tid. No kan eg derimot bruke lufteskruven frå den gamle Primusen for å redusere trykket på tanken. Det fungerte veldig greit, men ein kan sjølvsagt ikkje gjere dette dersom ein har bensin på tanken, men det har eg heller aldri tenkt å ha. Reguleringa var like fin som det eg er vane med på Radiusen. Og på låg effekt brenn det også finare med lite trykk på tanken og spindelen heilt åpen, enn høgt trykk og stryping med spindelen. Frå no av, skal eg bare bruke spindelen til å rense dysa og stenge og åpne brennaren. Og eg treng ikkje lenger irritere meg over den skjøre spindelen kvar gong eg skal justere effekten litt mellom snøsmelting, matlaging og teltfyring.

Ryggmargrefleksen med tanke på heile 111'ern er diverre fortsatt prega av dårleg erfaring frå millitæret, så eg har langt att før eg stolar fulllt på Optimusen, men det går rette vegen.

Konklusjon av dagens testfyring vart altså at Primus 96 var ei særdeles dårleg investering. Optimus 111 fungerer godt med gammaldags trykkregulering som flammeregulering (sjølvsagt bare med parafin på tanken).

Og kaffien smakte heilt ypperleg.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Noe av samme erfaring med min Primus 96. Historikken til min 96 er at den ble kjøpt i Bergen i 1946 og bare sporadisk (sjeldent) brukt frem til den kom i min  eie for noen år siden. Etter utallige rens og utskyllinger av tank og stigerør fikk jeg den endelig til å brenne godt. Mitt eksemplar er svært kresen på "maten" og aksepterer lampeolje om ikke parafin er tilgjenglig. Tennvæske eller White Spirit vil den overhodet ikke ha. Det samme gjelder forøvrig også min Optimus 00 med stillebrenner. 

På sommertur bruker jeg moderne apparat med Gass, men på dagstur om vinteren er det Primus 96 som gjelder. 

Optimus 00 er veldig vindfølsom så den er bare med når jeg telter.

 

Syns du burde forbarme deg nok en gang over 96' ien :D for makan til smykke og god lyd :heart:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har allereie pakka 96'en vekk og teke han fram att mange nok gonger. Eg tenkte at den siste gongen, som vart redda av at snø ikkje brenn, skulle vera den aller siste åtvaringa om at dette utysket er direkte farleg.

Men du kan vera inne på noko med ulik parafinkvalitet. Det kan hende eg tar han ut at ein gong, og prøver med ein annan parafin, men det vert ikkje i kveld. Eit ekstra forsøk vert i så fall bare for å gjera enda eit forsøk på å få han til å brenne som han skal, og eventuelt få kokt opp den eine eksklusive kaffikoppen (noko Phoebus 625 aldri greidde). Med ettermiddagens nestenkatastrofe i bakhovudet, er tilliten broten for alltid, så 96'en min vert aldri ein bruksprimus.

Eg greier ikkje å sjå eit smykke i ein primus som ikkje fungerer. Men dersom eg bare hadde fått han i gang ein einaste gong, kunne eg setje han på hylla til pynt.

Som kompaktbrennar har eg Svea 123r, så eg er ikkje avhengig av Primus 96 for storleiken. Men det er fortærande å ha brukt så mykje peng på noko som ikkje fungerer :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg syns egentlig at forvarmingskåla er litt for liten. I romtemp eller på sommeren holder det med en forvarming, men i kaldt vær har den vondt for å greie det på en. Jeg har fasongklippet litt glassfibermatte som jeg har lagt i skåla og da får du litt mer rødsprit oppi og den brenner følgelig lengre. Er det ordentlig kaldt forvarmer jeg et par ganger før jeg stenger lufteskruen og tenner om den da ikke tenner på gjenværende forvarmings flamme. Uten god forvarming er ofte resultatet et skikkelig ildsprutende uhyre. <<<rett etter start er jeg også forsiktig med trykket. Jeg lar den bli god og varm før jeg pumper særlig trykk for å unngå bål. :flowers:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En fin rapport fra testfyringen din.

 

Kanskje en tur på spiritburner.com kunne være lurt om du vil gi Primus 96 en sjanse til. Mange kunnskapsrike folk som gir god hjelp. Har ikke prøvd den selv, men generelt synes jeg størrelsen til Primus 96 er tiltalende. Designet liker jeg ikke helt, litt mange smådeler som utgjør brenneren. En primus med lignende størrelse som Primus 96, men med brenner ala Radius 21, er Manaslu 96. Selv om de er produsert i nyere tid skal kvaliteten visstnok være på høyde med de gode gamle. Vet det er noen her inne som kan gå god for dem i alle fall. På spiritburner.com får de også skryt, selv om mange foretrekker Primus 96. Der er vel en liten bias mot nostalgi og gamle klassikere. Skulle jeg mot formodning kjøpe meg en primus til måtte det bli en slik.

 

Designet til Radius 21 o.l. er fantastisk. Vekta er ikke så gærn som man skulle tro heller. Absolutt en allround-favoritt, lett nok til sommeren og god futt og drivstoffkapasitet til vinteren. Veldig enkel å vedlikeholde, og lite som virkelig kan gå skeis. Jeg synes eneste bakdelen i forhold til Optimus 111 er at den må demonteres ved forflytning. Det kan også være fort gjort å glemme å skru til lufteskruen før den pakkes ned. Har kommet på det i siste liten et par ganger. Siden vekt betyr mindre med pulk blir Optimus 111 eller Phoebus 625 likevel oftest med på vinteren. Bakdelen med den litt kjipe regulatoren overveies av solid kasse og alt-i-ett-design. Deilig å bare vippe opp lokket og sette i gang. Det høres jo ut som du har funnet en god løsning for å forenkle reguleringen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uten god forvarming er ofte resultatet et skikkelig ildsprutende uhyre. <<<rett etter start er jeg også forsiktig med trykket. Jeg lar den bli god og varm før jeg pumper særlig trykk for å unngå bål. :flowers:

 

OK. Den aller siste gongen var eg nok nære, og utfra denne beskrivinga, var det bare utålmodig pumping som øydela. Men ein primus som må forvarmast fleire gonger før han er varm nok, er ikkje ein primus for meg. Då kan eg likesågodt fyre bål.

 

En fin rapport fra testfyringen din.

 

Kanskje en tur på spiritburner.com kunne være lurt om du vil gi Primus 96 en sjanse til.

 

<...>

 

En primus med lignende størrelse som Primus 96, men med brenner ala Radius 21, er Manaslu 96.

 

Designet til Radius 21 o.l. er fantastisk. Vekta er ikke så gærn som man skulle tro heller. Absolutt en allround-favoritt, lett nok til sommeren og god futt og drivstoffkapasitet til vinteren. Veldig enkel å vedlikeholde, og lite som virkelig kan gå skeis. Jeg synes eneste bakdelen i forhold til Optimus 111 er at den må demonteres ved forflytning. Det kan også være fort gjort å glemme å skru til lufteskruen før den pakkes ned. Har kommet på det i siste liten et par ganger. Siden vekt betyr mindre med pulk blir Optimus 111 eller Phoebus 625 likevel oftest med på vinteren. Bakdelen med den litt kjipe regulatoren overveies av solid kasse og alt-i-ett-design. Deilig å bare vippe opp lokket og sette i gang. Det høres jo ut som du har funnet en god løsning for å forenkle reguleringen.

 

Utan spiritburner.com, hadde eg nok ikkje kome så langt som eg kom ;)

 

Manaslu lagar heilt sikkert bra primusar, men når prisen er 4 gonger kva eg betalte for Radius'en, er det heilt greitt å gjera bomkjøp som Primus 96 også. Med den større brennaren, er nok Manaslu 96 noko større enn Primus 96. Og Radius'en er ikkje all verda stor den heller. Nedpakka tar Optimus Nova større plass enn Radius 21! Det står bare att å finne ein betre boks til oppbevaring enn den orginale blikkboksen. Allerhelst skulle eg hatt ein tett plastboks som fangar opp eventuelt parafinsøl.

 

Dersom Optimus 111 måtte monterast før bruk, hadde eg aldri hatt han. No må eg lære meg å ikkje gløyme å stenge lufteskruven på denne også, men det skal nok gå bra. Brennaren ville ikkje slutte heilt å brenne ved å bare sleppe ut trykket. Eg reknar med at det er på grunn av at dysa er så lågt i forhold til tanken. Eg kjem derfor til å stenge med dysa, og så sleppe ut trykket. Då er det enkelt å bare lufte litt før eg stenger att ventilen att med ein gong.

 

Før eg fekk tak i Optimus 111, gjorde eg eit forsøk med Phoebus 625, som også kan transporterast ferdig montert. Men den brennaren fekk eg heller aldri til å brenne reint, så han var heilt uaktuell til å bruke inni teltet. Den brennaren har heller aldri gjort nyttig arbeid for seg, som å koke ein kopp kaffi, sjølv om han teknisk sett nok ville greie det, men med noko soting som resultat. Den gongen skulda eg på at Phoebus 625 var stillebrennar. Eg har tilgode å oppleve ein stillebrennar som brenn reint, så Phoebus'en føyde seg fint inn i det mønsteret. Etter å ha gjeve opp Primus 96, har eg innsett at kanskje den indirekte forvarminga også kan føre til utfordringar både for Primus 96 og Phoebus 625, sjølv om eg har 10 år med bare gode erfaringar med Optimus Nova som også har indirekte forvarming. Phoebus'en mangla også transportkasse og hadde nokre usedvanleg slarkete kjelestøtter, men ettersom heile raklverket enda som kjellarfyll, betyr det mindre.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg hadde eigentleg forkasta heile Primus 96. Men etter å ha grubla litt over varmeoverføring i helga, valde eg å eksperimentere litt med innmaten i brennaren. Inne i brennaren er det ein samanrulla messingnetting. I tillegg til filtrering, er det varmeoverføringa i denne nettingen som skal føre til at parafinen fordampar. Nettingen som var, nådde nesten heile lengda av brennaren, det vil seie langt lenger enn det brennerklukka kan tilføre varme.

Etter nokre forsøk med litt smalare netting, fekk eg endeleg primusen i gang. I går var flammene veldig gule, så Radiusen måtte fram att. I dag prøvde eg litt breiare netting enn i går, og no fekk eg endeleg nokonlunde greie flammer. Litt for gule etter min smak, men utan vidare ambisjonar for brennaren, får det gå for denne gongen. Primusen gjekk bra så lenge kjelen stod på, men utan kjele, virka det som det vart i minste laget av varme ned i brennaren. Primusen har ikkje tillit hjå meg, så han vert nok ståande som ein kuriositet. Hugsar eg på det, skal eg fyre han opp att om 12 år, då er han nemleg 100år.

Kaffivatnet vart kokt i ein kjele som tidlegare har vore brukt på bål av brisk, så lukta var slettest ikkje prega av dårleg forbrent parafin. I dag vart det kakestykke til kaffien ;)

Neste prosjekt er ein Primus 210, lisensprodusert av Høvik Verk, altså eit lite stykke norsk industrihistorie. Etter å ha bytta pakning i lokket, viste fyrste prøveoppfyring at flammene var veldig gule, omlag som Phoebusen min, og langt gulare enn 96'ern på sitt beste. Eg er ikkje heilt sikker på korleis eg skal angripe denne brennaren akkurat no, men eg har stor tru på at eg skal få til denne. 210'ern var i utgangspunktet billig, så eg har mykje å gå på før han vert like dyr som 96'ern.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

He-he, tipper at kaffien smakte afe. Både kjele og brenner av det edle slaget. Kan ikke bli mye bedre enn det :D .

Forøvrig, brukte du samme netting som var i brenneren, eller prøvde du med stålull? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg akkurat hatt den aller siste testfyringa av Primus 96. Endringa sidan sist, er at eg har lagt litt ekstra messingnetting i det aller ytterste laget, slik at denne tar opp varmen frå litt meir enn heile høgda av brennerklokka. Den andre endringa er at eg gjorde testfyringa i fullt sollys (noko eg forresten knapt har sett sidan før jul). Det var litt gule flammer i vindkasta, men ellers var flamma så godt som usynleg. No fungerte han også godt utan kjele. Etter nokre minutt på full guffe, rydda eg han bort att, for eg hadde heilt andre planer for ettermiddagskaffien i dag.

Høvik Verk'en venter fortsatt på ny dyse, så han har fått stå i ro. Men i mellomtida vann eg ein QXL-auksjon på eit vaffeljern som var beskrive som både rusta og skittent. Slikt kan sjølvsagt bety mykje arbeid, men når vaffeljernet vart pakka ut av postpakka i går, såg det slett ikkje så ille ut. Ein del fastbrent fett var det, men ikkje noko rust. I går gjekk altså tida med til skuring og innsetting med feitt. I dag var det altså duka for vaffelsteiking. Radiusen fekk oppgåve som varmekilde. Den fyrste plata vart rituelt ofra til naturen før jernet var ordentleg varmt. Med primusen på full guffe, nådde jernet etterkvart høveleg arbeidstemperatur og vaffelplatene vart steikt i rask rekkefølge. Når rørebollen var tom, var det bare å setje over kaffien.

Akkurat no går sola ned bak Hallingskarvet og eg har trekt meg inn med kaffien og vaflaane. Dagens konklusjon er at elektriske vaffeljern med teflonbelegg ikkje kan reknast som noko framskritt. Feite vaflar frå ordentleg varmt støypejern har ein heilt annan smak, og den er ikkje dårlegare for å seie det slik ;) Og det går mykje raskare å steike på varmt jern.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aahh, godt å høre at 96´ien din oppfører seg høvelig og gjør det 96´ier er best til ! Skal se du etterhvert kommer til å tilgi en litt trøbblete start og kanskje lar du den få ansvaret for å holde vaffeljernet varmt en vakker dag  :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

96'ern virkar veldig spinkel under det tunge vaffeljernet (nesten 4kg), så det trur eg ikkje skjer. Men det kan nok verte nokre kaffikok på han. Då eg fekk 96'ern, var han ikkje tett verken her eller der, så både tanklokkpakningen og blypakningen under brennaren er bytta. Men eg greier ikkje å få blypakningen tett mot blindpluggen, så nokon turprimus vert det nok ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.