Gå til innhold
  • Bli medlem

Mulig å ordne seg egen mat på betjente DNT-hytter?


grethe

Anbefalte innlegg

Annonse

Det er nok lagt opp til at du skal kjøpe både frukost, matpakke og middag på dei betene turisthyttene. Dette står for ein stor del av inntekta for vertskapet, som vel ofte tener lite på sjølve overnattinga

(Etter det eg har fått med meg, så går ca 10% overnattingsbeløpet til vertskapet, resten til den aktuelle turistforeningen. Dei private turisthyttene drives nok etter ein litt annan modell og kan også sette sine eigne prisar.)

Det hadde nok vore vanskeleg for turisthyttene å få det til å gå økonomisk rundt viss bare eit mindretal nytta seg av mattilbodet. Somregel er jo også maten på hyttene meget god og forsvarer absolutt prisen. Likevel kan det fort bli dyrt for ein fjellvandrar om ein skal innta både frukost og trerettars middag. Alternativet er då å søke til sjølv-/ubetente hytter eller ta med telt. Sistnemnde er iallefall det rimelegaste, om ein då allereie har slikt utstyr.

Trur det er få betente turisthytter som har eit "sjølvbeteningskvarter" når resten av hytta er òpen, men Haukeliseter har eit slikt tilbod. Der kan ein få rom/sovesal med tilgang til minikjøkken. Sjekk ut www.haukeliseter.no for meir info om det.

Utanom sessongen er det heldigvis fleire av dei betente hyttene som har såkalla sjølvbeteningskvarter, evt nødbu (Ofte ei mindre hytte som blir satt i stand som sjølvbeteningshytte). Sjekk imiddlertid dette på førehand, då fleire kjente hytter ikkje har eit slikt tilbod. Størrelsen på hyttene og utvalet av proviant kan også vera høgst varierande.

Sjølvbeteningskvarteret på Skogadalsbøen er utmerka, så f.eks. ein vårskitur inn dit kan bli veldig fin.

For å gjera det litt rimerlegare ved overnatting på betente hytter, har eg ofte tatt med brødmat og tatt frukosten eit lite stykke frå hytta (f.eks. på veg mot dagens turmål). Har også hatt med primus og posemat for å laga middagen før ankomst hytta. Fungerer bra det også, men det blir ein del å ha med seg i sekken. Viss det er guffent vèr, så kan det bli lite fristande å lage til middagen utandørs.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.