Gå til innhold
  • Bli medlem

Juratind frå Hoemsbu 18.06 2005


bertil

Anbefalte innlegg

Gjekk frå Hoemsbu med tung oppaking laurdag kl 1230. Planen var å nå Juratind i løpet av kvelden og telte ved vatnet nedanfor Hoemsbreen (700 meter under toppen).
Hoemsbu er eit vakkert nedlagt gardsbruk ved Eikesdalsvatnet. Bør vitjast om ein er i området!

Stigninga gjekk fint opp langs elva på god sti, ein plass måtte vi leggje ut klopp for å komme oss over den frådande elva, men la den på plass igjen på tur ned. Opp moreneryggen mot vart det brutalt bratt, og når vi kom over kanten på ca 800 moh kunne vi ta på oss skia.

Himmelen vart meir og meir blå, noko som vi sjølvsagt sette stor pris på. Då vi kom opp til kanten der egga byrjar var det nesten snøfritt. Vi måtte traversere eit par snørenner og siste 5 metrane baud på enkel klatring. Alt ein treng er ein kile nr 5 og ei kortslynge. Det går også fint å klatre siste biten utan sikring om ein er trygg på seg sjølv. Grad 3+ kanskje i ca 1 meter(lite opptak). Men det er jo forholdsvis langt ned...

På toppen kl 2030 med forholdsvis blå himmel, sol og vindstille. Sat der i over ein time og naut utsikta mot Vengjetind, Trolltindane, Skjorta, Vikesoksa.... ja alle dei fantastiske toppane i området.

På søndagen vakna vi for seint til å gå topptur ettersom vi hadde bestilt skyss kl 17. Vi valde difor å bli solbrende i staden.. Litt vondt no, men det går seg vel til.. :)

Fantastisk tur! Bilete kjem seinare.

post-546-133474392617_thumb.jpg

Vis rapporten i Turkartet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.