Gå til innhold
  • Bli medlem

(Telt, soveposer og liggeunderlag) - Helsport Ringstind 1


afe

Anbefalte innlegg

Fyrste overnattinga i teltet var på snø. Det vert den siste på snø. Dette er ikkje eit vintertelt. Det tettar alt for dårleg mot bakken. I kulde og vind, er det også eit sakn å ikkje kunne regulere luftinga.

Teltet som står oppe av ein teltstangboge, er heilt avhengig av godt feste til pluggane. Bardunane er det enkelt å flytte litt rundt for å finne eit godt feste. Men teltduken mot vinden må strammast med to pluggar, og desse har ikkje noko slingringsmonn. Dersom denne sida ikkje er stram, taklar teltet vinden veldig dårleg. På mange av teltplassane mine, har dette vore vanskeleg. Så til høgfjellsturar har eg anskaffa meg eit litt tyngre men mykje betre eigna telt.

Det er nokre saumar som revna ganske tidleg, og teltstonga har knekt to gonger (i løpet av teltet sine 28 fyrste netter) utan nokon spesiell belastning, så noko god kvalitet vitner ikkje dette til, og det også ein av grunnane til at dette ikkje er eit telt som eg stolar på under krevande forhold. Stanga er no bytta ut med ei langt betre stang frå Hilleberg.

Men teltet er svært romsleg til tross for vekta (som riktignok ikkje er så lett som produsenten oppgjev). Sjølv er eg 1,9m, og liggelengda er i massevis nok. I forteltet er det plass til sekken utan at han ligg i vegen for å koma seg inn og ut av teltet. Etter mitt syn, er det ingen grunn til å velge 2-mannsversjonen dersom du likevel har tenkt å bruke teltet som 1-mannstelt. Det gjev deg bare ein tyngre sekk!

Click here to view the article

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.