Gå til innhold
Humle

Hva har du kjøpt nå!

Anbefalte innlegg

Det vert mest innkjøp av forbruksvarer. I den grad dette kan planleggast, kjøper eg det når det er gode tilbod. Dvs at eg kjøper ski og ulltrøyer kvar vår (i vår vart det visst to par ski). Dersom eg treng nye skistøvlar, kjøper eg dette også om våren, dette vart omlag annankvart år. Rett før elgjakta i år, kjøpte eg ny øyreplugg til sikringsradioen, ettersom den gamle vart øydelagt i fjor. Ei ny Fjällrävenbukse vart også kjøpt inn i haust.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ein gammal Radius No. 21.

Primusen er i god stand, men lufteskruven i tanklokket var ikkje mogleg å få tett, så eg må skaffe meg eit nytt tanklokk. For å prøvekøyre primusen, måtte eg derfor tjuvlåne tanklokket frå 111'ern min. Då fekk eg endeleg trykk på tanken, og primusen fekk seg eit halvtimes prøvekøyring på verandaen. Effektjusteringa vart sjølvsagt ikkje heilt optimal, men det lot seg godt gjera å sleppe ut litt trykk nokonlunde kontrollert med dette tanklokket også. I skrivande stund kosar eg meg i alle fall med ein kopp nytrekt primuskaffe.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

I går kjøpte eg meg ei bok: Oppdagelser på Hardangervidda av Svein Indrelid

I denne boka tar forfattaren for seg den arkeologiske historia på vidde. Både korleis ekspedisjonane har utvikla seg og kva dei har funne. Eg har sjølvsagt ikkje lese boka enno, men utfra kva forfattaren fortalde i går, har eg mykje å glede meg til.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fredag kom det ein Primus 210 i posten. Såsant det er mogleg å få tak i parafin i framtida, har eg kokeapparat resten av livet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Manaslu 96.

Ikkje det at eg har behov for ein, men eg hadde så lyst på ein. Ein veit jo ikkje kor lenge slikt er å få tak i, og då er det like greit å kjøpe før det er for seint.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Nokre gonger kjøper eg ting eg verkeleg ikkje har bruk for. I dag kom det ein Optimus 8r i posten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.