Gå til innhold
  • Bli medlem

Terylensbukser som fjellbukse.


Stuttjukken

Anbefalte innlegg

Oi, tenkjer nok mange, det går ikkje an å vera så dum.................

Gjennom mange år som fjellvandrar har eg, til skilnad frå nestan alle andre fjellvandrarar gått med terylensbukse i fjellet, og det kun under gode forhold som godt sommarvêr i 10-25°C utan fare for regn. (Elles går eg i bevernylonsbukser ved fare for regn, og tjukke vadmelsbukser på kalde vinterdagar). No er ingen gammal kar i den aldersgruppa som er vant med terylensbukser i det daglege. Eg er faktisk kun straks 39 år, og med "mange år" med terylensbukse i fjellet, nemner eg at eg har brukt terylensbukse på fjelltur sidan eg var i slutten av 20-åra. Folk på min alder og yngre er slett ikkje vant med terylensbukser, men eg er vant til å gå mot straumen, og har gått med slike bukser heilt frå då eg var tidleg i 20-åra. Det var berre litt til å byrja med, men eg trivest så godt med det at no går eg nestan ikkje med noko anna, såvel i arbeidet midt som bussjåfør der den inngår i uniformen, og på fritida. Nok om akkurat det.

Kvifor går eg så med terylensbukser på fjelltur, (seinast 8/5-05)? Det er rett og slett fordi eg opplever det som alle andre bukser eg har prøvd, blant dei buksene eg kan tenkja meg å bruka. Gore-tex, m.m. har eg aldri brukt, sjølv om eg er klar over at det er mykje bra på marknaden. Livet mitt i fjellet har likevel overbevist meg at eg ikkje treng moderne turtøy, og står fjellstøtt på det. Bruken min av terylens-bukser i fjellet er slik eg ser det ei vidareføring av tidlegare tiders bruk av heimalaga vadmelsbukser på gardane rundt om, som karane brukte under ute-arbeid, slått i utmarka og under kløvjing til fjells, m.m. Likeeins er det med dei tjukke vadmelsbuksene som det finns mange forsvarsmodellar av i dag. Dessverre er ingen terylensbukser på marknaden i dag like solide som vadmelsbuksene før i tida, og det meste er tynne kvalitetar som kun duger som finbukser. Styr unna desse. Det er ikkje mange som tilbyr solide terylensbukser i dag. I Oslo trur eg eg ville høyrt med Herremagasinet eller Follestad, då desse fører klassiske og tradisjonelle bukser, og det i alle storleikar, også for feite folk som meg.

Terylensbuksa som eg skal gå med til fjells, skal vera sterk, grov, kraftig og slitesterk, og tåla ein skikkeleg støyt. Den skal ha god passform og sitja som støypt, samt vera såpass ledig at ein kan ta høge oppsteg i bratte motebakkar, utan at buksebeina strammar noko særleg. Det er forutsetjinga for buksa, og den skal sjølv om den ved første augekast ser ut som ei finbukse, vera ein solid kvardagsbukse. Det er lov å spørja butikkpersonalet om råd, men det er ingen vits i å ta turen innom butikkar til dei store kleskjedene. Sjølv om gode nok terylens-bukser er dyre, ofte over 1000 kr., er det verdt det. Justering ved målsaum kan vera lurt med tanke på passformen. Buksa skal brukast ute i terrenget, og bør ikkje skli for langt ned når ein går. Dei som har stor pondus som meg, må ha lågt liv i buksa, under magen.

Fjellfolk flest vil nok synast at terylensbukser i fjellet er noko tull. Det skal verta interessant å høyra frå fjellfolk. Skulle det finnast fleire som brukar terylensbukser i fjellet, er det berre å koma med innlegg. De som synest at terylensbukser er tull i fjellet, må óg koma med innlegg. Er det 1 eller 3 som vil prøva ut terylensbukser til fjells, og brukar ei bukse som held mål, er det berre å koma med dykkar røynsler (erfaringar) i innlegg her.

For meg er valet om terylensbukse til bruk i fjellet teke for mange år sidan, eit val eg står ved så lenge eg kan klara å gå til fjells. Det er ikkje meininga å skapa ein terylensbukse-klan i fjellet. Dette er rett og slett for å få fram synspunkt frå fleire sider. Eg viser til innlegga mine under namnet "Stuttjukken" (og henvisning til gjest) under "Hvilken fjellbukse??", "Ny fjellbukse", "Nickers?" og "Olabukser......".

Etter årevis med bruk av terylensbukser i fjellet, har eg røynt (erfart) at det for meg ikkje finns betre fjellbukser å gå i, når forholda høver. Det starta som ein smaksak, men jo meir eg brukte terylensbukser i fjellet, desto meir enn ein smaksak vart det, og det vart meir som ein livsstil.

Helsing Stuttjukken. Eg oppfyller det namnet på meg fullt ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Stutttjukken !

Skal vi starte terylenbuksas venner ?

Har selv svært god erfaring med slike bukser, men på et helt annet bruksområde.

Det hadde seg slik at jeg ved en anledning lettet fra Vespaen min i vel 80 km/t fløy ca 30 meter gjennom lufta og landet horisontalt på motorveien på mine velbrukte bukser. Farten var fortsatt upåklagelig på den fine asfalten.

Buksene sto nesten av seg selv etterpå, smeltet og størknet igjen, -var uegnet både til fjellbruk og i selskapslivet, men uten hull !

Og jeg, jeg løp O-løp tre dager etter lufteturen !

Ja, solide er de og beskytter gjør de !

Må innrømme at jeg ikke har brukt terylenbukser til fjellturer, men kanskje jeg skulle prøve ?

knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anonymous

Stabell, det der var ikke et innlegg for terylensbukser, det var et innlegg MOT Vespaer!! 30 meter gjennom lufta....ok,selv om du tok i litt så høres det bæd ut, flaks at ikke disse kunststoffbuksene smeltet fast på kroppen.

Terylensbukser...vel, dersom vi glemmer den formmessige siden av saken, så kan det vel tenkes de er deilige å gå med i oppholdsvær, de veier vel ikke så mye? Stutttjukken har du veid dem? Om du har et par bulser som duger 100% på jobb og i tursammenheng er det jo helt genialt.

Men hvordan takler de svette, "puster" de eller blir de tunge og våte? Hva med vindtetthet? Hva med slitestyrke når man går gjennom kratt og kjerr?

Introducing "Terylene sympatex S500 advanced mountain pant" for rough use in outdoor conditions. Hmm - er vi vitne til starten på en ny trend her??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld terylensbuksene som høyrer til bussuniformen, så er det ikkje dei eg brukar på fjellturar, då dei ikkje er sterke nok, (sjølv om det eg skreiv kanskje kunne oppfattast slik). Når det gjeld eigenskapar som om buksa "pustar", er vindtett eller om den vert tung når den vert våt, skreiv eg sist at bruken av terylensbukser høyrer heime i godvêr, og ikkje i styggavêr. (Er sommardagen så varm at ein svettar skikkeleg, går ein gjerne i shorts). Som i det meste av tøy som er på marknaden, inngår kunstoff også her. Det er terylensbukser med høg andel ull, omkring halvparten, eg brukar på fjellturar, og ikkje slike full-polyester-bukser som t.d. "bilbuksa" til Dressmann, der ein gjerne kan ha grunn til bekymring for at kunststoffet "smeltar". Dei terylensbuksene eg brukar i dag, er frå eit restopplag frå Berserk, ein klesfabrikk som vart lagt ned for nokre år sidan, og som ikkje er å få ta i i dag. (Sidan eg var så "framsynt" at eg skaffa meg nokre bukser som var for store for meg den gongen, har eg framleis bukser som passar ei feitare utgåve av meg). I dag er terylensbukser som er slitesterk nok for ein fjelltur sjeldan vare, for det meste av det som finns høver kun som finbukser eller "bilbukser". Dei terylensbuksene eg brukar ute, tåler både "kjerr og kratt". Terylensbukser er lette, ja, men dei eg brukar er ikkje lettaste sort.

"Terylensbuksas venner", ja. Eg må innrømma at eg humra litt for meg sjølv, då eg las innlegget, og trudde først at det var ein vits. For å gå frå spøk til alvor, hadde kanskje ikkje "Terylensbuksas venner" vore så dumt, så det går alltids an å gripa fatt i det. Med mine 39 år, hadde eg nestan sikkert vorte yngstemann. Å bruka terylensbukser på fjelltur er forsøket verd, så kom gjerne med tilbakemelding på det om det vert prøvd. Terylensbuksa må vera sterk nok, og ein må bruka det fleire gonger, før ein veit korleis det er. Mi røynsle med terylensbuksa gjorde at eg ikkje vil vera den forutan på fjellturar på godvêrdagar.

Det er ingen fare for at terylensbukser i fjellet vert ein trend! Terylensbuksa vert stadig sjeldnare i framtida.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei push!

Vet ikke om jeg skal skylde på Vespaen, har jo ikke prøvd å treffe forskjermen på en bil i 80 km/time med andre motorkjøretøyer, men et langt svev blir det nok da også og flaks skal du nok ha (i tillegg til terylenbuksene !) om du skal unngå alvorlig skade.

knut

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg trur til og med at risikoen for skader på utstyret hadde vore stort, om du hadde brukt ein rustning frå mellomalderen i dette svevet. Du skreiv jo at terylensbuksa heldt, men eg vonar at det ikkje vart andre skadar og etterverknader enn eit minne om ei sjokkarta oppleving, (der kanskje det faktum at terylensbuksa heldt var noko du hugsa). Godt det gjekk bra.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Terylensbuksene eg brukar i fjellet er i ferd med å slitast, etter nokre års bruk. For tida er eg på jakt etter nye terylensbukser til fjellturane. Eg tok kontakt med Herremagasinet AS i Oslo (ved Gunerius), og dei skulle finna noko til meg og senda. Dei kan sjølvsagt ingenting om fjellbukser, men dei veit kva ei kraftig og solid terylensbukse er, og då butikksjefen der kjenner til meg, veit han kva eg treng. (At butikksjefen og eg sjølv har omtrent same storleik i bukser, gjer at han prøver buksene for meg, så slepper eg å reisa bort til Oslo sjølv for kun dette formålet, så for meg er det genialt). Når det gjeld terylensbukser, er det kun den sterkaste buksa som tel for meg, og ikkje den nest beste.

Det skal verta spanande å sjå om buksene han finn fram verkeleg duger, men signala eg har fått så langt er lovande. Eg har ei sterk terylensbukse som er i minste laget, og nokre år gammal. Sidan den var litt for liten, har eg ikkje brukt den i fjellet, men kun brukt den noko elles. Eg hadde nett byrja å køyra buss då eg kjøpte den. Eg som er fullt utrusta med anlegg for å verta feit, vart rimeleg nok det av det fysisk rolege arbeidet dei første åra i bussen, og klappar mett og nøgd på kulemagen min, Hehe. Butikksjefen trudde han kunne skaffa rett storleik. Dei andre terylensbuksene eg brukar i fjellet, har gått ut av produksjon for fleire år sidan, og er ikkje å få tak i meir. Taklar buksa både forholda i fjellet som høver for terylens-bukser (fint vêr sommar og haust, fjellskog, myr og bratte oppstigningar), og kulemagen min som sprengjer steinhardt på buksene innanfrå, samt dei breie lårene mine og den breie bakenden, har eg funne den rette buksa for meg. Dette er sjeldan vare i dag. Mine røynsler med dei nye buksene kjem sikkert her seinare. For andre er det berre å våga å prøva, om dei fattar interesse.

Så ser eg fram til ein ny fottursesong i kraftige og svært sterke terylensbukser. Dei vert nok ikkje berre brukt i fjellet, for eg går med terylensbukser heile tida, eg. Det er fleire år sidan at eg har gått med andre bukser enn terylensbukser, bevernylonsbukser og vadmelsbukser, same kva eg driv med. Vanen er så inngrodd for meg at den varer livet ut. Det er klart at sidan eg går med terylens-bukser nestan heile tida, er nok spranget til å gå med terylensbukser i fjellet lite. Har eg ikkje rett terylensbukse på, skiftar eg sjølvsagt til den mest solide før turen. Og eg er ingen gammal mann, og er framleis berre ein ungdoms fjellkar på 39 år, med fjellstøe standpunkt, vaner og røynsler, tursekk, fotoutstyr, kulemage og er stuttvaksen.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vert det tur i frihelga mi no, vert det med terylensbuksa på. Vonar det vert høve til å koma seg ut og trena den dorske og feite bussjåfør-skrotten min litt. Eg treng det storleg. Eg kjenner ein bussjåfør til som har gode røysler med å gå med terylensbukser i fjellet, og sa at den tålte alt under fjellturane, medan han sprang etter sauer eller gjekk på jakt. Dei fjella han går i er ikkje akkurat lettaste sort, og det kan eg understreka for eg har gått litt der sjølv. Sjølv gore-tex- bukser kan få det tøft i fjella "hans". Han bur nedst i Eksingedalen (Vaksdal kommune i Hordaland) og går i fjella der, og er i 50-åra, ein triveleg bussjåfør eg har kjent i mange år, som eg har rådført meg litt med når eg skulle byrja som bussjåfør sjølv. Han sa at eg måtte ta ut stor nok uniform som hadde noko og gå på, då eg som brukte å vera aktiv kanskje ville koma til å leggja kraftig på meg då eg byrja i det fysisk rolege arbeidet som bussjåfør, og det gjorde eg jo, langt på veg 20 kg., og eg var tung frå før. Ein real fjellprat har det óg vorte nokre av der i garden, og han er levande interessert i Stølsheimen. Terylensbuksa har dugd i fjellet både for han og meg.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terylensbukse, produsert av tøy med 55% ull/kamgarn og 45% polyester. Dette er den tradisjonelle fordelingen. Jo høgare andel ull, og mindre polyester, jo betre er det. Somme terylensbukser har lite eller ikkje ull, og for det meste polyester. Døme på desse er Dressmann sin bil-bukser, og er heilt ubrukeleg i fjellet. Dressbukser vert óg produsert i ulike blandingar, og egnar seg heller ikkje til fjellbruk. Uniformsbuksene for bussjåførar, togførarar, rutefly-flygarar, styrmenn og kaptein på båt og skip, ein del av millitært personell, osv. er terylensbukser i middels til OK kvalitet, men er ikkje solide nok til fjell-bruk. Eg arbeider som bussjåfør, men uniformsbuksene mine der er ikkje gode nok i lengda til fjellbruk, etter at eg tek buksene ut av teneste, for å sei det slik. Til fjells brukar eg kraftige, tjukke og sterke terylensbukser for kvardagsbruk, og det er det lite av på marknaden i dag. Det meste av terylensbukser på marknaden, skal ein ikkje bruka i fjellet. Sjølv prøver eg no ut ein annan terylensbukse-modell, for å sjå om den duger i fjellet, då ein solid type terylensbukse som eg har brukt i mange år, er gått ut av produksjon for ein del år sidan. Røynslene eg får med terylensbuksa eg prøver ut denne sommaren, skriv eg om på denne temasida seinare, (som tidlegare nemnt). Modellen eg prøver ut no, har eg valt ut etter lang tids vurdering med tanke på slitestyrken. Eg har mange års røynsle med å vurdera terylensbukser til forskjellig bruk, og har godt trente auge på dette. Eg ser kva terylensbukse som fungerer for meg til festbruk, innebruk, kvardagsbruk, utebruk, sommarbruk, vinterbruk (terylensbukser er ikkje aktuelle i vinterfjellet), vanleg turbruk og tøffare fjellbruk, osv., og i skapet mitt har eg terylensbukser for mange slags bruk. Dei fleste som brukar terylensbukse MYKJE er 60 år og eldre, for så å minka ned gjennom 50-åringane og 40-åringane. Sjølv er eg 39 år, og er mange år yngre enn dei fleste som brukar terylensbukser mykje. Dei fleste som brukar terylensbukser på min alder, brukar det i arbeidssamanheng, ofte i arbeid med uniformsplikt. Sjølv går eg med terylensbukser nestan heile tida, også på fritida, noko få på min alder gjer.

Ser du ein bussjåfør, ser du ei terylensbukse óg.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Poenget med utstyr er at du kjenner dets fordeler og ulemper- og det finnes ikke det ultimate utstyret. Forventer du noe annet enn hva utstyret/plagget kan levere blir du skuffet i høyfjellet. Kjenner du dets egenskaper veldig godt.

Orakelsvar? Javel, men sånn er det bare!

Jeg har vært god og varm med klissvått bomull og ull på samme tur som tørre gore-tex folk som ikke kjente dets fordeler og ulemper. Nå har jeg gore-tex og har funnet nye storartede muligheter men savner noen av de gamle finessene.

Når det gjelder bukser- Terrylen er god vare hos gamlekara. Jeg for min del elsker slitt feltbukse hvor knepolstringa er fjernet. Vindtett, løst og ledig, tørker utrolig fort.

Stå på!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Terylensbuksa leverer det eg forventar av den, også i høgfjellet. Er forholda i fjellet slik at terylensbuksa ikkje leverer det som forholda i fjellet krev eller kan krevja der og då, brukar eg ei anna bukse. Også eit orakelsvar. Som hjå gamlekarane er terylensbukse god vare hjå meg óg, og har vore det frå eg var i 20-åra, (og er 39), og dugde under gårsdagens marsj.

Helsing Stuttjukken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.