Jump to content
IGNORED

Hvilke ulike typer brennere finnes det? Hjelp meg...


heltekte
 Share

Recommended Posts

Det er bare gass som brenn, så for å få flytande brennstoff til å brenne, trengst det ein fordamping, eller forgasser som det heitar på bilspråket.

For spritbrennaren, skjer dette i eit åpent kar. Fordelen er at det er lydlaust, men effekten er låg.

Den andre hovudtypen av brennarar, står brennstoffet under trykk. Dette gjer at slike brennarar kan ha høg effekt. For gassbrennarar skjer fordampingen i gassboksen. Så lenge temperaturen i gassboksen er høgare enn kokepunktet til gassen, vil gassen fordampe etter kvart som gassen forsvinn ut av brennaren. Denne fordampinga krev derimot varme, og denne varmen vert tatt frå gassboksen, slik at temperaturen på denne synk gradvis til ein når kokepunktet, då er det ikkje lenger noko trykk som driv brennaren. Derfor fungerer gass dårleg om vinteren. Sjølv om lufttemperaturen er godt over kokepunktet til gassen, er det bare eit tidsspørsmål før gassboksen er avkjøla så mykje at brennaren sloknar. Sjølv om gassen fungerer til å koke opp eit liten kopp kaffe, kan det vera umogleg å lage middag med den same gassen.

For mutifuelbrennaren, eller den klassiske parafinbrennaren, skjer fordampinga i brennaren, og det er varme frå brennaren som driv fordampinga. Ein slik brennar må forvarmast for å startast opp (enkelte slike brennarar er så enkle å forvarme dersom ein brukar bensin, at fyrstikka som tenner brennaren er nok.) Trykket som driv brennaren, får ein ved å pumpe trykk på tanken. Både på grunn av pumpinga og forvarminga, vert desse brennarane rekna som meir kompliserte å bruke, men dei fungerer godt også vintertid.

Trikset for å få ein gassbrennar med slange til å fungere betre nedimot kokepunktet for gassen, er å snu gassboksen slik at gasstrykket bare vert brukt til å presse den flytande fasen ut til brennaren, så skjer fordampinga der som i ein multifuelbrennar.

Den klassiske bensinbrennaren er ein liten mellomting. Der vert varmen frå brennaren ført ned i tanken, slik at bensinen fordampar i tanken, og fører til trykk som driv brennaren. Dette vart lenge sett på som så farleg, at det ikkje var lov å bruke i Noreg. Desse brennarane er veldig enkle konstruksjonar som derfor er meir driftsikker enn den kompliserte parafin-/multifuelbrennaren. Men effekten litt lågare ettersom trykket ikkje er så høgt.

Dagens multifuelbrennarar er kontruert som den klassiske parafinbrennaren. Og ein slik slangebrennar er gjerne laga slik at ein kan bytte ut brenselflaska med ein gassboks og bruka han som ein gassbrennar. Men desse brennarane er dyr, og erfaringa viser tydeleg at ein dedikert gassbrennar, som også er billig, fungerer mykje betre enn ein multifuelbrennar på gass.

Ein annan inndeling som er nevnt i tråden, er stillebrennar/bråkebrennar. Dette er to ulike måtar å lage sjølve brennerhovudet på ein trykkbrennar (gass/parafin/multifuel/bensin).

Bråkebrennaren ber tydeleg preg av at brennstoffet er under trykk. Over dysa er det bare ei lita plate som sørger for at gasstrømmen går rett til himmels, og som sørger for at forbrenninga foregår nedved brennaren. Dette er ein enkel og gamal konstruksjon og også er lett å forvarme, ettersom det er lite gods som skal varmast.

Stillebrennaren er litt meir forseggjort, der trykket vert redusert og fordelt over mange små hol i brennartoppen. Dette er den vanlegaste brennaren på gassbrennarar. Det er litt meir gods som må varmast opp, så forvarminga av ein multifuelbrennar tar gjerne litt lenger tid enn ein enklare bråkebrennar. Bråkebrennar eller stillebrennar er særleg eit spørsmål for den som brukar brennaren til å fyre i telt. Men også ute, i vind, er det forskjell. Vind vil fjerne mykje varme frå alle brennarane, men bråkebrennaren er litt mindre utsatt enn sstillebrennaren.

Link to comment
Share on other sites

Annonse

Av det jeg kunne finne ut så er flytende butan tyngre. Det vil si at i det øyeblikket du snur boksen opp ned så vil du kun forbrenne butan til det ikke er igjen noe. For så å begynne å brenne propan.

Slik fungerer det ikkje. Det er nok fint lite forskjell på blandinga øverst og nederst i boksen.

Dersom propan og butan hadde vore adskilt, ville propantrykket vore like stort som i ein boks rein propan, og då hadde det vore påkrevd med sterkar (og derfor tyngre) boks, slik at denne blandinga hadde vore akkurat like uaktuell som rein propan til friluftsbruk.

Det er sjølvsagt heller ikkje bare propan i gassfasen i starten, og bare butan til slutt. Det er ei blanding heile tida, men det er forholdsvis meir propan i gassfasen enn i den flytande fasen heile tida, slik at ved vanleg brenning, vil det forholdsmessig verte mindre propan i boksen etter kvart.

For ordens skuld, for å unngå farlege ulykker med flammekastar. All utprøving av slike brennarar må skje utandørs under åpen himmel. Det gjeld uansett brennstoff. Fyrst når ein kjenner brennaren sin med det aktuelle brennstoffet, og sjølv kan vurdere nødvendige sikkerheitsavstandar, kan ein fyre opp under eventuelle tak (som ein allereie veit at er i sikker avstand).

ps det går ann å forvarme med sprit.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Restore formatting

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

×
×
  • Create New...

Important Information

By using this site, you agree to our Terms of Use, and privacy rules Privacy Policy