Gå til innhold
  • Bli medlem

Skitur til Blåfjellenden, Ryfylkeheiane (29-30.01 2005)


Ragnar

Anbefalte innlegg

Denne helga gjekk turen inn til ei gjetarbu inne ved Blåfjellenden, Frafjordheiane.

Starta i 13-tida frå Høgaleite i Hunnedalen og kom omsider opp den første kneika. Dei to hundane som var med skulle eigentleg ta pulken heile vegen, men det gjekk ikkje så godt i bratte oppoverbakkar. Difor blei det litt strev med å trekke den med seg oppver. Vidare innover var føret brukbart og hundane fekk etter kvart meir dreis på å trekke med seg pulken. Ruta innover mot Blåfjellenden var ikkje kvista, men det var nyleg kjørt med snøscooter innover, så det var brukbare spor å følgje. Kort, men bratt nedkjøring til Leitesvatnet. Vidare nedover var føret litt tungt, men nokre telemarksvingar vart det. Det siste stykket svingte me av den vanlege ruta og gjekk rett mot gjetarbua (privat), som ligg litt nord for turisthytta ved Blåfjellenden.

Gjetarbua var av den gamle sorten og bestod av eit rom i tillegg til ingangspartiet. Slike gamle og litt enkle hytter er skikkeleg koselege og det vart ein fin kveld på hytta med god mat. Særleg kaldt var det ikkje og utpå natta slo det skikkeleg om til mildvèr. Det var sikkert smelta 10cm snø frå dagen før og endå meir smelta i løpet av dagen. Tilbaketuren gjekk i konstant regn, sjølv oppe på nesten 900 meter. Enkelte av oss var nok litt våte då vi kom tilbake til Høgaleitet i Hunnedalen.

Isen på lågareliggande vatn og elver var ikkje trygg. Ein del overvatn og inn/utosar som var heilt opne. Vidare innover var vatnet som ligg 786 moh samt Leitesvatnet på 795 moh heilt greie, men på sistnemnde var det antydning til overvatn enkelte stadar. Leitesåna og bekken forbi Blåfjellenden var delvis open, men det gjekk greit å kryssa på ski.

Link: Meir om turen og fleire bilde på breogfjellsport.no

post-5-133474388987_thumb.jpg

post-5-133474388991_thumb.jpg

post-5-133474388994_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest Anonymous

Det er alltid hyggelig å se bilder fra Blåfjellenden.

Jeg har tenkt meg innover til STF hytta, og melding om at isen på Leitevann er trygg, setter jeg pris på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er alltid hyggelig å se bilder fra Blåfjellenden.

Jeg har tenkt meg innover til STF hytta, og melding om at isen på Leitevann er trygg, setter jeg pris på.

Det var veldig mildt og regn på søndag, og viss det mildvèret fortsetter i lengre tid, så kan isforholda endra seg.

Tendensar på overvatn var synleg heilt nord på Leitesvatnet og scooterspora svinga unna dette området. Det var iallefall mykje snø oppå isen og ikkje synlege svakheter, så eg reknar med at isen er ganske god, sjølvom vi ikkje sjekka dette nøye.

Har vedlagt eit bilde i større format av STF-turisthytta Blåfjellenden

post-5-133474388997_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Heriks fremhevet denne emne

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.