Gå til innhold
egilandr

Ålfoten - Tivatna og Nipevatnet ned til Hjelmevatnet

Anbefalte innlegg

går du forbi nipevatnet og ned i sjuarhylla til det sørlege sjuvatnet er det greiaste veien til feks plogen.

Eg hadde eigentleg meg tenkt meg ei litt anna rute enn den du skisserer her, sjå bilete under, men eg reknar med at vi kjem til å endre ruta etterkvart. Veit du om det er mogleg å kome seg vestover frå Nipevatnet ned til Hjelmevatnet via Tvillingtjønna og Bratthammarvatnet? Eventuelt om det går greitt å kome seg ned til Bratthammarvatnet og gå derifrå opp til Rundevatnet? Eg har svært lyst å prøve å fiske Rundevatnet og øvste Vasskarvatnet. Rundevatnet fiska vi for eit par år sidan. Vi fekk ein fisk av ikkje ubetydeleg storleik der. Høyrde og at Vasskarvatnet skulle vere bra fiskevatn av ein gamal knark som gjekk i følgjet då vi gjekk på Keipen.

Tenkte å gå Keipen, Plogen og ned i Grøndalsstorebotnen for å fiske Storebottsvatnet der. Der ned har vi fått bra med fisk før, men ein er rimeleg begrensa med tanke på kvar ein kan gå. Styggbratt overalt. Snakka med ein kar som hadde gått på nordsida av Storebottsvatnet frå aust til vest og så opp på Blåbrebu, men det trur eg ikkje er for folk utan ein viss trang til spaning.

Eg meiner vi traff folk på Keipen som hadde gått frå Grøndalen via Blåbrebu under Saga og Plogen, og at det skal vere greitt å gå der. Dersom ein skal gå Saga frå austsida må ein vel sikkert ned til Lægdevatnet før ein går vestover att?

Litt nysgjerrig på ruta di frå Keipen og ned i Storebotnen. Eg har skissert med raud prikka strek det eg trur er ruta på kartet under.

Ikkje bli frista å gå for tidleg ned til fessevatnet, feks til øyra. då får du eit fæla slit vestover langs vatnet. stien som er tegna inn på kartet frå øyra og vestover har eg slite med å finne. svært tidkrevande terreng å bevege seg i.

Dette kan eg skrive under på. Vi hadde tenkt oss opp i Storebottsvatnet frå gravlunden for å fiske og fulgde vestsida av vatnet innover. For det første klarte vi å gå feil og tok en tur utom Nesjane. For det andre så er det gaupterreng utan like som du beskriver. Enda opp med at vi tok inn på Fessebu i bekmørkna og droppa Storebottsvatnet den turen. Fisket i Fessevatnet er ikkje like bra...

Har høyrt at Myrbærdalsvatnet skal vere bra fiskevatn? Veit du om det er mogleg å gå frå Myrbærdalen og ned til Grøndalen (stipla blå rute på kartet mitt). Reknar med det går greitt opp til ØVre Myrbærdalsvatn, men at det kan verte problem på svaa ned mot Grøndalen. På tørrføre går det vel greitt kanskje?

Har du vore oppom Trollebottsvatna under austre Trolebottsnipa nokongong?

Angåande bilde.. han karen som står der minner meg veldig om ein ørsting med namn kjetil. kan det stemme?

Du er nok ikkje heilt i skoddeheimen, nei. Han som tok biletet er ørsting med namn Jon-Kåre, og eg trur alle i det følgjet var ørstingar.

post-6279-133474629051_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Har forresten sent deg en pm

Pussig, har ikkje fått noko i innboksen min.

Vi planlegg å gå 6. juli. Det er nok noko tidleg for fiske, men det var helga vi kunne alle saman, så då vert det slik.

Korleis er det å slå opp telt ved dei øverste vatna (8. vatn, 7. vatn)?

Snedig det der med bilete i google maps.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei!

Takk for godt svar!

Eg har høyrt om det vanskelege partiet mellom 6. og 5. vatn, men eg har også høyrt at det er sett opp stigar? På folkemunne trur eg dette partiet går som "Stegane"? Eine stigen går over tunnelutløpet, og dei andre går nokså loddrett opp veggen nord for tunnelen? Såg du noko til desse? Stigane er visstnok i litt tvilsam forfatning, men skal visstnok gå an å gå. Eg fekk eit par bilete frå ein kompis, så under. Var visstnok vanskeleg å forsere elva pga. høg vassføring, men kanskje du klarte det sidan du ikkje gjekk stigane?

post-6279-13347462893_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei.

Har planar om ein fottur/topptur/fisketur i Ålfotenområdet i sumar, men treng litt hjelp til val av rute.

Planen er å gå frå Ålfoten over Keipen, Saga og Storebottsnipa ned til Nordalsfjorden. Dei devonske sandsteinsformasjonane i området er verdskjende, men også svært utfordrande å passere. Sjå bilete her: Skjult lenke - logg inn for å se den

Lurer på om det er nokon her som har gått i området og veit kva "legder" ned Tivatna og eventuelt frå Nipevatnet ned til Hjelmevatnet det er mogleg å forsere utan klatring.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.