Gå til innhold
  • Bli medlem

Ålfoten - Tivatna og Nipevatnet ned til Hjelmevatnet


egilandr

Anbefalte innlegg

Hei.

Har planar om ein fottur/topptur/fisketur i Ålfotenområdet i sumar, men treng litt hjelp til val av rute.

Planen er å gå frå Ålfoten over Keipen, Saga og Storebottsnipa ned til Nordalsfjorden. Dei devonske sandsteinsformasjonane i området er verdskjende, men også svært utfordrande å passere. Sjå bilete her: http://www.turistforeningen.no/article.php?ar_id=7450

Lurer på om det er nokon her som har gått i området og veit kva "legder" ned Tivatna og eventuelt frå Nipevatnet ned til Hjelmevatnet det er mogleg å forsere utan klatring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei, gjekk frå Ålfoten via Førdedalen opp 8 hylla/vatn og ned til 3hylla/vatn. Opp til 4 hylla og ned til dalen den vegen

Kjempe flotte fjellformasjoner. Fekk fin fisk også...

Det var eit parti som var litt vanskelig å forsere og det er mellom 6 og 5 vatn, men det går ei lita renne til høgre for fossen som gikk greit å forsere. Hadde med meg hund med kløv så litt utfordring vart det å få lokka den med seg ned, men med litt bering av kløv gikk det greit.

Greger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Takk for godt svar!

Eg har høyrt om det vanskelege partiet mellom 6. og 5. vatn, men eg har også høyrt at det er sett opp stigar? På folkemunne trur eg dette partiet går som "Stegane"? Eine stigen går over tunnelutløpet, og dei andre går nokså loddrett opp veggen nord for tunnelen? Såg du noko til desse? Stigane er visstnok i litt tvilsam forfatning, men skal visstnok gå an å gå. Eg fekk eit par bilete frå ein kompis, så under. Var visstnok vanskeleg å forsere elva pga. høg vassføring, men kanskje du klarte det sidan du ikkje gjekk stigane?

post-6279-13347462893_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, brukte ikkje stegane, men gikk vedsiden av den naturlige fossen. Går ei renne der. Såg ikke noko til desse stegane. Enten er di lavere eller høyere..... enn 3 ev 8 vatn.. Snøen smelter forresten bra nå, vi hadde tenkt oss opp på 9 og 10a vatn, men det var forsatt litt is på 8vatn, så vi gjekk ned istadenfor. Gjekk opp 8juni.

Når eg kjem meg heim fra jobb så skal eg så om eg får lagt ut bilde..

Kan og gå inn på google map Ålfoten, så er det eit bilde der.

Har forresten sent deg en pm

MVH

Greger

Lenke til kommentar
Del på andre sider

vært dårlig med vandring på breen, men jeg har to gode historier fra ålfoten.

1) ikke bli spandert på hjemmelaget vin. den holder drøye 20 % og gi deg fort knekk i leddene som gjør at det blir problematisk å holde deg stående

2) hvis du ser en gedigen steinbit med spissen til en hawaiislynge i nakken, vennligst rapporter til meg. den brakk slynga og svømte avgårde før vi fikk tatt den med kniv.

forøvrig vil jeg si at ålfoten er et fantastisk flott sted, godt med fiske i hele fjorden, flotte fjellformasjoner.

lykke til

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har forresten sent deg en pm

Pussig, har ikkje fått noko i innboksen min.

Vi planlegg å gå 6. juli. Det er nok noko tidleg for fiske, men det var helga vi kunne alle saman, så då vert det slik.

Korleis er det å slå opp telt ved dei øverste vatna (8. vatn, 7. vatn)?

Snedig det der med bilete i google maps.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

det er fint å telte i sørenden av nivatnet. du kan gå direkte til nivatnet frå veien, legda er grei å gå. dei gongane eg har vore i området er det ved dette vatnet eg har møtt folk. ein gong eg kom gåande i shorts i ca 30 grader og svetten silrann sto der ein kar i svarte gore-texdress og fiska. du finn og teltplassar mellom tre og firevatnet.

sjuvatnet ville eg droppa. ok å gå denne legda og frå dalen, men stusselegaste plassen. rusk og rask frå reguleringsarbeid og lite koseleg område. går du forbi nipevatnet og ned i sjuarhylla til det sørlege sjuvatnet er det greiaste veien til feks plogen. saga er meir ein omveg, skal du på saga tar du den som rein topptur utan sekk frå sørenden av nipevatnet. så kan du no kikke på maritind og lure på korleis ein skal komme seg opp dit. Etter at du har vore på Plogen kan du gå på nordsida av denne til Keipen.

Frå Keipen ville eg gått først ned austover ca 150 høgdemeter og så sørover og ned til storebotnet. det er greitt å gå langs med storebotsvatnet heilt til sørenden og demningane. det er fin fisk i vatnet.... og STOR fisk slenge der om du er heldig. men kanskje ikkje enkel å få på. der ligge båt i enden av vatnet og sist eg var der var den ikkje låst og årane ligge der kanskje og. vidare derifrå held du høgda til ludvigbotnen, på nordsida av den holten som viser på kartet og så finne du sti sørvestover til grønskredene. ikkje bli frista å gå for tidleg ned til fessevatnet, feks til øyra. då får du eit fæla slit vestover langs vatnet. stien som er tegna inn på kartet frå øyra og vestover har eg slite med å finne. svært tidkrevande terreng å bevege seg i. så går du gjennom skaret vest for nesjeholten og du kjem snart inn på veiar og elendighet. området er tilnærma villmark, men skogsveiar og villmarkscampar gnege seg innover i området. du endar då opp ved gravlunden i norddalsfjorden.

det er to fjell som har namnet storebotsnipa.....du kan alltids slenge oppom det vestlegaste fjellet ca 766 moh, men å gå langs med vatnet er veldig greitt.

ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja det er et snodig terreng oppi der og ikke minst spesiell navnsetting. Det minner meg om New York og Måløy der gatene ikke har navn, bare nummer. Vest for Gjegnabu har man også X,Y og Z-vannet.

Det er et flott område, når man er heldig å treffe en godværsdag! Jeg har forsøkt meg i området både fra nord, syd og øst, men aldri fra vestsiden. Kanskje en gang med god værmelding jeg utforsker vann 1-10!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

går du forbi nipevatnet og ned i sjuarhylla til det sørlege sjuvatnet er det greiaste veien til feks plogen.

Eg hadde eigentleg meg tenkt meg ei litt anna rute enn den du skisserer her, sjå bilete under, men eg reknar med at vi kjem til å endre ruta etterkvart. Veit du om det er mogleg å kome seg vestover frå Nipevatnet ned til Hjelmevatnet via Tvillingtjønna og Bratthammarvatnet? Eventuelt om det går greitt å kome seg ned til Bratthammarvatnet og gå derifrå opp til Rundevatnet? Eg har svært lyst å prøve å fiske Rundevatnet og øvste Vasskarvatnet. Rundevatnet fiska vi for eit par år sidan. Vi fekk ein fisk av ikkje ubetydeleg storleik der. Høyrde og at Vasskarvatnet skulle vere bra fiskevatn av ein gamal knark som gjekk i følgjet då vi gjekk på Keipen.

Tenkte å gå Keipen, Plogen og ned i Grøndalsstorebotnen for å fiske Storebottsvatnet der. Der ned har vi fått bra med fisk før, men ein er rimeleg begrensa med tanke på kvar ein kan gå. Styggbratt overalt. Snakka med ein kar som hadde gått på nordsida av Storebottsvatnet frå aust til vest og så opp på Blåbrebu, men det trur eg ikkje er for folk utan ein viss trang til spaning.

Eg meiner vi traff folk på Keipen som hadde gått frå Grøndalen via Blåbrebu under Saga og Plogen, og at det skal vere greitt å gå der. Dersom ein skal gå Saga frå austsida må ein vel sikkert ned til Lægdevatnet før ein går vestover att?

Litt nysgjerrig på ruta di frå Keipen og ned i Storebotnen. Eg har skissert med raud prikka strek det eg trur er ruta på kartet under.

Ikkje bli frista å gå for tidleg ned til fessevatnet, feks til øyra. då får du eit fæla slit vestover langs vatnet. stien som er tegna inn på kartet frå øyra og vestover har eg slite med å finne. svært tidkrevande terreng å bevege seg i.

Dette kan eg skrive under på. Vi hadde tenkt oss opp i Storebottsvatnet frå gravlunden for å fiske og fulgde vestsida av vatnet innover. For det første klarte vi å gå feil og tok en tur utom Nesjane. For det andre så er det gaupterreng utan like som du beskriver. Enda opp med at vi tok inn på Fessebu i bekmørkna og droppa Storebottsvatnet den turen. Fisket i Fessevatnet er ikkje like bra...

Har høyrt at Myrbærdalsvatnet skal vere bra fiskevatn? Veit du om det er mogleg å gå frå Myrbærdalen og ned til Grøndalen (stipla blå rute på kartet mitt). Reknar med det går greitt opp til ØVre Myrbærdalsvatn, men at det kan verte problem på svaa ned mot Grøndalen. På tørrføre går det vel greitt kanskje?

Har du vore oppom Trollebottsvatna under austre Trolebottsnipa nokongong?

Angåande bilde.. han karen som står der minner meg veldig om ein ørsting med namn kjetil. kan det stemme?

Du er nok ikkje heilt i skoddeheimen, nei. Han som tok biletet er ørsting med namn Jon-Kåre, og eg trur alle i det følgjet var ørstingar.

post-6279-133474629051_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

ska prøve komme med det eg veit i dette området. men er ikkje kjend alle plassar.

jon kåre og kjetil kjenner eg svært godt, faktisk lånte dei karta mine til denne turen. artig at slikt dukkar opp.

det du skriv om ruta sør for plogen og saga til keipen stemmer. og skal du på saga må du ned igjen til lægdevatnet ja.

ruta frå keipen som vi tok gjekk lenger vest, omtrent i rett linje frå keipen til storebotnen. kjenner ikkje til den du har teikna inn, har du høyrt noko om den? der vi gjekk var det iallefall heilt ok.

eg har ikkje vore i trollebotsvatna nei, men heilt klart spennande område. fisket i fessevatna og storevatnet er etter det eg sjølv har erfart ikkje heilt det store,,, men du verden så flott er er i området rundt fossen mellom vatna. myrbærdalsvatna kjenner eg heller ikkje men det bør være muleg å gå den ruta du skisserer til grøndalen ja.

frå nipevatnet meiner eg det er greit å ta seg ned til vatn 854, men så må du enten nordom punkt 1001 eller sørover til du kan gå ned i neste legd. har fiska i tvillingtjønna for nokre år sidan, meiner å hugse at legdene her var veldig vanskelege å forsere. men vidare til bratthammavatnet kjenner eg ikkje.

hadde vore moro med oppdatering på denne turen din. veit dessverre ikkje om eg rekk dette området i sommar. uendeleg med prosjekt på blokka. reiser til laksefjordvidda no laurdag 14 dagar. du får ha riktig god tur og godt fiske!

helsing Ove Lotsberg

du finn meg på facebook eller msn [email protected] om du brukar noko av dette

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
  • 2 uker senere...

Tusen takk for ein fin og morsom turrapport!

Har venta lenge på denne og den kom akkurat tidsnok til påskeferien. Eg har sjølv håp om å ta nokre dagar i same terrenget no i sommar, og eg trur heilt sikkert eg vil ha nytte av å lese turrapporten din fleire gongar før sommaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Gjenopprett formatering

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.