Gå til innhold
TomWithoutVom

pakking/lasting av pulk?

Anbefalte innlegg

Apropos motbakkar. Eg har hatt stor glede av å gå med trugar (Solide moderne trugar med kraftig stegjern) i dei brattaste motbakkane (opptil 200 høgdemeter og 28% stigning). Erfaringa mi er at dette er ein god del lettare å dra pulk med enn ski og feller, sjølv om trugene vert ekstra last på pulken resten av turen. Som ekstra bonus har eg trugene som sikkerheit i tilfelle skiknekk, sjølv om eg ikkje reknar med å knekke ski att før i 2011.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anngående D-ringer: skipulk.com lister opp ett av de viktigste detaljene for å dra pulk godt, er å ha minst mulig slark i festepunktene. D-ringer vil gi en del slark?

D-ringar gjev sjølvsagt litt slark, men det er nå D-ringar som vert brukt, i alle fall på draga til Fjellpulken.

Ein annan ting er at eg ikkje er heilt enig i at minst mogleg slark er viktig. I nedoverbakke og ellers i stor fart og fast snø er det nok best med minst mogleg slark. I oppoverbakke spelar det ingen rolle.

På flatmark og ellers i liten fart eller litt lausare snø, er det bare kjekt med litt slark. Det gjer det lettare å svinge. Og ein får ein meir naturleg og ledig gange, ettersom ein ikkje er så fastspent til pulken. Under slike forhold ville eit taudrag vera det beste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hvordan har du fått til løsninga med trekkbelte og ryggsekk?

Det er fabrikksydde ringar til pulkdrag på hoftebeltet på den store pakkrammesekken min :)

Sekken er sjølvsagt langt større enn nødvendig, men utan noko særleg vekt i han, gjer det jo ikkje så mykje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Skal visst være litt fjæring både for- og bakover i draget til Fjellpulken.. Om det er til noe hjelp gjenstår å se.

Takk for forklaringen av vektfordeling. Synes det rimer bra.

Flere synspunkter vedr. lasting av pulk?

Den fjøringa i draget fungerer!

Sjølv pakkar eg brennstoff fremst. Telt og sovepose i midten og maten bakerst.

Dersom eg innvilgar meg luksusen med oppblåsbart liggeunderlag, ligg det på toppen, ferdig oppblåst i stoltrekk. Det er i alle fall luksus i pausene. Liggeunderlaget gjer også at pulken vert så brei på toppen at han ikkje trillar heilt rundt når han veltar.

Spaden ligg ein eller annan stad mellom soveposen/teltet og liggeunderlaget.

I sekken som også fungerer som sele, har eg utstyr for småturar, inkludert maten som skal etast i løpet av dagen. Då er det bare å klipse av seg pulken, så er eg klar for topptur eller noko liknande, utan å måtte pakke om.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder og sporingslenker

Fjellsport Fjellsport

Milrab Milrab

Skitt Fiske

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.