Gå til innhold
  • Bli medlem

Tøni

Aktiv medlem
  • Innlegg

    30
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Tøni

  1. Beklagar sein "sensur" , men Nesjehyrna er heilt rett Steinur !
  2. Skal ikkje vere for lett heller steinur, Har ikkje så høg primærfaktor denne toppen som ikkje er den mest besøkte i Nordfjord.
  3. Ser nok ikkje Gjegnen frå der eg bur, men har fin utsikt til nabofjellet i vest, Bukkenibba. Den loddrette vestsida av Gjegnen får du "midt i mot deg" om du kjem sjøvegen inn nordfjorden.
  4. Fjellet midt i biletet er Skjorta i Breim. Fjellryggen i framgrunnen til høgre går opp mot Botnafjellet. Tippar biletet er teke frå Storevarden?
  5. Det tryggaste alternativet er nok ein eller annan matolje. Men eg har og høyrt at det absolutt beste er å legge koppen i Jægermeister å la den trekkje ei stund ......Har ikkje prøvd dette sjølv, så eg kan på ingen måte garantere resultatet......
  6. Slingsby kryssa i 1874 Utla ikkje langt frå Vetti "på en høyst gebrekkelig bro" på veg til Stølsmaradalen. Så her har nok vore bru før Slingsby gjorde sitt inntog i området. Året etter skulle Slingsby med følgje krysse Utla mellom Murane (Muradn?) og Skogadalsbøen. Brua var teken av vinterflaum, men dei fekk hjelp av ein gjetargut med hest til elvekryssinga. Slingsby er raus nok til å fortelje at guten måtte vade elva med vatn opp til livet for å få tak i hesten som beita på andre sida, og at ekvipasjen måtte krysse elva 8 gongar for å få alle over.
  7. Hei! Har Bergans Trollhetta 95 l sjølv, og har som du forbanna hoftebeltet og dei smale skulderreimane på denne sekken i tide og utide. Sekken er grei så lenge ein ikkje ber noko særleg meir enn 20 kg, men når ein bikkar 30 kg er det ei sann liding. Har prøvd det meste av tilpassing, men med denne sekken er det uråd å få til komfort med tunge bører. Det einaste eg har funne ut som kan gjere lidinga mindre er å veksle på vektfordedlinga mellom skuldrar og hofte ved å stramme/slakke på hoftebeltet/skulderreimane slik at ein får litt blodsirkulasjon forbi der polstringa trykkjer. Bæresystemet for denne sekken står på ingen måte i forhold til volumet, det finnst dagstursekkar med betre komfort! Bergans Alpinist og Bergans Powerframe har bæresystem i ein heilt annan divisjon.
  8. Hei! Har planar om å reise til Zermatt dei to fyrste vekene i jan 07. Planen er å renne telemark og kanskje få til nokre toppturar om forholda tilseier det, gjerne med stegjarn og isøks. Er vel sannsynlegvis litt tidleg for dei heilt store sprella, men er klar til å gripe dagen om sjansen byr seg. Er det nokon som har erfaring frå området kring Zermatt på denne årstid, eventuellt kva trasear som er verdt å få med seg om det skulle dukke opp laussnø, billeg overnatting og ellers andre relevante tips?
  9. Lurer på om ozzi har gått ned aust-eggja på Lisje -Toren?
  10. Heilt enig ozzi, Stolshyrna er heilt klart undervurdert. Hurrungane var definitivt innan synsviddde, meiner at vi innbillte oss at vi også kunne skimte Galdhøpiggen denne legendariske 5. mai 2002. Ein flik av Strynevatnet er og synleg frå toppen og Lodalskåpa tek seg godt ut i søraust. Har berre lysbilder frå denne turen som framleis står som min favoritt, men eg har enno ikkje vore på Risenosa Trur heller ikkje at dette fjellet vert kommersialisert slik som fleire av dei meir kjende toppane på Sunnmøre sjølv om vi no kanskje hausar den opp her. Veit at Stolshyrna til tider vert besøkt frå Strynesida, men sjansane for å treffe folk her vil eg tru er relativt liten.
  11. Fint fjell langt mot vest! Var der i fjor på desse tider. Gjekk frå Rørvik og runda rundt vestsida av Rørviknibba? og vidare austover mot toppen av Blægja. Gjekk same turen for 5 år sidan, men då gjekk vi opp i nordsida av Rørviknibba til toppen av denne og vidare austover langs ryggen/egga til toppen. Bratt og spenstig variant som ikkje er tilrådeleg når det er hardt i nordsida av Rørviknibba. I fjor vurderte vi det som uforsvarleg å gå her utan stegjern. Bakdelen med å gå frå Rørvik er at ein må bere skia ganske mange høgdemeter før ein kjem opp om skoggrensa, men der er rimeleg god sti og ein vinn høgdemetrane fort. Fine nedkøyringsvariantar så langt mot vest!
  12. Det har vore ein svært spesiell vinter her på vestlandet i år. Lite nedbør og lange periodar med kaldt opphaldsvèr. Ruskevèr med regn i låglandet og snø i høgda saman med vind har nesten ikkje førekjeme så langt i vinter. Det har rett og slett vore for lite nedbør til at det har danna seg stabile snøbruer over bresprekkene, noko du med sjølvsyn har sett på Haugabreen. Sjølv om det har kome ein del nedbør siste veka, må ein hugse på at det truleg ikkje har kjeme noko særleg meir nedbør i form av snø i høgda enn i låglandet så langt i år. Sjølv vil eg i alle fall ha dette i bakhovudet når den verkelege skisesongen snart står for døra! Ingen grunn til å sitje inne! Ein må berre vurdere tilhøva og vere budd på å ta "upopulære" avgjerder undervegs. God tur!
  13. Såg på nyhetene i kveld at det var på grunn av fare for forureining av drikkevasskjelder at kadavera skulle fjernast, då er det vel forståeleg at ein ikkje kan "la naturen gå sin gong."
  14. Hei! Ozzi og Livsnytar gjekk ruta Litledalen, Kråpet, Litlehornet(veit ikkje om dei var heilt opp her) og vidare til Blåbrehornet den legendariske påska vi hadde i "Honndalen" i fjor. Litledalen kan vel til tider vere skredutsett, og ein kan kanskje trenge ei isøks opp bakkane til kråpet ved vanskelege høve. Eg valde å gå "normalvegen" opp Blåbredalen og møtte Ozzi og Livsnytar vest for 1575. Gjekk så i lag vidare over 1575, Rokkekjerringa V, Rokkekjerringa og returnerte over 1575 før vi avslutta med Storhornet. Bedageleg nedkøyring over Blåbreen og ned Blåbredalen. Når det gjeld Sp 2, hadde eg, ozzi og livsnytar vage planar om å gå denne ruta, men i motsatt retning for snart 2 år sidan. Starta frå parkeringsplassen på Engebø, baska oss opp nordaustover, delvis på skogsveg i starten, og opp på 1005, vidare på Sandfjellet, nordover til 1082, og vidare til Tussa eller Hatten som dei seier i Honndalen. Derifrå vestover til 1443. Så langt er denne ruta grei og utan dei store vanskane. Litt bratt når ein byrjar på stigninga opp til Tussa nord for1082. Vi hadde skia på sekken opp her. Når vi omsider stod på 1443 skjøna vi tidleg at turen vidare nordover mot 1575 ikkje let seg gjere med det utstyret og den tida vi hadde til rådvelde. "Ryggen" nordover (vert kalla Tendane i Honndalen) er nok klatring, i alle fall på vinterstid. Frå 1575 og sørover kan ein nok kome seg eit stykke i austsida, men når ein nærmar seg 1443 vert det svært bratt, og det er laaaangt ned i Tussekupa..................Utan samanlikning forøvrig kom eg til å tenkje på "Skuffelsens skar" mellom Trandaltinden og Råna. Hadde vore genialt om ein kunne luffe nordover til 1575 frå 1443 langs denne "ryggen" som ser "gåandes" ut på kartet. Vi la returen sørover Indre Aksla og rende austover til det sørlege av Tussevatna 848 moh. Her er det temmeleg bratt, gode 30 grader på det brattaste, og ei typisk leside.....så ein må vurdere føretilhøva. I det heile vanskeleg å finne ein god retur frå Indre Aksla. Alternativet er å dreie vestover eit lite stykke sør for 1443 ( veit ikkje om noko namn på denne toppen) og ned på Blåbreen. På denne måten kan ein få ein fin rundtur vidare nordover. Møtte på ein lokal helt frå honndalen vest for 1575- høgda for nokre år sidan. Han hadde då gått ruta frå Engebø, Sandfjellet, Tussa, 1443 og ned på Blåbreen. Han hadde tidlegare prøvd å gå NV frå 1443 i sida under "Tendane" for å tape minst mogeleg høgde nordover til 1575- høgda. Men det hadde ikkje vore noko særleg på grunn av bratt sidehelling og stadige sørpeskred. Men under gode tilhøve kan ein kanskje spare litt tid på denne varianten. Vidare gjekk han på Rokkekjerringa og Storhornet. Dette var ein "vanleg" tur for denne karen. Om han verkeleg skulle gå på langtrur tok han heile runden om Kråpet, Gjura og avslutta med Høgenibba! Det må nemnast at turane i dette området kan med fordel gjerast med litt lettare utstyr enn det som er vanleg for reine toppturar. Når det gjeld " Tendane" frå 1443 og nordover til 1575, Kunne det vore interessannt å prøvd på sommarstid. Veit ikkje om det let seg gjere å klyve seg nordover, trur ein gjer lurt i å ha med seg litt klatreutstyr. Uansett er dette eit eit fantastisk område der dei store folkemengdene held seg langt unna. Så her slepp du å gå i kø i andre sine spor!
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.