Var på fottur til Onen (1621 moh, på grensa mellom Ulvik og Eidfjord i Hordaland) hausten 2006. Knipsa bilder i "aust og vest" på turen, men gjekk ikkje gjennom materialet før nyleg, og har no fått følgjande problem: Eg kjenner att mesteparten av motiva, men ikkje fjellet midt på bildet nedanfor! Det er tatt med ca. 10x zoom, og (den distré!) fotografen står sannsynlegvis ca. 1 km aust-nordaust frå toppen av Onen, mellom 1550-1600 moh.
Eg appellerer difor til eventuelle Hardanger-spesialistar på forumet om hjelp til å fastslå kva topp me ser ...!
Torbjørn