Gå til innhold
  • Bli medlem

Krekling

Aktiv medlem
  • Innlegg

    26
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral

Om Krekling

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg gjer eit forsøk, sjølv om det er skodde og lenge sidan eg evt. var der, men kan det vere Lisjebøvatnet og Trollvasstinden som gøymer seg bak skodda i høgre biletkant?
  2. Flotte oversiktsbilete med namn på mange toppar. Ser på biletet frå Storhornet på Godøya. Når det gjeld toppen mellom Næremstindan og Kvitnykjen, - dette er i alle fall ikkje Heimste Skorkja og truleg ikkje Storskorkja, heller. Kan det vere Sandfjellet på austsida av Tresfjorden?
  3. Heilt klart at Nils var den som traff blinken her, men GI må også få poeng for forarbeidet og utfyllande opplysningar i etterkant! Litt overraskande at dette biletet var såpass vanskeleg, men sola er nok den som har skapt forviklingar her. Vi vart også overraska då vi såg kvar sola stod opp, for det var mykje nærmare nord enn aust. - Sjølv om ein tar i betraktning at når klokka då viste 03.28, var soltida 02.28! Så verselinja "I østen stiger solen opp" stemmer ikkje på Høgsvora i juni! God jul!
  4. Nei, den aktuelle topppen er nesten hundre meter høgare enn nordtoppen på Blåskjerdingen.....
  5. Dette stemmer nok, sjølv om eg ikkje er så lokalkjend nord for Romsdalsfjorden. Biletet er tatt i slutten av juni, litt før halv fire om morgonen og sola står opp over Nordbyen i Molde. Men er det ingen som kjenner att varden og toppen der fotografen stod?
  6. Nei, ikkje er det øy og ikkje er det søre, - heller tvert i mot, for å hinte litt.....
  7. Ja, dette stemmer; motivet er rett og fotografen står på ryggen mellom Hestehornet og Vatnenipa/Koppefjellet. Men når det gjeld bilete 2, er svaret ditt ikkje rett.
  8. Hordaland er ukjent land, så då legg eg ut to andre Vestlandsmotiv, - i motlys. Det eine er litt mørkt, men truleg går det an å kjenne igjen toppane likevel.... Så kvar står fortografen og kva er motiva?
  9. Meiner også at det er Trollkyrkja og Muldalsegga, ja Biletet er tatt frå Blåfjellet (nærmare 1602 enn 1575), ein dag i juli 2004. Det var ein god del snø igjen i fjellet og veret var skiftande med skodde og lavt skydekke. Dette var faktisk det meste vi fekk sjå av toppane før dei igjen forsvann i skodda. Målet for turen var Muldalsegga, men skodda og ein skavl på høgde 1598, gjorde at vi snudde. Har planer om å ta igjen turen, men då gå seinare på sommaren og ein dag det er håp om betre utsikt
  10. Tafjordfjella, jau, du er nok inne på noko der.... men Geiranger og Vesteråsvatnet kan neppe seiast å vere i nærleiken av motivet.
  11. Responsen tyder kanskje på at dette er eit ukjent område av indre Sunnmøre? Biletet er tatt mot søraust.
  12. Fleire opplysningar: Toppane som her er dekte av skodde, er nærmare 1800 enn 1700 m.o.h.
  13. Kanskje det blir enklare om meir av toppane blir med?
  14. Den siste til ozzi var visst vanskeleg, kanskje denne er enklare, kva for toppar ser vi (delvis) her?
  15. Trur nok du er på rett veg, for å seie det slik.... Leita litt i literaturen og i Ivar Aasen si Norsk Ordbog frå 1873 står det: gjegna, v., møde, gaae i Møde, vende sig imod Gjegne, n., et Punkt som man har lige foran sig, som man møder, eller nærmer sig til på en Vei ”Det gjeng etter Gjegne” (pl) siges om en Reise igjennem en Ødemark, hvor man ikke har nogen Vei at følge, men kun retter sig efter visse Mærkepunkter saasom Klipper, Huulninger, Bække o.s.v Så då er vel Gjegnen eit slikt merkepunkt som ein kan orientere etter.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår. Du finner våre Personvernvilkår regler her.