Det er veldig finit å gå frå Reidsete og over nordfonna, eg gjekk der for 3 år sidan. Inngangen vi brukte var rett vest for Rjuken. Men vi sleit med avgangen og vart forseinka. Gå fram på Svartedalshorga og finn punkt 1396 moh. Rett sør for dette punktet, nesten heilt ute på kanten, begynner eit skar som går rett vestover. Finn skaret og gå på sørsida av dette nedover ryggen til vatnet (980 moh). Her er du avhengig av god is, elles må du over fjellet på vestsida (1158 moh). Nedgangen krev godt ver sidan du må orientere mot eit stup. Vi rota som sagt her og måtte overnatte ved vatnet (980 moh), det er veldig lett å gå ned for tidleg.
Oppgangen til Holmaskjer er enkel, pass berre på dumpa bak 1464 moh viss sikta er dårleg.
Vi klarte å gå frå vatnet 980 moh til Sauanuten på ein dag utan å stresse, så avstanden Holmaskjer-Sauabrehytta bør gå fint. Vi gjekk også av her og observerte litt sprekker i den bratte bresida 2 km rett vest for Kvannanuten. Gå ned bakken midt mellom denne bresida og høgde 1236 moh. Det er litt vanskeleg å treffe, og ein ser ikkje sprekkene ovanfrå. Vi brukte GPS, men i bra sikt bør det gå greitt utan. Vel nede på siste breflata er det truleg berre å gå rett mot Sandvike-kjeften og hytta.
Hugs også å unngå inntaket til Buerbreen på vegen frå Homaskjer, hald godt oppe på høgda når denne vert passert.
Normalt bør ein slik skitur fint la seg gjennomføre på denne tid. Det er lite snø så du må rekne med å bære skia eit godt stykke, men det er verdt det !
Ove