Gå til innhold

ove

Passivt medlem
  • Innholdsteller

    7
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  1. Den turen anbefaler eg ! Brefallet er litt bratt, men enkelt å gå sikkert viss ein brukar formasjonane fornuftig. I sommar var det ein del sprekker midt i brefallet som krevde eit hopp og litt sikring. Elles ingen problem. Oppe på platået var snøbruene litt dårlege (midt i august) så det tok litt tid, men det var vel verdt det. Ein tur som er mykje finare enn å gå den vanlege stien opp til Surtningssui.
  2. Følgjande arrangørar er dei 3 største på brekurs i Norge : Breoppleving : http://www.bre.no Jostedalen Breførarlag : http://www.bfl.no DNT : http://www.turistforeningen.no Breoppleving og Jostedalen Breførarlag brukar instruktørar som har dette som heil- eller deltidsjobb. Det er etter mi meining ein fordel. Prisane er også jamt over lavare enn hos DNT. DNT har størst utvalg av kurs og er den organisasjon som har arrangert brekurs lengst her i landet. Ei oversikt over godkjente arrangørar i Norsk Fjellsportforum finn du her : http://www.fjellsportforum.no/arrangor.htm Unngå kortkursa, ein treng iallfall 5 dagar for å lære nok til å gå turar sjølve.
  3. Mange interessante synspunkt her. Etter mi meining er det først og fremst viktig å skille mellom blåis og snø. I blåis er det heilt vanleg å gå utan tau. Det krev erfaring med å gå på stegjerna, og eg vil absolutt anbefale trening med stegjern og øks før ein går turar utan tau. For viss ein snublar vil ein skli utruleg fort. Fordelen med å gå utan tau er at du kjem fort fram og er friare enn med 'båndtvang'. Men med tau har du ein annan fordel, nemlig muligheten for å sikre. Men det er ikkje automatisk sikkert sjølv om du har på tau. Viss ein går på ein rygg eller i ein bratt bakke innknytt i tau og utan sikringar så virkar tauet mot si hensikt, om ein ramlar så ramlar mange andre etter. Då får ein bokstavelig talt samling i bånn. Mitt råd er at viss ein er erfaren og trygg på stegjern så kan ein gjerne gå utan tau i blåisen. Tau brukar ein når ein skal sikre (enten med skruar eller ved å bruke taulegat si plassering som sikring). Med tau har ein mulighet til å sikre, men må også ta konsekvensen og bruke denne muligheten. Og korleis får du denne erfaringa ? Prøv eit brekurs ! Då får du også erfaring i korleis ein brukar taulaget aktivt som sikring utan å måtte skru skruar heile dagen. Når det gjeld snødekt bre om sommaren er det mykje enklare. Då må ein bruke tau. Du kan aldri vite kva som er under snøen. Gjennomslag er sjeldan, men alltid alvorlig når det skjer. Sjølv om det er kartlagt kor det er sprekker og ikkje sprekker så kan ein ikkje være heilt trygg. I hovudsak er sprekkene i same områda frå år til år. Men når breane veks eller minkar så endrar spenningane seg og ein kan få seg overraskingar. Det som er greitt med tau på snødekt bre er at det ikkje senkar farta på same måten som i blåisen. Når dette er sagt så må ein kunne meir enn berre å ta på tau. Ramlar du gjennom ei snøbru så er du avhengig av at dei oppe kan gjennomføre ei redning. Det er ikkje nok å dra (på grunn av friksjonen i snøen - dette har eg testa ut med 10 personar som drog utan at det hjalp). Og du må ha ein god sele, for ei slik redning kan ta lang tid. Det er også mulig å lære seg å lese snødekt bre godt nok til å kunne gå rimeleg trygt på ski utan tau utover forsommaren. Men dette krev erfaring. Går du til fots på breen så bør du uansett ha på tau sidan bæreflata er mykje mindre. Firn (2-7 år gamal snø som er hard og kompakt) er oftast like trygg som blåis, men ikkje alltid. Ove
  4. Mi erfaring er at step-in ikkje er heilt sikkert på skinnstøvlar, eg har fleire gongar mista dei under føring og kurs. Og det fins så gode og enkle løysingar utan step-in no at du slett ikkje treng lure på det. Mitt råd er å ikkje kjøpe setp-in til skinnstøvlar. Eit eksempel på gode stegjern er Grivel G12 (http://www.stibolt.as/fjellsportkatalogen.html) som vert levert med 4 ulike bindingar. Den som er avbilda er den beste synes eg. Det er plastkopp framme og bak. Trur den heiter New-Matic. Vi har brukt desse stegjerna til turistføring i fleire år og har minimalt med jern som går i stykker. Dei er også svært kjappe å ta på, like kjappe som step-in. Til og med på svært mjuke sko fungerer dei bra. Viss du vil ha nokre som du kan bruke på skisko så kan du vurdere Grivel G10W som er breie framme. Men dette er stegjern med mykje kortare piggar og for mindre ekstreme forhold. Eit anna godt valg er Salewa 12-tagger DRU stegjern (http://www.salewa.com/index3.asp). Same oppbygging som Grivel, lettare å stille og rimelegare, men ikkje så slitesterke. Ove
  5. ove

    Folgefonna

    Det er veldig finit å gå frå Reidsete og over nordfonna, eg gjekk der for 3 år sidan. Inngangen vi brukte var rett vest for Rjuken. Men vi sleit med avgangen og vart forseinka. Gå fram på Svartedalshorga og finn punkt 1396 moh. Rett sør for dette punktet, nesten heilt ute på kanten, begynner eit skar som går rett vestover. Finn skaret og gå på sørsida av dette nedover ryggen til vatnet (980 moh). Her er du avhengig av god is, elles må du over fjellet på vestsida (1158 moh). Nedgangen krev godt ver sidan du må orientere mot eit stup. Vi rota som sagt her og måtte overnatte ved vatnet (980 moh), det er veldig lett å gå ned for tidleg. Oppgangen til Holmaskjer er enkel, pass berre på dumpa bak 1464 moh viss sikta er dårleg. Vi klarte å gå frå vatnet 980 moh til Sauanuten på ein dag utan å stresse, så avstanden Holmaskjer-Sauabrehytta bør gå fint. Vi gjekk også av her og observerte litt sprekker i den bratte bresida 2 km rett vest for Kvannanuten. Gå ned bakken midt mellom denne bresida og høgde 1236 moh. Det er litt vanskeleg å treffe, og ein ser ikkje sprekkene ovanfrå. Vi brukte GPS, men i bra sikt bør det gå greitt utan. Vel nede på siste breflata er det truleg berre å gå rett mot Sandvike-kjeften og hytta. Hugs også å unngå inntaket til Buerbreen på vegen frå Homaskjer, hald godt oppe på høgda når denne vert passert. Normalt bør ein slik skitur fint la seg gjennomføre på denne tid. Det er lite snø så du må rekne med å bære skia eit godt stykke, men det er verdt det ! Ove
  6. ove

    Folgefonna

    Hei Ragnar ! Det er nok lite snø på Folgefonna, men eg kjenner ikkje detaljane i år. I midten av juni bør det gå greitt å gå på ski viss du unngår brefalla og inntaka til brefalla. Særleg ovanfor Buerbreen og Bondhusbreen er det store sprekker så det gjeld å halde bra avstand. På ein slik skitur treng du ikkje stegjern. Tau og isøks og sikringsmiddel kan være greitt å ha med, det spørs kor erfaren du er i vegval. Oppgangar frå Buer til Folgefonna : Opp ein dal som heiter Langgrød til Langgrødbotnen. Så opp ryggen og inn på breen ved høgde 1404. Her er det lite sannsynleg å treffe på sprekker, og det er kort over til Fonnabu. Turen tek omlag 5-7 timar, avhengig av form og størrelsen på sekkane. Utsikta til Buerbreen er flott under heile oppstigninga. Det er også muleg å gå på sørsida av Buerdalen til Buervatnet og inn på breen enten via Reinanuten (følg ryggen) eller via Svartnut (følg Røyrgjuv). Men dette vert lenger, og du må gå i ei god bue utanom inntaket til Buerbreen. Inn frå Reinanuten må du rekne med sprekker. Eg anbefaler den første turen, men begge er fine. Rekn med å bere skia eit godt stykke. Alternativt kan de gå til fots, men då i tau sidan det er langt lettare å få eit gjennomslag til fots enn på ski. Holmaskjer er eit flott utsiktspunkt ! Ove
  7. ove

    Øksfjordjøkulen

    Hei Erling ! Eit godt tips er å kjøpe boka 'Breføreren' hos Den Norske Turistforening (tlf 22822800 - butikk i Storgata i Oslo). Der står det meste av dei rutene som fins på norske brear. Kapittel 11.1 er om ei rute opp på Øksfjordjøkulen frå Tverrfjord. Det er også muleg å gå frå Nuvsfjord og Jøkelfjorden (kart 1735 II Øksfjordjøkulen). Denne boka vil du ha stor glede av ! Ove www.bre.no
×

Viktig informasjon

Ved å bruke dette nettstedet godtar du våre Bruksvilkår.